20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Teaterturné med

«Få meg på»

Vel ein månad etter at filmen Få

meg på for faen hadde premiere

på norske kinoar, vert teaterstykket

med same namn sett opp

i heimfylket til Olaug Nilssen.

Deretter blir det turne både i

Sogn og Fjordane og Hordaland.

– I motsetnad til filmen, som

berre følgjer ein av jentene i

romanen til Olaug Nilssen, tek

teaterframsyninga for seg alle dei

tre hovudpersonane i boka, seier

sals- og informasjonssjef Leila

Øvreseth i Sogn og Fjordane teater

til Nynorsk pressekontor.

Ho ser det ikkje som nokon

konflikt i at teateret set opp

framsyninga like etter at historia

har gått på kino.

– Nei, snarare tvert imot. Filmen

er med på å gjera både boka

og teaterframsyninga meir kjent,

seier Øvreseth.

Framsyninga har premiere i

Førdehuset torsdag 22. september.

Deretter legg framsyninga ut

på turne i Sogn og Fjordane frå

23. september til 21. oktober.

I tillegg til framsyningar om

kvelden, blir det skuleframsyningar

for andre året på vidaregåande

skular på dagtid. Det siste er

eit samarbeid med Den kulturelle

Mette Karlsvik Foto: Tove K. Breistein

Forfattaren Mette Karlsvik er tildelt

Sigmund Skard-stipendet 2011.

Stipendet er på 25 000 kroner og

blei delt ut under haustlanseringa til

Samlaget onsdag.

– Karlsvik har sidan debuten vist

at ho er ein av dei mest spennande

unge forfattarane i Noreg, heiter

det i grunngjevinga.

Mette Karlsvik er oppvaksen i

Frei kommune på Nordmøre og debuterte

i 2005 med romanen Vindauga

i matsalen vender mot fjorden.

For denne boka blei ho heidra med

i nynorskens skog

skulesekken. I Sogn og Fjordane

skal framsyninga innom desse

stoppestadene: Førdehuset, Dale,

Måløy, Svelgen, Stryn, Sandane,

Flora, Bremanger, Lærdal, Balestrand,

Brekke, Sogndal og Årdal.

Frå 24. oktober til 30. november

blir det turne i Hordaland

i samarbeid med Hordaland

teater. Her blir det lagt meir vekt

på skuleframsyningar. Turnelista

er enno ikkje heilt ferdig,

men alt no er det klart at det blir

skuleframsyningar på Voss, i Øystese,

på Bømlo, Austevoll og på

Husnes. Dessutan blir det opne

framsyningar i Stord kulturhus

og Fana kulturhus. (NPK)

Sigmund Skard-stipendet

til Mette Karlsvik

Tarjei Vesaas debutantpris.

Ho stod fram med eit poetisk

språk, eit blikk på verda og ein stil

som alt då var gjennomført og særeigen,

meiner juryen.

Sidan har ho gjeve ut bøker for

både barn og vaksne.

I år er ho aktuell med romanen

Bli Björk, som handlar om den islandske

superstjerna Björk.

Juryen håpar prisen skal oppmuntra

Mette Karlsvik til å halda

fram med å skriva både originalt,

underhaldande og viktig. (NPK)

FesT og speL: Arne Moslåtten (til venstre) i

Hellbillies er festspeldiktar under nynorskfestspela

neste år. Foto: hellbillies.no

Festspeldiktar

Moslåtten

Arne Moslåtten i Hellbillies blir

festspeldiktar under Dei nynorske

festspela 2012. – Eg ser

på dette som ei stor ære, skriv

Moslåtten i ei pressemelding.

Han er den nittande forfattaren som er

festspeldiktar, og det er første gongen ein

songlyrikar får dette oppdraget.

Dei nynorske festspela 2012 har «Songen»

som tema.

– Med Moslåtten som festspeldiktar

gir me songlyrikken den plassen denne

dikte- og brukskunsten fortener i norsk

litteratur, seier program-ansvarleg Åshild

Widerøe.

