26.07.2013 Views

Reportasje frå Flæfjelldrifta

Reportasje frå Flæfjelldrifta

Reportasje frå Flæfjelldrifta

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Modum-bonde, Svein Burud, med godt utsyn over delar av beitearealet og finn at sauene ser ut til

å vokse godt og ha det bra i fjellet.

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Fyrste beitesesongen for Flæfjelldrifta går mot slutten. Denne helga blir om lag 1500 sau

heimehøyrande i Modum, Øvre Eiker og Krødsherad henta ved Flævassdammen i Hemsedal etter

knapt to månaders beiting. Ansvarleg for drifta, Olav Håkon Sando frå Ål, sørgjer for at dei tretten

bøndene får levert sauene sine ved dammen, ferdig sanka og skilt. Mange er spente på resultatet etter

nyetableringa.

40000 på 4

Drifta er eit resultat av saueprosjektet «40000 på 4» i regi av Buskerud Bondelag. Prosjektet har hatt

som mål å auke sauetalet i Buskerud etter reduksjon i dyretalet og mangel på lammekjøt i marknaden.

Ei av utfordringane for å nå målet var m.a. å hindre at bønder ville gi seg med sau etter fleire år med

store tap grunna rovdyr (gaupe), særleg i midtfylket. Prosjektet kartla også aktuelle beiteområde i

fylket med låge tap på sommarbeite, og såg på sjansane for å etablere nye. Etableringa av

Flæfjelldrifta er eit resultat av dette.

Pionerprosjekt

Flæfjelldrifta er eit pionerprosjekt med mange ulike interessante vinklingar. Det at sauebønder frå

låglandet leiger beite i fjellet er ikkje noko nytt. Det spesielle er at tiltaket er ei enkeltmannsverksemd,

der ansvarleg for drifta, - og gjetar Olav Håkon Sando, har gjort avtalar med grunneigarar i sju

sameiger i Hemsedal og Ål kommunar og tilbyr areal og tenester til definerte rovdyrplaga buskapar

utanfrå. Størstedelen av området har dei siste åra i røynda ikkje vore nytta til husdyrbeite og var i ferd

med å gro att og endre karakter, trass i at det ligg frå 1100-1700 moh.

Det å få til avtalar med så mange grunneigarar, som òg har interesser i rype- og reinsjakt, er i seg sjølv

ei stor utfordring. Med gode medspelarar i landbruksnæringa og i forvaltninga, kom drifta i gang på

rekordtid, etter at nødvendige avklaringar var gjort for om lag eitt år sidan.

To grunneigarar gjennomførte forhandlingar med sine eigne

I siste delen av prosjektet «40000 på 4» tok ein kontakt med beitelag og landbrukskontor i Hallingdal

og Numedal for å kartlegge aktuelle sommarbeiteområde, samtidig som prosjektet arrangerte møter for

næringa. Dette førte til at grunneigarane Ragnhild Havardsgard i Ål og Ola Lien i Hemsedal kom på

banen og gjennomførte avgjerande forhandlingar i dei sju sameigene drifta i dag disponerer. Dei hevda

at fråveret av beitedyr i området gjer det mindre attraktiv både med omsyn til beite for husdyr og rein,

rypejakt og reiseliv. Dei opplevde ulike meiningar om saudrifta var positiv eller negativ for rype- og

reinsjakta, men fekk likevel nødvendig gjennomslag for at leigeavtalar vart skrive.

Sauegjetar ynskte å ha styringa

Samtidig var ein mangeårig sauegjetar i Iungsdalen, på jakt etter nye utfordringar. Han ville organisere

og drifte eit fjellområde på eiga hand. Få, om nokon, har større kompetanse i drifting av sau i fjellet

enn Olav Håkon Sando frå Ål, etter 23 år som gjetar. Då han vart kopla til prosjektet, viste han stor

handlekraft i praktisk tilrettelegging for å kunne ta imot og handtere så mykje sau i eit nytt område.

Han har òg hatt ansvaret for å gi plass og forhandle fram avtalar med aktuelle besetningar frå

rovdyrbelasta område.

Ansvarleg for drifta, Olav Håkon Sando, er heilt avhengig av firbeinte hjelparar som gjetar.

Flæfjelldrifta har naturlege avgrensingar mot vatn i sør, og dels høge fjell i nordvest, men særleg delar

av arealet mot Hemsedal vil kunne føre til utfordringar når sauen skal haldast innanfor området.

Drifta er støtta av fylkesmannen si landbruksavdeling til m.a. sperregjerder, kvee til samling og

skiljing av sau, og oppsetting av gjetarhytte som Sando har gjennomført siste året.

Kor mykje sau tåler beitet?

Redusert drift fyrste året

Meininga var at 2000 sau skulle vere med i Flæfjelldrifta fyrste året. Men den våte fjorårssommaren

med dårleg grovfôrkvalitet på vinterfôret, førte til låge lammetal og ein del tomme søyer. Difor vart

«berre» 1500 dyr sendt på beite i starten av juli. Beitesleppet var i tillegg ei dryg veke etter planen

grunna store snø mengder i fjellet. I følgje ansvarleg og gjetar Olav Håkon Sando, gjekk sleppet greitt.

Buskapane kom i løpet av ei veke, og dei vart drivne vestover 4-5 km inn i området frå

Flævassdammen. Stigane var attgrodd og ein brukte mykje lenger tid på dei fyrste buskapane enn på

dei siste då det var blitt tydelege trakk i terrenget.

