26.07.2013 Views

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

NB21 nr. 1 2011 - Nasjonalbiblioteket

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fot for rock

Rockheim har enno ikkje rukke å fylle eit år. Likevel har titusenvis av føter gått over

dørstokken i dette monumentet av eit rockehistoriebygg. Så mange at rockebastionen

er blitt Trondheims største turistattraksjon nest etter Nidarosdomen.

TEKST: INGJERD SKREDE, FOTO: KETIL BORN

I ein stålrøyr- og respatexmøblert femtitalskafé

byr Vigdis Sjelmo på kaffi. Ho er formidlar og ei

av årsakene til suksessen i dette huset. I tillegg til

å utarbeide framtidige utstillingar og nye måtar å

presentere musikkhistoria vår på, har formidlarane

ansvaret for omvisarane, eller vertane som dei

heiter på Rockheim. Og Rockheims vertar er ikkje

som omvisarar på andre museum.

– Dei må ha menneskekunnskap og vite når dei

skal hjelpe folk, og når dei besøkande skal få lov til

å finne ut av ting sjølve, forklarer Vigdis. – Vertane

formidlar levande informasjon. Det vil seie at

du som publikum i mange tilfelle vil bli fortald

historier og fakta av eit anna menneske, ikkje

berre frå ein plakat på veggen. Vi tenkjer munnleg

formidling i førebuinga av nye utstillingar, men

det betyr sjølvsagt ikkje at vi ikkje har tekstbasert

informasjon. Utstillinga er jo interaktiv og det er

meininga at folk skal leite litt sjølv. Men ikkje alle

er vande til den teknologiske tankegangen og treng

nokon gonger litt ekstra hjelp.

Vi kastar kaffibegera i søppelkassen, passerer

nokre generasjonar blinkande jukeboksar og stansar

i eit rom der ein Thunderbird breier seg raud og

elegant midt på golvet. – Eller Trønderbirden, som

eg har lært at den blir kalla her, ler Vigdis. – Dette

er forresten ein etasje der vi får veldig mykje informasjon

frå publikum, forklarer ho.

FAKTA

• Rockheim, det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock,

opna 5. august 2010.

• Om lag 70 000 besøkte museet dei første fem månadene.

• Rockheim er Noregs einaste museum for populærmusikk

• Nasjonalbiblioteket har den overordna funksjonen som eit

nasjonalt arkiv for pop og rock, og samarbeider med Rockheim

om langsiktig bevaring av arkivmateriale.

• I tillegg leverer Nasjonalbiblioteket digitalt innhald frå eiga

samling til formidling i Rockheim.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!