26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Med øye for musikk

Svein Boye Andersen har fotografert artistar i 35 år.

På Rockheim er 10 000 av bileta digitaliserte. Vi viser

eit bittelite utval her.

INGJERD SKREDE

– Det heile starta med eit tips frå ein nabo på Sandaker

i Oslo, fortel Svein Boye Andersen. Tipset frå

sandakernaboen handla om skolefotografering og

tilhøyrande innteningsmoglegheiter. Boye meinte

han ikkje hadde eit godt nok kamera, men naboen

hadde allereie gjort avtale med rektoren på skolen,

så det var berre å få tak i noko å ta bileta med. I

fotobutikken fann han eit 6x6 Flexaret. Og trass i

at han ikkje hadde pengar, fekk han låne kameraet.

Etter at pengane for jobben var delt med

naboen, var det framleis nok igjen til å betale

kamera, og fotografkarrieren var eit faktum.

Ved sida av skolegang og fotografering spelte

Svein Boye Andersen i band. – Eller, eg let som eg

spelte, avslører han. Det kunne jo ikkje gå i lengda,

og etter ei stund blei det bestemt at han skulle ta

bilete og skrive i staden. Og, sida han var i musikk-

miljøet var det naturleg å ta bilete og skrive om

menneska her. Det tok ikkje lang tid før han blei

oppdaga. Allers blei først interessert. Sidan blei det

Poprevyen, Dagbladet, Vi menn og mange andre

magasin og tidsskrift. Og nokre platecover er det

også blitt. – Eg kunne få ein telefon frå eit plateselskap

som spurde om eg hadde eit bilete av den eller

den, levert same kvelden. I dag set ein coverjobbane

bort til designbyrå eller fotokunstnarar. Det

har endra seg.

Svein Boye Andersen fotograferte artistar til

langt ut på nittitalet. På Rockheim har dei digitalisert

10 000 av bileta hans, og det er enno mykje å

ta av. Kor mange er ikkje Andersen sikker på, men

over tre tiår med fotografering har gitt resultat.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!