22.07.2013 Views

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

529

Sonen Knut Olsen, født 29/6 1848, tok over farsgarden etter skjøte

dags. 13/6 1872, kjøpesum 250 spd., og kår. Han skaffa kår både til

faren og bestefaren i 7 år til Kittel Halvorsen døyde i 1879, 80 år

gamal. Knut Olsen var gift med Guraa Pedersdtr. Røvikhagen, født i

Næsje i 1840. Dei hadde mange born, men berre fire vaks opp: Ole

Kristian, Ingeborg, Peder og Karen Marie. Knut Olsen dreiv garden

til sonen Ole Kr. Knutsen, født 3/6 1871, tok over etter ham. Kjøpekontrakt

dags. 10/11 1892, seinare skjøte dags. 29/11 1899, kjøpesum

kr. 900.- og kår. Ei tid skaffa han og 2 kår, til Ole Olsen døydde

i 1896, 80 år gamal. Knut Olsen kjøpte då eit småbruk under Gujord,

Tollteigen, og budde der til han døydde. Ole Kr. Knutsen var gift

med Karen Emelie Olsdtr. Mjelve, fedt 26/3 1865. Dei hadde 4 born.

Knut, Guri, Synnøve og Ole. Ole døydde ung. Ole Kr. kjøpte og eit

småbruk under Berg, Haugen, som han dreiv ilag med garden. Han

overlet Haugen til døtrene, og bur no hjå dei.

Sonen Knut Olsen, født 16/11 1894

tok over farsgarden etter skjøte dags.

19/3 1938, kjøpesum kr. 2 800. Han

er gift med Mina Kirkerem, født 10/12

1898. Dei har 5 born: Ole Kåre, født

14/6-30, Karsten, Sverre, Solveig, og

Oddvar. Knut Olsen driv framleis garden,

og han har eit stort arbeid for

seg, då garden skal flyttast ned til

hovudvegen og tuftast å nyo etter utskifting.

At so mykje er teki med om Midtigard,

kjem av at det er eldste ættegarden

for Gujordfolket. Om Nordigard

og Nerigard veit vi ikkje so mykje.

Ole Kjelbotn (Kjelsbot-Ola) kjøpte

Knut O. Gujord. Nordigard ikring 1850. Både han og

kona, Sigrid, var frå Tresfjord. Dei

hadde mange born; den eldste Knut Knutsen var styksonen til Ola.

Kjelsbot-Ola dreiv som hestehandlar, og kjend var han mest alle stader,

mellom Bergen og Trondheim.

Knut Knutsen tok over garden etter stykfaren ikring 1865-70.

Han var gift med Ane Olsdtr. frå Midtigard, født 1846. Dei hadde 8

born som vaks opp: Knut, Ole Andreas, Cecilie, Karoline, Karen, Olufine

og Marie. Knut Knutsen dreiv og som hestehandlar. Han dreiv

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!