02.06.2013 Views

Download PDF - WebProof

Download PDF - WebProof

Download PDF - WebProof

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

viLvite held til sentralt i Bergen og er eit senter for oppleving

og læring. På VilVite kan du aktivt bevega deg inn i maskiner og

installasjonar og oppheve tyngdekrafta, trimma hjernen, simulera

at du køyrer motorsykkel i stiv kuling, finna ut kva fiskar gjer når

du spring i dammen deira (utan at du vert våt på beina), og lena deg

mot elektroniske veggar som vil dryssa elektronisk sand omkring di

berøring. På VilVite kan du prøva deg som oljeplattformsjef og bora

etter olje, sjekka ut korleis ein produserer drivstoff til rakettar, ta

kommandoen på eit skip, finna ut kvifor ein robot rapar når du matar

den, pusla kroppen, kviskra til ein ven slik at han høyrer deg sjølv på

ti meters avstand, sjå 3D-filmar og sjekka ut ein heil haug kjempegøye

oppgåver som seier noko om hjernen din.

Litt av kvart om hjernen:

Ein vaksen menneskehjerne veg 1300 – 1400 gram. Ein elefanthjerne

veg 6000 gram og ein kattehjerne ca. 30 gram.

Menneskehjernen er delt i to anatomisk sett omtrent like delar.

Språkproduksjonen i hjernen er lokalisert i frontallappen (Brocas

området) i mennesket sin venstre halvdel av hjernen. Dette vart

funne ut på 1860-talet då professor Broca studerte hjernen til

personar med afasi. (Menneske ute av stand til å snakka, sjølv om

dei har snakka før).

Sidan språk er logisk vart det etter kvart ei oppfatning at venstre

hjernehalvdel styrer logikken, medan den høgre hjernehalvdelen er

meir kreativ og følande.

Menneskehjernen er sett saman av 100 milliardar nevron/hjerneceller.

Gjennom historia har menneska prøvd å forklara korleis hjernen

fungerer ved å samanlikna den med den mest avanserte teknologien

i si tid. I renessansen vart hjernen samanlikna med mekaniske

urverk som kunne styra marionette-dokker. På 1920-talet

samanlikna ein med dei mest avanserte telefonsentralane som

fanst, og i dag samanlikna ein hjernen med dei mest kompliserte

datamaskinene me kjenner til. Hjernen er likevel fundamentalt ulik

ei datamaskin. Hjernen kan nemleg programmera seg sjølv under

utviklinga, eller læra, i samspel med omgivnadene.

Hjernen er fantastisk.

Fysisk rørsle ser ut til å skjerpa hjernen.

Kva du et verkar inn for å få hjernen til å fungera optimalt.

Søvn er viktig for hjernen.

(Kjelder: Wikipedia, Cappelendammm.no, webpsykologen.no)

VilVite, vil prøva, vil k

vil smella, vil jubla, vi

Kor mange er der?

Snu på hjulet, og tel ein gong til.

Får du dei frå kvarandre?

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!