23.07.2013 Views

Blyttia_200403_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200403_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200403_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

FLORISTISK SMÅGODT

Ertevikke Vicia pisiformis

L. funnen i Hof kommune,

Vestfold – og attfunnen på

den gamle lokaliteten i

Nome kommune, Telemark

Roger Halvorsen

Hanevoldvn. 15, NO-3090 Hof

Øyvind Brekke

Thorshaugvn. 5, NO-3090 Hof

Midt i juni 2003 var forfattarane på ein botaniseringstur

i traktene kring Oppsal og Ravnåsen i Hof

for å leite opp nye og gamle lokalitetar av ballblom

Trollius europaeus L. Ballblom vart funnen på ei

rekkje lokalitetar i Hof kommune i 2002 av den

eine av forfattarane (RH), og det synte seg at Øyvind

Brekke òg var kjend med at arten fanst på

fleire lokalitetar i kommunen. Tidlegare var ballblom

berre samla ein gong før i Hof: ved ein bekk

nær grensa mot Øvre Eiker i Buskerud. Funna frå

2002 og funna som den eine av forfattarane (ØB)

kjende til, kan ein knapt seie er nye av di mange

av dei viste seg å ha vore kjende av folk i Hof kommune

frå langt attende.

Vi hadde sett frå oss bilen nær ved ein stad

der det var teke ut sand. På sandflata framfor sanduttaket

vaks mellom anna godt med lakrismjelt

Astragalus glycyphyllos og ein del med ullurt Logfia

arvensis. På turen attende til bilen gjorde vi ein

ekstra sving ned på ein traktorveg som går inn på

åkrane nedanfor Ravnåsen. Blikket fall på to sterile,

men likevel umiskjennelege eksemplar av ertevikke

Vicia pisiformis L. Desse stod i nedkanten

av ein liten vegskråning, og vi undra eit bel på kvar

eksemplara var komne frå. Vi tenkte då at dei truleg

var komne med sand- og grusmassar som var

bruka i nedkøyrselen til åkeren eller rett og slett

frå dei bratte liene under Ravnåsen på oversida

av vegen. Den eine av forfattarane har sett ertevikke

fleire gonger tidlegare, og voksestadene liknar

svært på tilhøva ein finn i liene under Ravnåsen.

Vi hadde ikkje særleg tid til å leite meir denne

ettermiddagen, men tanken på at det kunne finnast

meir ertevikke på staden, gnog så mykje at alt

neste dag vitja RH området att.

Mykje klatring opp og ned liene brakte for dagen

ein ganske rik flora, med bl.a. mykje nattfiol Platan-

Ertevikke Vicia pisiformis fra den nyoppdagete lokaliteten i Hof.

Foto ØB juni 2004.

thera bifolia, skogskolm Lathyrus sylvestris, svarterteknapp

Lathyrus niger (som vi òg hadde sett

dagen før) og myske Galium odoratum, ein art

som i Vassås i Hof frå gamalt av er kjend under

namnet amyr og som blei plukka i store mengder

i liene ved Høgås (Vassås) før i tida (sjå også

Halvorsen 2000).

På veg ned dei bratte liene under toppen, på et

tidspunkt då RH nær hadde gjeve opp tanken på

å finne meir ertevikke, kryssa han den øvste kanten

av det vesle «sandtaket». Gravinga her må ha gått

føre seg for ein del år sia, då sandskråninga og

den opne sandflata framfor no er i ferd med å gro

att. På toppen av skråninga stod han brått framfor

eit stort og velvaksent eksemplar av ertevikke,

rundt 1,5 m høgt, i vakker bløming. Kan hende var

det så mykje som tjue blømande skot. RH var

nøgd med funnet og sklei ned dei siste 30–40

metrane mot botnen av sandskråninga. Nesten

nede vart det funnen ennå fleire store eksemplar

med samanfiltra skot, og desse var som dei fyrste,

kraftige og godt over 1,5 m høge. Desse sto snaut

meir enn 40 meter fra staden der vi dagen før hadde

sett frå oss bilen. Såleis vart det stadfesta at sanda

og grusen til fyllinga nedanfor må vera henta i

denne sandskråninga.

I alt vart det i 2003 funne 6–8 tuver over eit lite

område i og rundt sanduttaket ved Ravnåsen.

Ertevikke er tidlegare funnen på to stader i

Vestfold: ved Borrevann og ved Farris.

Veksestaden i Hof er den tredje kjende i Vestfold,

dersom vi reknar med at materialet som er

samla inn frå området ved Borrevann er samla på

ein lokalitet; slik kan det i alle fall sjå ut med fem

168 Blyttia 62(3), 2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!