26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Foto: Ketil Born

Quiet Parties

Har du nokon gong opplevd å møte venner

på ein pub eller ein bar og ha vanskar

med å føre ein samtale fordi musikken

blir spelt for høgt? I 2002 hadde to

amerikanske musikarar fått nok av dette

og lanserte konseptet Quiet Parties. På ein

slik «stillefest» kommuniserer deltakarane

ved å skrive lappar til kvarandre, og det

er berre éin viktig regel; det er ikkje lov å

snakke!

If you can’t beat them, join them.

Silent disco

Det ser kanskje rart ut, men Silent disco

har blitt svært populært og da særleg

på somme musikkfestivalar. Det finst

ingen høgtalarar i lokalet som på vanlege

discotek, musikken blir overført via FMsendarar

til trådlause hovudtelefonar.

Dei som ikkje har på seg hovudtelefonar,

høyrer ingen musikk, men ser berre eit

rom der folk dansar til stilla. Ein av fordelane

med Silent disco er at ein kan halde

fram dansefesten i timane etter eventuelle

påbod om stille

4’33

Kva finst i stilla? Og, finst det eigentleg

stille? John Cage var ein amerikansk

komponist som blant anna forska i dette.

Ein av dei mest kjende komposisjonane

hans heiter 4’33, og her blir det ikkje spelt

ein einaste tone. Dirigenten løftar taktstokken,

orkesteret løftar instrumenta, men

ikkje ein lyd tonar ut mot publikum. Så kva

finst i stilla? Herren på tredje rad kremtar

og bukselomma gir frå seg ein bitte liten

tekstilert protest når han leiter etter lommetørkleet.

Det knitrar i silkestrømper når

legger blir kryssa og han på sjette kviskrar

(nesten) uhøyrleg til sidemannen. Dette er

lyden av 4’33. Ulik ved kvar framføring,

men så heiter det også chance music, eller

sjansemusikk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!