27.07.2013 Views

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Avlsgardar, paktargardar og lystgardar

Det har vore hevda at opphøginga og

idoliseringa av den norske bonden

blant embetsmenn på slutten av 1700og

byrjinga av 1800-talet i like stor

grad som det er eit uttrykk for ein internasjonal

trend, eit «natursvermeri» ,

òg var uttrykk for at embetsstanden

sjølv i ikkje liten grad opererte som ein

slags storbønder på sine prestegardar

og sorenskrivargardar. 22 Christie busette

seg som nemnd i Bergen då han blei

sorenskrivar i Nordhordland, men det

blei òg diskutert å skaffa ein sorenskrivargard.

Bustaden ved Stadsporten

kjøpte han i 1810, eit hus med seks

rom som både var bustad og kontoradressa

hans i byen. 23 Men i 1812 foreslo

han at ein av Reigstadgardane ved Valestrandsfossen

på Osterøy blei vald

som bustad og tilhaldsstad for sorenskrivaren.

Dette var ein stad han meinte

hadde ei god plassering ved at det

var omtrent like langt frå områda

lengst ute ved havet som dei «øverste

Fjelds Gaarde inde i Landet» . 24 Det

heile stranda på at utgiftene ville bli for

store for Christie personleg. På dette

tidspunktet hadde han altså likevel

allereie blitt gardeigar, om han ikkje

fekk nokon eigen sorenskrivargard,

blei han som mange andre byfolk jordeigar

i Fana. 25

Det var lange tradisjonar for at byborgarar

og embetsmenn i Bergen eigde

jord i Fana. Områda kring Bergen var

faktisk lenge blant dei med lågast grad

av sjølveigande bønder i heile Noreg,

og frå mellomalderen av var mykje

eigd av kyrkjelege institusjonar, etter

reformasjonen også av kongen. 26 Mykje

av kongsgodset blei seld ut på slutten

av 1600-talet til adelsmenn, embetsmenn

og borgarar i tillegg til at ein

i hundreåra fram mot 1800 fekk ein

større del sjølveigande bønder i bynære

område som Fana. Frå gammalt av var

det vanleg at også borgarar åtte gardar

i Fana, Laksevåg, Åsane og Arna som

blei drivne av leiglendingar (som hadde

livtidskontraktar), men etter kvart

kom også såkalla «avlsgardar» der

byfolka meir direkte var involvert i

gardsdrifta ved at dei dreiv garden

gjennom forvaltarar og tenestefolk og

brukte overskotet til matauk i byhushaldet

eller på anna vis tok inntekter

av garden. 27 Utover på 1700-talet

blei det vanlegare at byfolka leigde

bort gardane til paktarar som betalte ei

årleg avgift til eigaren, men elles dreiv

garden utan særleg innblanding frå

eigaren inne i byen. 28 Paktarane hadde

gardane på åremål og i motsetning til

leiglendingane kunne dei ikkje rekna

med å sitja lenge kvar stad – i Fana var

det vanleg at dei skifta gard etter nokre

år. 29

På 1700-talet blei det vanleg at gardsinvesteringar

òg fekk ein annan funksjon

enn den reint økonomiske: Borgarane

og embetsmenn sette opp standsmessige

herskapshus, lagde hagar eller

parkar og nytta gardane som sommarresidensar

der ein kunne halda hus for

eit landleg kondisjonert selskapsliv. 30

På slike gardar – såkalla lystgardar –

hadde ein framleis paktarar, men hovudfunksjonen

var ikkje først og

fremst inntening. Mange av desse gar-

Bergensposten 3 / 2012 23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!