Open for høgare dyretal

Sando hevdar at eit redusert dyre tal fyrste året har sine fordelar, med berre ukjente dyr i beite og alt

anleggsarbeidet han og medhjelparar har hatt, med oppsetting av fleire kilometer med gjerder og

arbeidet med plassen for samle- og skiljekve til 3000 dyr. Han har altså tanke om fleire dyr i beitet

seinare år, men vil prøve kor mykje beitet tåler trass i at del måler om lag 75000 dekar, inkludert

uproduktiv myr og fjell. Frå tidlegare erfaring vil beitet bli betre og meir produktivt etter nokre

sesongars drift når dyra har rydda ein del lyng og kratt, men dette vil han følgje nøye. Han har likevel

inntrykk av god tilvekst på lamma desse vekene.

Viktig å observere beitet

Sando har laga kvee med kapasitet til 3000 sau.

Han er òg spent på korleis dyra går i beitet og om det blir press på ytterområda, mest mot Hemsedal i

nord og Lysebotn i vest, spesielt mot slutten av beiteperioden. Mot sør ligg Flævatn som ei naturleg

grense, og det er særs lite trafikk i området. I tillegg til dei tre gode gjetarhundane sine, må han òg ha

noko hjelp i sankinga. Jobben med å ha alle sauene klar for heimsending 2. september er eit spennande

prosjekt også for Olav Håkon Sando.

Tilstanden og utviklinga i vegetasjonen i beitet er avgjerande for dyretalet i drifta.

Nøgde grunneigarar

«Det er godt å sjå at det er liv på fjellbeitet att og at gamle stigar og trakk kjem til syne.»

Det seier bonde og grunneigar Ragnhild Havardsgard frå Ål etter å ha tatt seg turar i beiteområdet på

stølen sin ved Flævatn i Ål. Stølen ligg sentralt i drifta og har hatt mykje besøk av sau på hektiske

sommarveker. Det har til dels ført store endringar i vegetasjon. Stølsvollen, som ikkje har vore i bruk

på 10 år, framstår mest som i gamle dagar, og det er blitt gode stigar innover i fjellet.

Ragnhild Havardsgard studerer beiteresultatet på stølen sin;- Flæe. Ho er særs nøgd.

Det same hevdar Ola Lien frå Hemsedal. Stølen hans, - Øvre Halso, ligg aust i området ved

Flævassdammen. Her er det ikkje så mange dyr som har gått, men skilnaden er stor frå dei siste

somrane i området rundt stølen.

Dei ser attgroinga med kratt og bjørk også på fjell beitet som ei stor utfordring og vonar no at

etableringa av Flæfjelldrifta vil rette på dette.

Dei to grunneigarane har gjort ein avgjerande jobb for etableringa av drifta gjennom forhandlingar

med grunneigarar i sju sameiger i Ål og Hemsedal i området drifta disponerer.

Grunneigarane Ragnhild Havardsgard til venstre . og Ola Lien til høgre er nøgde med beitejobben

sauene har gjort. Det same er Olav Huso i midten, men er likevel spent på korleis det går med reinen.

Konflikt mellom sau og jakt?

Sjølv om området Flæfjelldrifta nyttar har vore mest fri for husdyr siste åra, er det nytta både til rype-

og reinsjakt. Fleire hevdar at mykje saueaktivitet i området vil vere negativt for jakta.

Det er felt lite rein i området dei siste åra, men i følgje leiar for grunneigarlaget for villreinvald i Ål

kommune, Sigmund Tveitehagen, har det periodevis vore viktig som vinterbeite. Han meiner

aktiviteten i beitet under sauebeitinga gjer det lite attraktivt for reinen i den perioden, slik ein òg

opplever i Fødalen og Iungsdalen. Men når fleire ulike dyreslag beiter i eit område, blir

beiteakvaliteten betre. Han er mest uroa for nye sperregjerder som kan stoppe reintrekk.

Rypejakta tek til 10. september, -ei vekes tid etter at sauen er henta ned frå fjellet. Det er likt for mest

alle sankelaga i Hallingdal. Meiningane er delte om sauebeiting er negativt eller positivt for

rypebestanden, men all seriøs forsking og praktiske observasjonar tyder på at beiting verkar positivt

inn.

Seniorrådgivar Yngve Rekdal ved Institutt for skog og landskap er heilt klar: Den største faren for

rypebestanden er mangel på beitedyr og gjengroing av terrenget.

Han har farta rundt i Noreg i over 30 år og rapportane er eintydige. Han viser konkret til beitestudiet

på Minnestølen i Hol som gjekk over ti år og som er den einaste vitskaplege undersøkinga om temaet.

Det vart gjennomført av professor Atle Mysterud ved Biologisk institutt, Universitetet i Oslo.

Konklusjonen var eintydig: Rypebestanden var best i område med mest sau. Det gav beste

mattilgangen for rypa.

Flæfjelldrifta er avgjerande for at saueeigarar frå Modum driv med sau

Ved Flæfjelldrifta har 13 buskapar fått plass;- åtte frå Modum, fire frå Øvre Eiker og ein frå

Krødsherad.

Geir og Gro Glømme frå Modum hevdar at tilbodet som kom ved Flæfjelldrifta var avgjerande for at

dei framleis held fram med sau, etter sesongar då gaupa forsynte seg grovt av lamma på sommarbeite.

Dei meiner lamma har vokse godt på beitet i sommar.

Gro og Geir Glømme frå Modum er tydeleg like nøgde med å kome til fjells som sauen deira. Tre

helgeturar har det blitt på Flæestølen til Ragnhild Havardsgard.

Ein anna sauebonde frå Modum, Svein Burud, starta med sau i fjor haust, etter at han hadde fått plass i

Flæfjelldrifta. Det var heilt avgjerande for at han sette opp ny driftsbygning og tok til med sau. Han

har i år vel to hundre dyr på beite, og har ønske om å auke talet i åra som kjem.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!