26.07.2013 Views

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Side 8 av 8

Rasmus er einebarn. Familien flytta frå eit husvære i sentrum til drabantbyen. Guten har hatt

mykje sjukefråvær etter at han kom til Nymoen skole.

Av ein rapport frå Bergveien går det fram at Rasmus er sein og fomlar med alt. Han har til

dels store konsentrasjonsvanskar og er tydeleg engsteleg, særleg i samveret med dei andre

barna. Rasmus er lukka og tar få sosiale initiativ. Han stotrar mykje når han snakkar og har av

og til tendensar til stamming. Han sit mykje i eigne tankar og må stadig ”vekkjast” i timane.

Han treng mykje hjelp for å kome i gang med fagleg arbeid på skolen, men klarer seg

nokolunde slik som venta for årstrinnet.

Nymoen skole har ikkje følgt opp Rasmus så grundig som rapporten skulle tilseie. Fleire

lærarar har ved inspeksjon registrert ein del tumultar rundt guten. Ein dag sto ein flokk

medelevar og krafsa etter han og ropte: ”Mikromus” - eit klengjenamn som har blitt

hengjande ved han, liten og spinkel som han er. Rasmus seier sjølv ingenting om plaginga.

Kontaktlæraren har ved overgangen til nytt semester lagt situasjonen til Rasmus fram for

rektor.

Foreldra blei før jul kalla inn til samtale av kontaktlæraren. Berre mor møtte. Mor fortalde at

far ofte er irritert på Rasmus og skjenner på han for fomlinga hans. Guten tek da oftast til å

gråte og gøymer seg bort. Han har ikkje fått nye kameratar dit familien flytta og saknar Arne,

venen sin frå byen. Far synest ikkje Arne er noko godt selskap for Rasmus og har prøvd å

nekte dei å være saman. Men Rasmus har fleire gonger stukke av til byen etter at dei flytta, og

faren har funne han saman med Arne.

OPPGÅVE:

Vurder Rasmus sin situasjon heime og på skolen ut frå relevant teori.

Kva ville du som kontaktlærar starte med for umiddelbart å betre

situasjonen hans? Ta utgangspunkt i prinsippet om minste inngrep.

Kva må skolen skaffe seg grundigare kunnskap om for å kunne gje

Rasmus den hjelpa han treng?

Drøft mål for tiltak som kan gje ein betre skolegang for Rasmus på

kort og lang sikt. Vurder både systemretta, relasjonelle og

individuelle tiltak. Vurder og i kva grad det er relevant å trekkje inn

hjelpeinstansar utanfrå og vis korleis desse kan bidra til å betre

situasjonen for eleven.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!