26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

24 år gamle minnet. – Likevel er det på mange

måtar den beste konsertopplevinga mi. Trass i at

vi sto fire timar i kø framfor ein rusten ishall med

dårleg akustikk. Men, det var første gong vi såg

heltane.

Han tek ein liten pause før han slår ut med hendene.

– Åh, men det er vanskeleg å velje. Konserten

i Royal Albert hall i fjor var også heilt magisk.

Dei spelte heile Scoundrel Days og heile Hunting

High and Low albuma. Låt etter låt. Vi visste nett

kva som kom og song med. Det var så taket løfta

seg. Eg må innrømme at eg blir rørt i slike settingar.

Eg gret, og kameraten min gret. Men det var ikkje

så farleg, vi var blant corefans.

Har du møtt a-ha-medlemmene?

– Jada, ved nokre få høve. Eg er ikkje så glad i å

vente på baksida av Spektrum der dei står med

kulepennane og skriblar ned noko i all hast. Men

det var blant anna ein gong i Bergen. Det er forresten

einaste gongen eg har selt kroppen min til

media. PA gestikulerer blidt og ivrig. – Eg kontakta

Bergens Tidende og sa eg hadde verdas største a-ha

samling. Dersom dei kunne skaffe meg tilgang

back stage kunne eg vere med på eit intervju. Jo da,

det gjekk i orden. Og da fekk eg oppleve litt av den

indre dynamikken i gruppa. Journalisten hadde eit

svare strev med å få samla dei uvillige medlemmene

for at dei skulle ta eit bilete saman med meg. Og eg

som hadde trudd at dei var bestekompisar.

Hunting High and Low let seg ikkje spele av lenger. Den er

heilt utsliten, men utan den hadde det ikkje vore noko anna

heller, seier PA Stenersen. Foto: Ketil Born

Kjem Project Avatar til å innehalde mykje om

uvennskap og svik?

– Dei har skrive låtar om frustrasjon innbyrdes i

gruppa, og det skal eg skrive om. Men sladder og

lause rykte held eg meg unna. Eg gir blaffen i om

dei har krangla mykje desse 25 åra. Det viktigaste

er at produktet er bra. Og det er nok som Harket

seier: i kranglinga og friksjonen blir det skapt noko.

Synest du det er på tide at dei gir seg?

– Dei har drege ein Dæhlie og Koss og gir seg på

topp, men eg synest godt dei kunne ha pusha eit

par album til. Dei har materiale nok til det.

PA Stenersen på si side har meir enn nok

materiale både for nerdar og dei heilt vanleg musikkinteresserte

til å fylle tre bind om a-ha.

– Dette arbeidet har ein verdi. a-ha er ein viktig

del av den norske kulturarven. Dei er størst i norsk

pop- og rockhistorie. Den historia har eg lyst til å

vere med på å skrive nokre kapittel i. Det er vel så

viktig som Ibsen og Hamsun. Og dei var for hundre

år sidan. a-ha er no.

53

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!