Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Dig elsker jeg; om songen,

musikken, Nasjonalbiblioteket

og ein songpedagog

INGJERD SKREDE

40

Ein merkar det med det same. Energien, overskotet,

entusiasmen over eige fag og gleda ved å formidle

det. Eg følgjer Barbro Marklund-Petersones

energiske, raudkledde rygg inn på kontoret hennar

på Musikkhøgskolen der ho har vore songpedagog

i 18 år. Langs veggene, på golvet, oppå bordet, i

alle hyller er det store stablar med noter, partitur,

mapper og bøker. Midt i rommet tronar eit blankt,

svart flygel. Kontor med flygel. Eksotisk.

Saman med Nasjonalbiblioteket er ho ansvarleg

for rekkjer av konsertar som ved fleire høve er

haldne i biblioteklokala på Solli plass.

Foto: Ketil Born

– Det heile starta i Ibsen-året. Magne Seland i

Nasjonalbiblioteket foreslo meg som produsent for

eit prosjekt der vi skulle undersøkje kva som fanst av

ibsentekstar til opera. Barbro Marklund-Petersonesnakkar

fort, svensk og muntert. – Eg må seie eg blei

svært smigra over at eg skulle gjere Ibsen. Det finst

vel knapt noko meir norsk enn han. Ja, så eg tok til

å grave. Visste du at Agnes min deilige sommerfugl,

finst i sju ulike versjonar om eg ikkje hugsar feil? Ho

smiler bak briller med raud innfatning.

Eg rekk så vidt å riste på hovudet før ho held

fram. – Første året arrangerte vi fire Ibsen-kon-