26.07.2013 Views

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

Nr. 2 - 2012 - 15 MB - Norsk Bridgeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lagfinalen

Gull til Bergen

Av Erlend Skjetne

Årets lagfinale vart den jamnaste på veldig mange år. Bergen hadde leiinga

frå start, men midtvegs tok Heimdal over og såg ut som svært sannsynlege

vinnarar. Etter ei forrykande avslutning vart det likevel Bergen som kapra

gullet.

Namsos vann NM klubblag i 2010, og i år

hadde dei mange entusiastane i denne sterke

og føretaksame klubben altså sjølve sikra seg

arrangementet. Finalen gjekk føre seg på det nye

hotellet Rica Rock City midt i Namsos. Allereie

på opningsseremonien fekk ein eit innblikk i den

musikalske kulturen i byen, då kjendisen Thomas

Brøndbo gav ein eksklusiv minikonsert med

nokre fengjande songar vi gjennom helga fekk

høyre mange bridgespelarar nynne vakkert på.

Feltet var ikkje fullt så sterkt som i fjor, men

heller ikkje vesentleg veikare. Som den patrioten

eg er, hadde eg naturlegvis tippa Heimdal

på fyrsteplass, men såg på det meritterte

fyrstedivisjonslaget frå Bergen, og ikkje minst

dei farlege fjorårsvinnarane Tromsø, som serleg

4

aktuelle utfordrarar. Heimelaget, Studentane

og Kristiansand kunne ein naturlegvis heller

ikkje avskrive, men alle desse laga mistenkte eg

ville bli for ustabile. Lillehammer og Drammen

vurderte nok dei fleste som endå meir ujamne,

slik at dei neppe var gjevne store medaljesjansar.

Spådommane såg noko lunde riktige ut då Bergen

innleia med storsiger 25-3 over Drammen,

Kristiansand med tilsvarande siffer mot

Lillehammer, og Tromsø med solide 19-11 mot

Studentane, medan Namsos byrja fint med siger

17-13 over Heimdal.

Peter Marstrander fekk sjansen til å briljere i dette

spelet mot Studentane, men det skulle til slutt bli

ein alternativ, ikkje så vakker måte han lyktest på:

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!