26.07.2013 Views

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SP130 (ordinær eksamen) - Høgskolen i Sør-Trøndelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Side 6 av 8

Teamet ditt er sett saman av Andreas (35), Bjørg (33) og deg. Andreas og Bjørg har følgt

elevane frå fyrste trinn. Du er ny på skolen dette året. Teamet verkar samkøyrd og i høg grad

opne for nytenking og fleksible løysingar. Andreas har lærarskule med tilleggsutdanning i

drama og musikk. Bjørg er utdanna førskulelærar, og har seinare tatt småskolepedagogikk. Du

er sjølv utdanna spesialpedagog og har difor eit særleg ansvar for å ta deg av dei

spesialpedagogiske oppgåvene på trinnet. Du kjenner deg godt tatt vare på som medlem i

lærarteamet.

Du har fått rollen som kontaktlærar for 12 elevar, og du oppdagar tidleg at føresetnadene er

veldig ulike hos elevane. Elevgruppa har sju gutar og fem jenter. To av elevane har

framandspråkleg bakgrunn. Det er ei polsk jente som har budd i Noreg i omlag eitt år, og ein

gut frå Pakistan som kom til landet som toåring. Begge desse elevane har

morsmålsundervisning, og den polske jenta har norsk som andrespråk eit par timar i veka.

To av gutane er bestekameratar som gjer det veldig skarpt i alle skolefaga. Tre andre av

gutane er aktive, men temmeleg ukonsentrerte. Dei liker best av alt å sparke fotball og leike i

skolegarden saman med andre på trinnet med same interesse. Leiken kan somme tider vere

ganske voldsam. Den breier seg òg til skolelandskapet, og av og til har det vore naudsynt å

gripe inn for å dempe aktiviteten til desse gutane.

Dei fem jentene er jamt over språkleg sterke, sterkare enn gutane. Den verbale dugleiken

deira kjem tydeleg til uttrykk i samlingsstunda kvar morgon, der forteljargleda er nesten utan

grenser. To av jentene ser ut til å kjempe om hegemoniet i klassen. Dei vil gjerne ha

innverknad, ikkje berre over jentene, men over heile elevflokken. Resten av jentene, i alt tre

av dei, har gode sosiale eigenskapar. Dei tre held mykje saman, dei liker å lese og skrive, og

du opplever dei som skolemotiverte og positive i dei fleste samanhengane.

Gjermund er ein gut som ikkje har vore nemnt til no. Han er ein forsiktig type, spinkel og

liten av vekst. Han verker på mange vis umoden for alderen og han er òg litt klossut motorisk.

Språket kan verke noko barnsleg, og tilfanget av omgrep let til å vere mangelfullt på ein del

område. Ofte kjem han krypande og vil sitje på fanget ditt i morgonsamlinga. Du har inntrykk

av at han nytter eitkvart høve til å få fysisk kontakt med deg som vaksen. Men han søkjer

ikkje kontakt med dei andre elevane, og du har fleire gonger observert at han blir oversett

eller avvist i situasjonar der elevane skal samarbeide. Dette gjeld òg i leik ute. Du har og lagt

merke til at han som regel er den siste til å kome seg ut av rommet når det er friminutt, og da

pleier han å nytta høvet til å venda seg til deg om saker som ligg han på hjartet. Ofte vil han

snakke om hunden sin, som er den store interessa hans, og som han har stor omsorg for. Han

har òg besteforeldre eit stykke frå byen. Dei nemner han ofte i slike samtalar. Dei har gard

med både kyr, høns og griser. Her er han ofte på vitjing. Han har ein eldre bror som går i

ungdomsskolen, men det verkar ikkje som dei to brørne har særleg mykje kontakt på fritida.

Gjermund sit mykje på rommet sitt når han har fri. Da høyrer han på musikk eller ser på

video. Han er spesielt interessert i Harry Potter og liknande fantasiforteljingar.

Ein dag dei andre elevane har forsvunne ut av rommet, sit han att aleine på plassen sin, og du

oppdagar ei tåre i augekroken hans. Når du spør kva han tenkjer på, vil han fyrst ikkje fortelje

deg noko. Men etter å ha sete på fanget ditt ei stund og tvinna fingrane sine, kviskrar han:

”Det er ingen som vil vera saman med meg”. Du prøver å trøyste han, men han verker ganske

utrøysteleg. Du tenkjer at situasjonen blir opplevd som alvorleg for Gjermund.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!