Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

romsdal.sogelag.no
from romsdal.sogelag.no More from this publisher
22.07.2013 Views

529 Sonen Knut Olsen, født 29/6 1848, tok over farsgarden etter skjøte dags. 13/6 1872, kjøpesum 250 spd., og kår. Han skaffa kår både til faren og bestefaren i 7 år til Kittel Halvorsen døyde i 1879, 80 år gamal. Knut Olsen var gift med Guraa Pedersdtr. Røvikhagen, født i Næsje i 1840. Dei hadde mange born, men berre fire vaks opp: Ole Kristian, Ingeborg, Peder og Karen Marie. Knut Olsen dreiv garden til sonen Ole Kr. Knutsen, født 3/6 1871, tok over etter ham. Kjøpekontrakt dags. 10/11 1892, seinare skjøte dags. 29/11 1899, kjøpesum kr. 900.- og kår. Ei tid skaffa han og 2 kår, til Ole Olsen døydde i 1896, 80 år gamal. Knut Olsen kjøpte då eit småbruk under Gujord, Tollteigen, og budde der til han døydde. Ole Kr. Knutsen var gift med Karen Emelie Olsdtr. Mjelve, fedt 26/3 1865. Dei hadde 4 born. Knut, Guri, Synnøve og Ole. Ole døydde ung. Ole Kr. kjøpte og eit småbruk under Berg, Haugen, som han dreiv ilag med garden. Han overlet Haugen til døtrene, og bur no hjå dei. Sonen Knut Olsen, født 16/11 1894 tok over farsgarden etter skjøte dags. 19/3 1938, kjøpesum kr. 2 800. Han er gift med Mina Kirkerem, født 10/12 1898. Dei har 5 born: Ole Kåre, født 14/6-30, Karsten, Sverre, Solveig, og Oddvar. Knut Olsen driv framleis garden, og han har eit stort arbeid for seg, då garden skal flyttast ned til hovudvegen og tuftast å nyo etter utskifting. At so mykje er teki med om Midtigard, kjem av at det er eldste ættegarden for Gujordfolket. Om Nordigard og Nerigard veit vi ikkje so mykje. Ole Kjelbotn (Kjelsbot-Ola) kjøpte Knut O. Gujord. Nordigard ikring 1850. Både han og kona, Sigrid, var frå Tresfjord. Dei hadde mange born; den eldste Knut Knutsen var styksonen til Ola. Kjelsbot-Ola dreiv som hestehandlar, og kjend var han mest alle stader, mellom Bergen og Trondheim. Knut Knutsen tok over garden etter stykfaren ikring 1865-70. Han var gift med Ane Olsdtr. frå Midtigard, født 1846. Dei hadde 8 born som vaks opp: Knut, Ole Andreas, Cecilie, Karoline, Karen, Olufine og Marie. Knut Knutsen dreiv og som hestehandlar. Han dreiv

530 garden til sonen Knut Knutsen d. y. f. 14/9 1869, tok over etter han. Han var gift med Jørgine K. Havnen; dei hadde ingen barn. Han kjøpte og Nerigard og dreiv begge gardane ilag til han overlet dei til brorsonen, Knut Andreassen, født 16/5-12, gift med Frida Sund, født 15/5 1909. Dei har tre barn: Anne Sigrunn, Asbjørg og Kirsten. Nerigard har ofte skifta eigar. Den fyrste vi veit om var ein dei kalla ,,Tressjor-Ola”, truleg var han frå Tresfjord. Jo Botterli, Erik Hjelsetbakken og Ørger Eriksen frå Tautra har og havt denne garden. Den mest drivande av disse var vel den siste. Kona hans, Synnøve, var frå Tresfjord. Ørger stelte godt både hus og jord. Han skreiv bra, og det er fleire gamle skjøter og kontrakter som han har skreve. Han var rokkemakar, og Ørja-rokkane var vide kjendt. Han planta hage, og ein allé gjennom garden. Nokre av dei gamle trea står enno. Synnøve og Ørger hadde ein stor barneflokk, men mange døydde som barn under ein difteriepidemi, ,,den Trondhjemske halsesyke”. Den eldste sonen, Edvard, lever enno og er busett i Kr.sund. Ørger busette seg seinare i Skjevik. Den siste eigar av Nerigard før Knut Knutsen kjøpte han, var Lars Gujord f. Strandhagen. Han var gift med Gjertrud Olsdtr. frå Nordigard. Dei hadde mange born. Etter han selde garden, flytta han til Eidsneset og budde der til han døydde. Av Gujordgardane er det skild ut fleire små bruk. Dei eldste av dei er Tollteigen under Nerigard, seld av Ørger Eriksen Gujord til Knut Eriksen Berg, av kjøpekontr. 1869 og seinare skjøte dags 15/4-76 kjøpesum 50 spd. Knut Eriksen Gujord f. Berg dyrka jorda og bygde hus; han planta frukttre og gran kring heile bruket. Der stod ein stor eine midt på stykket; den sette han att då han dyrka, og den fekk stå der i åker og eng til snøen braut den ned for nokre år sidan. Knut var skreddar. Kona hans, Marie, var frå Pesetra. Dei hadde 3 døtre som vaks opp. Knut Eriksen selde Tollteigen til Knut Olsen Gujord, etter skjøte dags. 9/10 1896, kjøpesum kr. 900.-. Knut Eriksen kjøpte då garden Mork, der han budde til han døydde. Dottersonen Knut A. Mork eig no garden. Knut Olsen dreiv Tollteigen attåt kårjorda si som låg lagleg til. Han var postbod i Øvrebygda, og han gjekk trutt med postskreppa heilt til han døydde i 1928, 80 år gamal. Fram og attende er denne ruta omlag ei mil. Knut Olsen selde bruket til dottersonen Gunder Gujord etter skjøte dags, 29/6 1925, kjøpesum kr. 2000.- og kår. Gunder Gujord født 17/1 1908, er gift med Marit Andersdtr. Brastad, født 13/11 1912 i Vestnes. Dei har 4 born: Kjell, Asgeir, Inge og Gunnulv.

