26.07.2013 Views

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lagfinalen

for han spela uheldig, men katastrofalt kløver sju

ut. No er det berre å sjå på småkorta: Knekten

krev dama og esset, og alt som då manglar i

sorten er kongen og nia. Utspelet kan vera frå

konge, ni, sju, liten, også då er alt is og brus,

men mest sannsynleg er det singelton eller frå to

småe. Uansett skal speleførar naturlegvis berre

ta ut trumfen og spela kløver fem, og leggje

lågt i bordet når vest legg lågt. Aust får for nia,

men etterpå trumfkuttar ein opp den uteverande

kongen hans, og får kasta to hjarter på ståande

kløver i bordet. Slik gjekk diverre ikkje spelet, og

då sør seinare òg oversåg ein skvis det låg an til

mot aust, gjekk han ei beit som nok var velfortent.

Men Kristiansand vann spelet, då heimdalingane

i det andre romet kom i 7 spar og gjekk tri dobla

beit!

Av medlemene på vinnarlaget er det spesielt

underhaldande å fylgje med på Jim Høyland.

Ein meir fryktlaus spelar skal ein leite lenge

etter, noko han prova i kampen mot Tromsø.

Fylgjande spel tok vel kanskje den aller største

sjokoladekaka:

6

♠K76

♥KQ82

♦QJ8753

Du sit med denne vifta og høyrer 3 kløver bak

deg, pass og 3 grand til høgre. Du er i blodsona.

Gjer du noko? Kva om det i staden går 3 kløver,

pass, 5 kløver? Problemet her er jo klassisk: Ein

veit ikkje om høgre motstandar melder fordi

han faktisk har kort, eller om han berre freistar

å narre deg. Men ein har iallfall sett ein pass hjå

makker, så han er vel neppe lasta. Likevel kan

det naturlegvis stå mykje hjå eiga side ... Geir

Helgemo fekk meldinga 3 grand imot seg, og var

i ettertid godt nøgd med at han greidde å lire av

seg 4 ruter, som Kristoffersen lyfte til utgang.

I post mortem-analysen måtte Helgemo vel å

merkje medgje at han aldri ville greidd å melde 5

ruter om han i staden fekk 5 kløver mot seg –

men dét gjorde Jim Høyland i rama! 5 ruter på

eiga hand i blodsona på dei korta der, det krev sin

mann. Men idet det gjekk pass rundt var det klårt

at det iallfall ikkje vart noko blodbad, og floppen

var reine julekvelden. Heile spelet:

♠32

♥74

♦A106

♣QJ9863

N

♠K76 ♠AJ104

♥KQ82

V

♦QJ8753

G

Ø

♥10963

♦K42

♣- ♣102

S

♠Q985

♥AJ5

♦9

♣AK754

5 ruter var vel ikkje akkurat nokon vasstett

kontrakt, men det måtte hjarter ut til dukk for

å beite han, noko som naturleg nok ikkje vart

funne. Ikkje overraskande vart Helgemo og

Høyland åleine om å notere vunne utgang på

spelet.

I tridje runde heldt Bergen stø kurs med siger

25-3 over heimelaget, i ein kamp der Namsos

knapt kom på papiret i det heile. Sjølv såg eg i

denne runden på det oppgjeret eg kanskje framfor

alle hadde gledd meg til, mellom trønderlaga

Heimdal og Studentane. Petter Tøndel på

sistnemnde lag vart faktisk utslått av nettopp eit

velspelande Heimdal i fjerde runde utslagsrunde

i NM klubblag, forresten på lag med underteikna.

Men han vart henta inn som forsterking på eitt

anna studentlag saman med Fredrik Simonsen,

som ikkje rakk å spela så mykje som ein

halvkamp i grunnspelet før det sterke laget hans

i Oslo, dit han flytte frå Trondheim i fjor haust,

svært overraskande vart utslått. Eg forventa meg

ein interessant kamp og fekk det. Mellom anna

var det nokre instruktive utgangsspel å observere.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!