22.07.2013 Views

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

til framande og sjølv tena sitt brød.

Han vart gjætargut hjå Knut Stokke i

Kleive og gjekk folkeskulen på Hungnes.

Etter konfirmasjonen hyrte han seg

til kokk på ei av frakteskutone til Høstmark

på Nes, og i 2 vintrar var han

med til Lofoten og Finnmark på fiskekjøp.

No tenkte han å verta maskinist,

og for å få verkstadtid gjekk han eitt

år i smedlære i Fræna. Ferdig der, reiste

han til Trondheim og arbeidde ei tid

ved domkyrkja som steinhoggar og smed.

Her fekk han tanken om å gå inn i

militærstellet, tok fyrst korporaleksamen

på Agdenes og var sidan 2 år på Festningsartilleriet

sin underoff.skule på

Løytnant Edvard Lie Oskarsborg, der han tok eksamen i 1900.

20/9 s. å. vart han fastløna sersjant ved Bergens festningar. Han vart

urer i 1915, kommandersersjant 1925 og løytnant 1930 og tok avskil

ved nådd aldersgrense i 1935.

Frå 1900 til 1914 var han utenfor det militære yrke fast kontorist

i Bergen med undantak av 2 år, då han var kontorist ved den militære

verkstaden i Oslo. Under heile den fyrste verdskrigen, frå 1914-18

var han inne på nøytralitetsvakt.

I 1910 kjøpte han ættegarden Roaldsetli, men då broren Andreas

døydde kjøpte han barndomsheimen Rabben, no Utheim, og selde

Roaldsetli til broren Peder.

Frå 1918 var han fastbuande i Bolsøy og var sjelden inne til

militærteneste. Han gifte seg 1. gong 1922 med Marie Hjelset. Foreldre

Ole O. Hjelset og Lovise, f. Berg. Då fyrste kona døydde, gifte

han seg 2. gongen 1929 med Jalma Slemmen frå Veøy. Foreldre Knut

Pedersen Slemmen og Oline Sørensdotter, f. Stokke. Dei har 1 dotter.

På Utheim bygde han ny løe i 1922 og sette alt i god stand.

Han arbeidde mykje med jorddyrking, og den vesle plassen voks til

ein liten gard med 4 kyr og hest. Han planta og mange frukttre som

trivst godt, endå so høgt denne staden ligg. Eit stort arbeid hadde

han med gardsvegen til Utheim og Roaldsetli, noko som vart til stor

framhjelp for desse gardane.

Då Edvard Lie vart fast busett i heimbygda, fekk han snart ymse

kommunale yrke. I 2 valbolkar var han med i heradstyret, 6 år i skule-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!