530

garden til sonen Knut Knutsen d. y. f. 14/9 1869, tok over etter han.

Han var gift med Jørgine K. Havnen; dei hadde ingen barn. Han

kjøpte og Nerigard og dreiv begge gardane ilag til han overlet dei til

brorsonen, Knut Andreassen, født 16/5-12, gift med Frida Sund, født

15/5 1909. Dei har tre barn: Anne Sigrunn, Asbjørg og Kirsten.

Nerigard har ofte skifta eigar. Den fyrste vi veit om var ein dei

kalla ,,Tressjor-Ola”, truleg var han frå Tresfjord. Jo Botterli, Erik

Hjelsetbakken og Ørger Eriksen frå Tautra har og havt denne garden.

Den mest drivande av disse var vel den siste. Kona hans, Synnøve,

var frå Tresfjord. Ørger stelte godt både hus og jord. Han skreiv bra,

og det er fleire gamle skjøter og kontrakter som han har skreve. Han

var rokkemakar, og Ørja-rokkane var vide kjendt. Han planta hage,

og ein allé gjennom garden. Nokre av dei gamle trea står enno.

Synnøve og Ørger hadde ein stor barneflokk, men mange døydde som

barn under ein difteriepidemi, ,,den Trondhjemske halsesyke”. Den

eldste sonen, Edvard, lever enno og er busett i Kr.sund. Ørger busette

seg seinare i Skjevik.

Den siste eigar av Nerigard før Knut Knutsen kjøpte han, var

Lars Gujord f. Strandhagen. Han var gift med Gjertrud Olsdtr. frå

Nordigard. Dei hadde mange born. Etter han selde garden, flytta

han til Eidsneset og budde der til han døydde.

Av Gujordgardane er det skild ut fleire små bruk. Dei eldste av dei er

Tollteigen under Nerigard, seld av Ørger Eriksen Gujord til Knut Eriksen

Berg, av kjøpekontr. 1869 og seinare skjøte dags 15/4-76 kjøpesum 50 spd.

Knut Eriksen Gujord f. Berg dyrka jorda og bygde hus; han

planta frukttre og gran kring heile bruket. Der stod ein stor eine midt

på stykket; den sette han att då han dyrka, og den fekk stå der i åker

og eng til snøen braut den ned for nokre år sidan. Knut var skreddar.

Kona hans, Marie, var frå Pesetra. Dei hadde 3 døtre som vaks opp.

Knut Eriksen selde Tollteigen til Knut Olsen Gujord, etter skjøte

dags. 9/10 1896, kjøpesum kr. 900.-. Knut Eriksen kjøpte då garden

Mork, der han budde til han døydde. Dottersonen Knut A. Mork eig

no garden. Knut Olsen dreiv Tollteigen attåt kårjorda si som låg lagleg

til. Han var postbod i Øvrebygda, og han gjekk trutt med postskreppa

heilt til han døydde i 1928, 80 år gamal. Fram og attende

er denne ruta omlag ei mil.

Knut Olsen selde bruket til dottersonen Gunder Gujord etter

skjøte dags, 29/6 1925, kjøpesum kr. 2000.- og kår. Gunder Gujord

født 17/1 1908, er gift med Marit Andersdtr. Brastad, født 13/11 1912

i Vestnes. Dei har 4 born: Kjell, Asgeir, Inge og Gunnulv.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!