26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

sertar med både kjent og ukjent musikk. Det var

svært vellykka. Så, vi fekk blod på tann. Og da var

ikkje vegen lang til Wergeland, Grieg, Welhaven og

Hamsun. Eg er blitt ein slags misjonær for norsk

musikk. Eg tek den med ut av landet, presenterer

den i masterklasser i Sverige, og elles i Europa.

Det er spesielt ein Grieg-melodi som dei, og eg, er

svært glad i. Dig elsker jeg, heiter den. Folk trudde

eg ikkje forsto kva den eigentlig heiter. Ja, fordi eg

er svensk, så eg blei retta. Det heiter «jeg elsker

deg». Ho ler hjarteleg. – Men, denne melodien

heiter altså Dig elsker jeg.

Korleis er den eigentleg? Eg spør litt nølande,

usikker på om ukunna mi vil bli teken ille opp.

– Vil du høyre? Barbro er oppe av stolen, og

vips, borte ved flygelet.

Og så speler ho, og syng. Og melodien er melankolsk

og romantisk og vakker, for liker ein ein

song høyrest det jo, som pedagogen sjølv seier om

framføringar frå eigne studentar.

Framfor kvar konsert i Nasjonalbiblioteket får

Barbro Marklund-Petersone oversendt ei mengd

songar frå samlinga. Framfor Grieg-konserten

gjekk ho igjennom 170 melodiar. Kvart program

inneheld 17–18 songar. Melodiane blir sett saman

slik at dei passar både når det gjeld tekst, melodi og

tempo. I tillegg er dei tilpassa dei stemmene ho har

til rådvelde. – Vi vil gjerne løfte fram både kjent

og ukjent i same konsert. Folk skal få noko dei

kjenner, og noko dei aldri tidlegare har høyrt. Ofte

har vi skodespelarar som les tekstane før dei blir

sungne. Akustikken er kanskje litt tørrare enn vi

skulle ønskje oss, men ikkje så tørr at det ikkje blir

bra. Ja, og så står det jo eit utruleg bra Steinwayflygel

der. Pianistane hoppar jo i taket, songpedagogen

smiler nøgd. – Denne typen konsertar er

jo tradisjonelt sett haldne i salongar, så dei eigner

seg godt i små rom. Publikum kjem så nær, og det

styrkjer også artistane. Ja, og vi har nokre stamgjester,

og det er svært hyggjeleg. Vi har blant anna ei

dame på første rad. Etter siste konserten kom ho

bort til meg og sa, Kvar gong eg går hit er eg så glad,

og når eg går heim græt eg fordi eg er rørt. Det er ein

kompliment. Da har vi lykkast, føler eg.

Neste konsert er i Nasjonalbiblioteket

22. oktober.

41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!