26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Å gå gjennom gangen hos EMI i Karl Johans gate

er litt som ei rask tidsreise. Ved kvar passering av ei

open kontordør strøymer lyden frå ein ny musikkepoke

mot den forbipasserande. Ei av dørene er den

siste, for å rappe ein liten strofe frå Dumdum Boys,

og i denne settinga verkar det heilt rett å gjere nettopp

det. Bak denne jobbar Marit Håkonsen. Det

har ho gjort lenge.

– Ja, eg starta i EMI på slutten av 60-talet. Var

sekretær og promobabe på artist- og repertoaravdelinga,

smiler ho.

Etter at ho hadde jobba der eit halvt år, skulle

EMI gjere ei lagerkutting. I praksis ville det seie at

all vinylen som låg på lager skulle gjennomgåast for

så å kaste det som ikkje lenger selde så godt.

– Eg meinte vi burde ha eit arkiv for det vi kutta,

og så tok eg til å samle tre–fire eksemplar av kvar

slik at vi hadde dei for alle tilfelles skuld. Sidan blei

det jo lovpålagt å levere, men den gongen var det

ikkje slik. Marit hentar fram ei gammal, slitt notisbok

frå ei av hyllene. – Dette er den første boka eg

noterte i. Ho blar forsiktig i dei lett gulna sidene.

– Her er den første skiva eg har notert.

Eg følgjer peikefingeren hennar langs orda

«April 1969, Oddvar Nygård, Dansen går».

– Det er mykje lettare å dra fram vinylen enn å

gå tilbake til studiotapane. Ja, og det er mykje meir

informasjon på plateomslaga enn det er på tapane.

Og det er jo nyttig.

Marit Håkonsen var 21 år da ho på eige initiativ

tok til å arkivere vinyl i EMI. Ho forklarer ønsket

og interessa med oppsedinga si. – Vi var oppdregne

til å passe på tinga våre. I dag er nok samfunnet

meir prega av ein bruk og kast-mentalitet. Ja, og så

er det noko med vinylen.

Ja? Kva er det med vinylen?

– Jo, overgangen frå steinkaka til vinyl er som å

gå frå bålbrenning til peis. Det er eit kjempesprang,

men den digitale lyden synest eg er for flat, så eg

sver til vinylen. Men for mange er det jo ein heilt

ukjend dimensjon.

Ho ler.

– Barnebarnet mitt var på besøk og fekk auga

på eit Iron Maiden-album. Han tok det opp, kikka

nysgjerrig på det. Kva er dette, mormor? Og eg

svarte som sant var at jo, det er ei LP-plate. Det er

musikk.

Da såg han heilt vantru på meg. Går det an å

spele dette?

Vi ler litt av kor håplaust gammaldagse nokre av

referansane våre er. Men det aldri så vesle islettet av

vemod som kanskje kunne anast i felleshumringa,

blir feid unna av Håkonsen.

– No er det somme som også vil gi ut eit lite

opplag med vinyl. Slike som Big Bang og Madrugada.

Joda, det er nokre som framleis sver til dei

gamle formata.

Det gamle formatet er altså sirleg arkivert i

ei slitt notisbok frå 60-talet, og er på den måten

med på å tette arkivhol også i Nasjonalbiblioteket.

– Samarbeidet går begge vegar, forklarer Marit. –

Somme gonger får vi spelt over vinyl frå Nasjonalbiblioteket,

andre gonger er det omvendt.

– Du veit, når eg går i arkivet er plateomslaga

som gule post it-lappar bakover i historia. Dei

får meg til å hugse. Eg kan få auga på eit omslag

som straks får meg til å sjå bestefar sveive opp

grammofonspelaren. Den var brun med bestemors

hekla duk over. Vi ungane sat i sofaen på rekkje og

rad og lytta andektig.

Marit Håkonsen returnerer frå barndomsminnet,

og ser direkte på meg.

– Musikkarkivet er ein del av historia vår. Den er

viktig, og ferdig med det.

51

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!