26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Graffs elektriske orgel og songanlegget Prepple

brukte da han prøvesong for Dumdum boys.

Kven er det eigentleg som kjem hit?

– Alle. Vigdis slår ut med armane. – Familiar,

unge, gamle, besøk frå firma, frå skoleklasser. Ja,

alle som er musikkinteresserte. Og mange kjem

tilbake fleire gonger. Og da har dei gjerne med seg

vener eller familie. Det er jo mykje materiale her,

så det tek tid å komme igjennom. Men personleg

er eg glad for at det også er plass til noko som er

interessant for dei musikkunnige. At ikkje vi er så

generelle at det blir blodfattig.

Kva trur du er årsaka til suksessen de har hatt?

Vigdis viser meg plass i ein turnébuss mens ho

tenkjer. Eg glir ned på eit av dei raude skaiseta.

– Ja, som eg nemnde er direktekontakten med

publikum viktig. Ved sida av dette går utviklinga

mot å påverke fleire sansar, og det gjer vi her på

Rockheim. Så er det eit levande hus der det skjer

mykje. Vi har konsertar kvar onsdag der nye, unge

band blir presenterte. Vi vekkjer minne, gir ahaopplevingar

og prøver å skape utstillingar som er

underhaldande og morosame. Vi vil få folk til å

verdsetje popmusikken.

Kvifor er det viktig?

– Den har hatt så mykje å seie for mange. Popmusikken

fortel masse om samfunnet vårt, og langt

ut over det som blir formidla reint musikalsk. Det

kan vi bruke til å lære noko om den røynda vi er ein

del av. – Og, vi har så mykje å tilby av kunnskap og

arkivmateriale. Eg får nok ikkje rydda kontorpulten

på nokre år, avsluttar Vigdis.

Turnébussen tek ein slak sving. Utanfor

vindauget duvar lofotlandskapet forbi som eit av

dei mange landskapa Rockheim tilbyr gjestene ei

reise i.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!