22.07.2013 Views

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

Jørgen Olafsen-Holm: Bolsøyboka 2 - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

527

På Gujordslegmålet ligg 3 fjellvatn: Kloppavatn, Kringlete-vatn

og Steinsdalsvatn. Ved disse vatna, og elles i fjellet, stod det i gamal

tid ei mengd med høyløer. Storparten av dei er no til nedfalls eller

borte, men dei siste åra har mange fått bygd seg fjellhytter ved alle

tre vatna. Mykje av utmarka er skogkledd, mest lauvskog. Men det

har ikkje alltid vore so; djupt nede i myrane har ein funne ei mengd

med røter og restar av fure, til dels store kjempetre, til og med hasselneter

har ein funne i myra so høgt som 400-500 meter over havet.

Gujordgardane dreiv og seterbruk i gamal tid. Oppunder Seterhaugen

er det endå merke etter dei gamle setervollane, men det ligg

so langt att i tida at ingen minnest det no. Her er endå god beitemark,

men år for år tøygjer skogen seg lenger oppetter. Heldt det

fram slik ei tid, er berre høgfjellet snautt.

So langt att i tida som nokon veit har Gujord vore delt i tre

gardsbruk: Nerigard, Midtigard og Nordigard. Vi veit og om at det

har vore 4 bruk då Midtigard har vore delt. No er berre to av gardane

bebygd. Husa på Nerigarden er alt longe borte, Midtigardshusa

vert og flytta med det fyrste, då gardane er under utskifting, og snart

er berre Nordigardstunet att av det gamle.

Det er fortalt frå ufreds- og hungersåra 1809-14; den gong var

det ein Sjur Gujord som hadde Nordigard. Han var ein drivande kar,

dreiv mykje fjellslått og hadde stor buskap. Han sa til slåttefolket sitt:

,,Berre slå, gutar, og slå vel! Det dei ikkje bit ti, skit dei ti!” Han

meinte krøttera.

I den tida svalt folk ihel her i bygda og. Det er fortalt om ein

som vart liggjande att nord i Tollskogen på borksanking. På fleire

gardar reiv dei opp låvegolva sine for å finne spillkorn. Men på Gujord

var det mat nok. Kornet vaks godt i dei lune bakkane, og det

stod seg betre mot frost enn nede på flata. Gujord var i den tida

rekna for å vera av dei beste korngardane i Bolsøy.

Den eldste ættefaren som vi veit om til folket som bur på Gujord-gardane

no, er driftekaren Halvor Kittelsen frå Gol i Hallingdal.

Han kjøpte Midtigard av Halvor Olsen Mahle etter skjøte dags. 12-10

1817, kjøpesum stor 77½ spd. Veøykyrkja åtte på den tid 1 pund i

Midtigard. Halvor hadde so mange dalar at han kunne gjera seg

skuldfri på garden, men før kjøpet var ordna kom pengenedslaget, og

han vart skuldig det meste. Difor laut han om stutt tid selja halve

garden. Det var smått med hus i den tida. Det er fortalt frå Midtigard

at det skulle vera sju kjerringar samstundes. Dei koka og stelte

kvar for seg i same romet, då dei hadde berre ein eldstad.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!