26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

14

Informasjon frå publikum? Kva meiner du?

– Jo, utstillinga er jo for det meste digital,

men her står det ein del gjenstandar som heilt

tydeleg vekkjer minne. Ei av dei viktigaste

oppgåvene til vertane er å observere korleis folk

reagerer, høyre kva dei seier. Det er mykje god

og nyttig informasjon i dette. Så når eg får gode

historier frå publikum gir eg dei vidare til mine

kollegaer som igjen kan vidareformidle dette.

På den måten blir forteljingane heile tida større

og fyldigare og vi har enda meir å dele med nye

besøkjande, seier ho.

Og sjølv om veggene i 50-talsrommet i hovudsak

er dekt av teknologi frå vår eiga tid, klarer

Kurér-radioar, hekla puter og broderte løypestrenger

å få fram nostalgiutbrot og formidlartrong i

mange. – Det er for eksempel morosamt å sjå når

besteforeldre har teke med seg barnebarna hit.

Stoppar begeistra opp framfor eit radiokabinett,

eller ein platespelar og fortel entusiastisk korleis

desse tinga fungerer. Barn i dag anar jo ikkje korleis

desse greiene verkar.

Med eit vink til usynlege sensorar lokkar Vigdis

fram bilete, lyd og film frå veggene og vi har

akkurat det rette soundtracket i øyret idet vi forlet

rommet med amerikadraumen.

Mari Boine, Åge Aleksandersen og eit par av

medlemmene i Satyricon følgjer oss med blikket

frå meterhøge interaktive skjermar ved inngangspartiet

ti museet. – Det er interessant å sjå kor folk

går. Vigdis peiker på ein synthesizar med spesielt

mange knottar og spakar. – Dei som ser ut som

musikarar eller er musikarar, går ofte rett til den

avdelinga der dei får vite dei tekniske detaljane

rundt innspelingar og utstyr. Dei yngste går til

2000-avdelinga. Utlendingane går til svartmetallutstillinga

og set seg inn i alt det som finst der. Dei

blir der. Lenge.

Ho tar ei lita tenkjepause. – Mitt inntrykk er at

musikk har sett store avtrykk i ungdomstida hos

folk. Ja, det verkar som den blir lagra i minnet på

ein heilt unik måte. Når folk høyrer igjen musikk,

så kjenner dei lukter og ser bilete. Vigdis stryk det

lange håret bort frå ansiktet. – Kvar gong eg høyrer

a-ha for eksempel, ser eg for meg bror min med

skinnreimer rundt handleddet.

Vi ler litt av det gjenkjennelege ved dette, snik

oss forbi Diesel Dahls berømte trommesett, Trond

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!