Ho peikar på at Moslåtten er ein framifrå

vise- og songdiktar, som i tillegg har

vore med på å gjere nynorsk og dialekt

meir sjølvsagt. Festspeldiktaren ser ikkje

på seg sjølv som nokon lyrikar og meiner

han har meir til felles med kryssordløysarar.

– Målet mitt er å få musikken til å

verke i lag med språket, seier han.

Til Klassekampen seier Moslåtten at

han voks opp med nynorsk, men bytte til

bokmål då han skulle på vidaregåande. No

byter han mellom språka.

– No skriv eg på dialekten mi, halling,

og er mellom dei som meiner at dialekt

eignar seg best til musikk. I motsetning til

skriftspråka har talemålet blitt slipt ned og

trekt saman, og det gjev mindre motstand

når ein syng. Det å setje ord til melodi er

ein eigen idrott, i og med at mange rammer

blir lagde på førehand. Eg føler meg

eigentlig meir som en kryssordløyser enn

som en lyrikar, seier Moslåtten til avisa.

Den 63 år gamle musikklæraren frå Ål

i Hallingdal har spelt i mange grupper og

band. I 1990 blei han med i Hellbillies, og

har signert alle Hellbillies-tekstane unnateke

éin. Han har også skrive for artistar

som Rita Eriksen og Olav Stedje, og han

har gitt ut fleire bøker.

Til saman har Arne Moslåtten dikta

og gjendikta om lag 150 viser og songar. I

2008 fekk han Edvardprisen for tekstane

til Hellbillies-albumet Spissrotgang, og i

2001 fekk han Målprisen frå Noregs Mållag

saman med dei andre i gruppa.

Festspela blir arrangert i Ørsta og

Volda frå torsdag 28. juni til søndag 1. juli,

med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

(NPK/KH)

Tips oss! Vi vil gjerne vite kva som spring som ville hestar gjennom nynorskens skog. Send e-post til kjartan.helleve@nm.no.

stedje-fest

I 30 år har Olav Stedje gleda folk

med songen sin. Tida er kommen

for at den folkekjære artisten skal få

noko tilbake.

– Difor har vi spurt nokon av dei

beste artistane frå fylket til å tolke

låtane hans på sin måte, seier prosjektleiar

Stian Sjursen Takle i NRK

Sogn og Fjordane.

Det heile skal framførast under

ein gallakonsert i Sogndal kulturhus

laurdag 24. september. Det er lokalmusikkredaksjonen

Lutt i NRK og

Kulturhuset i Sogndal, som saman

står bak initiativet for å gjere stas

på sogningen. På scena står artistar

som Tone Damli Aaberge, Eva Weel

Skram, Sigrid Moldestad, Finn Erix,

Odd-Erik Lothe og Per Hillestad.

Det vil også dukke opp fleire overraskingar

i løpet av festkvelden. (NRK)

Hoffpoet

Carol Ann Duffy

på norsk

Diktsamlinga Mean Time av Carol

Ann Duffy har fått nynorsk språkdrakt.

Korte dagar, endelause netter

er ute på norsk og er gjendikta av

Jostein Sæbøe.

Duffy (f. 1955) er skotskfødd poet

og dramatikar, og professor i samtidspoesi

ved Manchester Metropolitan

University. Ho vart utnemnd til

hoffpoet – Poet Laureate – i Storbritannia

i 2009. Dette var omdiskutert,

blant anna fordi ho var den første

kvinna og den første skotten som

vart utnemnd – men også fordi ho er

bifil. (NPK)

Lægreid til nynorske

mediedagar

20.–22. oktober vert Dei nynorske

mediedagane arrangert med Litteraturhuset

i Oslo som hovudarena.

Detaljert programmet kjem på www.

mediedagane.no, men det er allereie

sikkert at Erling Lægreid kjem for å

snakka om boka si Nærgåande skisser

torsdag kl. 18.

Foto: Det Norske Samlaget

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!