27.07.2013 Views

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

Les anmeldelsen av Bjørn Davidsen i Bergensposten, s ... - NORDIKI

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

dom, at Christie vende tilbake til Bergen

etter at han hadde vist seg som ein

dyktig politikar i 1814. Dette må modifiserast:

Verken sorenskrivarembetet

eller stiftamtembetet med sete i landets

største by var underordna stillingar.

Stiftamtmannsembetet viste seg å krevja

ei stor arbeidsmengd og kombinert

med sjukdom gjorde dette at Christie

måtte seia frå seg stillinga i 1825. Frå

og med dette året var det i hovudsak

Bergens museum han sysla med. Rettnok

blei han frå 1828 tollinspektør i

Bergen, eit innbringande, men langt

mindre arbeidskrevjande embete enn

stiftamtmannembetet, og rettnok sette

han spor etter seg på ei rekke felt innan

styre og stell i byen. Hovud- og favorittgjeremålet

blei frå no av likevel det

han omtalte som «musæiske Sager, der

skaffe mig saamegen sand Fornøyelse

og behagelig Beskjæftigelse.» 12

Når Christie hadde den familiebakgrunnen

han hadde, er ein karriere

av den typen han fekk slett ikkje så

overraskande. Som historikaren Øystein

Rian skriv var embetsmennene

«bundne saman i store nettverk» og

foreldre og familie investerte i oppseding

og utdanning, hjelpte kvarandre

med å skaffa embete til borna, og ekteskap

blei brukt for å styrka gamle band

eller etablere nye – familiane var

«føderasjonar som hjelpte kvarandre

fram til måla» . 13 Christie blei rettnok

aldri gift – det er ei anna historie 14 –

men det er ingen tvil om at bakgrunnen

hans var avgjerande for at han fekk den

utdanninga og dei moglegheitene til å

gjera karriere som han fekk.

Christie si familiehistorie er òg eit godt

døme på at det ikkje var tette skott

mellom embetsmenn og borgarar/

kjøpmenn, snarare var det høg grad av

mobilitet mellom dei to «stendene» ,

og ein kombinasjon av embete og næringsverksemd

var snarare regelen enn

unntaket i familien, noko både faren

Johan og onkelen Werner er tydelege

døme på. Historikarane talar ofte om

«embetskjøpmenn» - noko som høver

godt på Christie sin bakgrunn. 15 Slik

kan ein snakka om eit fleirsysleri også

i embetsstanden: Ein hadde sjeldan

berre gasje som inntekt, i staden var

det snakk om sportlar, eventuelt bestikkelsar,

og i stor grad dreiv ein òg næringsverksemd

utanom embetet. Det

økonomiske grunnlaget for embetsstanden

var altså mangfaldig, og jordeigedommar

var ein del av dette biletet.

«Driver Jordbrug»

Ein god del har vore skrive om Christie,

mellom anna utførlege avhandlingar

om han som politikar i 1814, som

stiftamtmann og som sorenskrivar. 16

Ein del kjeldemateriale, som korrespondanse

og dagbøker, har vore publisert

og kommentert av Bergen Historiske

forening, særleg av Knut Nygaard

og A. M. Wiesener, Christie si rolle for

skipinga og drifta av Bergen Museum

har vore omtalt fleire stader, 17 og ikkje

minst har Christie sitt virke i 1814 og

på Stortinget i dei følgjande åra vore

behandla i ulike verk om norsk politisk

historie. Historikarar som Sverre Steen

og Halvdan Koht har gjort han til ein

slags nasjonalhelt, og Christie er då òg

Bergensposten 3 / 2012 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!