26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sjefsteknikar og forskar ved

fonogramarkivet i Wien,

Nadja Wallaszkovits

bygningen finst det band frå Nasjonalbiblioteket.

Banda kjem frå Norsk Radiohistorisk foreining og

er truleg frå krigens dagar, kan Nasjonalbibliotekets

Lars Gaustad fortelje.

– Signala på banda er svært dårlege, seier Nadja,

og det kan høyrast ut som eit menneske som testar

noko. Men, førebels er ho usikker.

Heilt sikkert er det at dei norske lydbanda er i

dei beste hender. For få år sidan fekk Nadja nokre

gamle, slitte lydband som etter seiande inneheldt

stemma til den tidlegare vietnamesiske presidenten

Ho Chi Minh.

– Det var det verste eg hadde høyrt, smiler

Nadja. – Men, eg tenkte, la oss prøve å hjelpe. Her

må eg vere praktisk. Eg prøvde husmortrikset.

Det som trugar dei gamle banda er det Nadja

kallar «eddiksyndromet». Ein kjemisk prosess får

bandet til å krympe. Kjedene som held molekyla

saman blir øydelagde, og når prosessen startar får

du ein kjedereaksjon som til slutt tørkar ut bandet.

I verste fall er det berre pulver i boksen når du

opnar den.

– Vatn og varme er hovudfiende nummer ein,

forklarer ho, – vi måtte derfor finne ein annan måte

å tilføre fukt på. Noko som ikkje fordampa, men

som acetatbandet klarte å bevare.

I nært samarbeid med Kunststoffinstituttet

i Wien fann ho det ho leitte etter. Eit stoff som

mjukgjer bandet lenge nok til at det er mogleg å

digitalisere. Prosessen skadar ikkje bandet, og i

verste fall vil den vende tilbake til den opphavlege,

tørre tilstanden.

– Her har vi framleis ein jobb å gjere.

Nadja hentar fram før- og etter-bilete av

behandla band. – Sjå på dette her, vi kallar det

eiker.

Ho peiker på dei symmetriske forhøgingane

på tvers av bandet. På det neste biletet er eikene

framleis synlege, men mindre. – Vi må gjere fleire

studiar på dette. Det vil ta tid. Utfordringa er å

klare å stabilisere tapen for dei neste ti åra. Dei

neste hundre. Førebels er det ein prosess, og ikkje

eit produkt. Eg ønskjer å gjøre det til eit produkt.

Men prosessen er i gang, og metoden patentert.

Ei lita stund blir vi sittande i det stille kontoret

og sjå på bilete av band i ulike stadium av øydelegging.

– Det er nesten så ein kan høyre lydane frå

dei, kommenterer Nadja, og ler. – Eg er litt nerdete

når det gjeld desse greiene. Men no skal eg ta deg

med til eit verkeleg stemmesurr.

Bak ei stor dør på den andre sida av gangen

strekkjer rekkjer av reolar seg mot eit høgt tak. På

voksrullar, plastplater, band og metalltrådar snurrar

lyden av musikk, menneskestemmer og dyrelydar

seg i innestengde sirklar. – Vi restaurerte eit arkiv

som Heinrich Himmler fekk samla. Det var ei stor

utfordring, men opptaka var gjorde på magnetband

som er produserte mellom 1939 og 1942. Det

er jo tidleg for magnetisk tape, men den gongen

produserte dei band av spesielt høg kvalitet, så vi

fekk gode resultat.

Vi har mykje interessant og rart. Ho hentar

fram ei gammal bok frå ei av hyllene, og blar

forsiktig i sprø sider. – Sjå her, dette er den første

arkiverte stemma i denne samlinga.

Sida er fylt med sirleg handskrift. Dato, namn,

nummer og ein lang tale. Alt underskrive med

snurkelskrifta til keisar Frans Josef I av Austerrike.

– Dei samla kjende stemmer. Her finst skodespelarar,

professorar, ja, og ein keisar, smiler ho, og

lukkar boka forsiktig.

Og så skulle ein kanskje tru at det med det blei

stille. Men stemmene følgjer oss. Godt hjulpne av

Nadja Wallaszkovits’ nyutvikla teknologi som reddar

lyden av språk ingen lenger snakkar og gamle

opptak frå Nasjonalbiblioteket.

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!