17.07.2013 Views

bønsnes kirkes orgel rapport etter restaurering - Br. Torkildsen ...

bønsnes kirkes orgel rapport etter restaurering - Br. Torkildsen ...

bønsnes kirkes orgel rapport etter restaurering - Br. Torkildsen ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

"Agerbrug og er pottemager ved blaafarveværket". 24 I så fall var han ein smålåten mann,

som ikkje tar kreditt for at han nettopp har ferdigstilt og selt eit (og kanskje fleire)

kyrkjeorgel. Det er naturleg å gå ut frå at han har noe av orgelbyggarutdanninga si frå den

dyktige Mads Henriksen Hassel, som bygde orgel til Heggen kirke i Modum i 1795/1796,

men Christophersen må også ha vore spelekyndig, da han som nemnt blei organist i

Gjerpen kirke i 1809.

1.3 ANDERS GULBRANDSEN GOMNÆS' ARBEID

Etter brannen i Hole kirke i 1943 kan vi lese følgande i Aftenposten: 25

Orgelet, som også strøk med, var fra 1883, bygd av Olsen-­‐Jørgensen i Oslo. Det avløste

et eldre orgel fra ca. 1840, bygd av Anders Gomnæs i Hole, som også var organist.

Hos Anna Lindhjem ein del år tidlegare finn vi dette: 26

Hole hdk. hadde omkr. 1840 et litet orgel, bygget av Gomnæs. Dette blev 1883

ombyttet med nyt fra Olsen-­‐Jørgensen.

Kjelda for avismeldinga kan vere den vanlegvis ganske pålitelege Anna Lindhjem, eller

avisa og Lindhjem kan ha ei felles lokal kjelde, for begge oppgir nøyaktig dei same feila.

Hole kirke sitt nye orgel var bygd ikkje bygd 1883, men i 1888, og namnet på firmaet var på

dette tidspunktet ennå ikkje Olsen & Jørgensen, men stadig vekk August Nilsen etter

firmaets grunnleggar. Dette er av ei viss betydning, for det kan innebere at heller ikkje

opplysningane om det første orglet er heilt korrekte.

Anders Gulbrandsen Gomnæs var fødd 3. oktober 1821 som son av organist

Gulbrand Nilsen og hustru Mette Marie Gomnæs. 27 Ved folketellinga i 1865 blir

næringsvegen hans oppgitt å vere "Gaardbr Selveier Bygger Orgel & musikalske

Instrument". 28 Han ser med andre ord ved dette høvet på seg sjølv som ein etablert

kunsthandverkar. Gomnæs døde 7. januar 1885. Da blir han bare titulert som

"Gaardmand". 29 Anna Lindhjem opplyser at han var organist i Hole fram til 1889, noe som

representerer enda eit eksempel på feilinformasjon frå hennar side -­‐ eller rettare: frå den

lokale informanten som ho har basert opplysningane sine på. For Anders G. Gomnæs var

aldri organist i Hole. Det var det derimot broren Nils Gulbrandsen som var. 30

I 1840 var Anders Gulbrandsen Gomnæs bare omkring 20 år gammal og neppe noen

rutinert snikkar og heilt sikkert ingen fullbefaren instrumentmakar. Spørsmålet er difor

om årstalet er korrekt, eller om det er for tidleg. Det er i denne samanhengen nyttig å lese

omtalen av Gomnæs' orgel frå 1862 til Hønefoss kirke, for dette skal vere

24 Digitalarkivet. 1801-­‐teljing for 0623 Modum.

25 Aftenposten, aftennummeret 25. mai 1943.

26 Anna Lindhjem: Norges orgler og organister til og med 1914. Skien 1916, s. 130.

27 Digitalarkivet. Hole prestegjeld. Ministerialbok nr. I 4 1814-­‐1833. Statsarkivet i

Kongsberg.

28 Digitalarkivet. 1865-­‐teljing for 0612 Hole.

29 Digitalarkivet. Hole prestegjeld. Ministerialbok I 8 1878-­‐1891. Statsarkivet i Kongsberg.

30 Sjå for øvrig Thure Lund: Gomnæs-­‐miljøet. Musikere og komponister. I: Ringerike 1980 s.

39-­‐43 og 1981 s. 50-­‐56.

PDF compression, OCR, web optimization using a watermarked evaluation copy of CVISION PDFCompressor DT

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!