22.07.2013 Views

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

528

Halvor hadde to søner som vi kjenner til, Kittel og Ole. Ole

Halvorsen hadde eit gardsbruk på Roaldset, og budde der.

Kittel Halvorsen, født 1799, og gift med Kari Eriksdtr. Roaldset,

født 1791, tok over farsgarden etter Skjøte dags. 23-10-1829 for ein

kjøpesum stor 99 spd. og kår. Dei hadde eit barn, Randi, f. 25-1-1820.

Kittel var ein drivande kar, og ruver over alle i den ætta. Han bygde

nye hus på garden; stove, løe, stabbur, kvernhus, naust og stampe i

Gujordselva, der han stampa vadmål. Han bygde og fleire høyløer i

fjellet. Han dyrka i si tid 12-14 mål jord. Dei store steingardar og

steinrøyser på garden ligg der endå og vitnar om livsverket hans.

Det går mange sogor etter denne Kittel; eg skal nemna nokre

av dei, slik som eg har høyrt dei fortalt. Han var stuttvaksen og

uvanleg førbygd, men likevel ledug. Han skulle vera ein rein meister

på ski. Han kunne renna i full fart gjennom eit tunneband. Ein vinter

gjekk han på ski heilt til Hallingdal. Endå i brudlaupet til dottera

var han så sprek at han gjekk rundt og spende bjelkane med ei brennevinsflaske

i kvar hand. Dei laga i den tida all reidskapen sjølve.

Ein vår hadde han laga seg ein ny plog, men plogjarn måtte han

kjøpe. Han gjekk til Molde og skulle kjøpe seg plogjern, men det var

gjeld etter far hans hjå kjøpmannen. Han måtte betale den, og borga

fekk han ikkje. Han tok då på seg å rydja eit nybrot for kjøpmannen.

So gjekk han heim, skifta klede, la i nisteskreppa og gjekk utover att,

og i kveldinga var han på Molde andre gongen den dagen. Kjøpmannen

gav han ei flaske brennevin, og han tok fatt med arbeidet

same kvelden og arbeidde heile natta. Utpå morgonen kom ein fræning

til byen som han fekk leiga, og før kvelden kom var dei ferdige

med arbeidet. Kittel fekk plogjarn, ei potte brennevin og nokre skillingar

attåt, og kjøpmannen heldt det for eit kjempeverk. Etterpå gjekk

han heim til Gujorda om natta. Det må ein seia var ein lang og

strevsam arbeidsdag. Men det var harde levevilkår den tid, og få av

oss som lever no, skynar det.

Dotter til Kittel, Randi, vart gift med Ole Olsen Silset (Silset-Ola)

frå Øre, født 1816. Han kjøpte halvparten av Midtigard av Gullik

Olsen, etter skjøte dags. 2/4 1854, kjøpesum 189 spd., og kår. Den

andre halvparten av garden kjøpte han av verfaren Kittel Halvorsen,

etter skjøte dags. 19/6 1857, kjøpesum 50 spd., og kår. Randi og Ole

hadde 2 born, Ane og Knut. Ole Olsen dreiv garden godt, han hadde

stor buskap og gilde avlingar. Han køyrde heim til gjødselblanding

kring 400 lass myr kvart år.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!