20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Utgjeven av Noregs Mållag

Tilskrift:

Postboks 474 Sentrum

0105 OSLO

Redaktør: Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no, 23 00 29 32,

faks 23 00 29 31

I redaksjonen:

Hege Lothe, Tuva Østvedt

Heimeside: www.nm.no

Abonnement: 250 kroner per år

Utforming: Språksmia AS

smia@spraksmia.no

Språkpolitikk

i kvardagen

Eit val er avslørande for dei politiske

partia. Dei blir tvinga

til å svare for seg. Ofte blir

dei konfronterte med noko

dei lova i førre valkamp,

eller valkampen før det.

Det blir sett opp rekneskap

over løftebrot og innfridde

lovnader, og partileiarane

lover at neste gong skal reknestykket

gå i pluss.

Lokalpolitikarar har avgrensa

høve til å påverke den nasjonale

språkpolitikken. Likevel

køyrer Høgre og FrP

ein valkamp der dei lover at

kommunen skal søkje om

fritak frå skriftleg nynorsk i

skulen. Det har kome søknader

frå heile landet om

akkurat dette.

Dette kunne ha vore valflesk.

Det er det ikkje. Det er gjort

slike språkpolitiske vedtak

i mange kommunestyre dei

siste åra. Ungdomsparti på

høgresida har hatt dette

som valkampsak i ei årrekkje

og ved å få det opp på

eit slikt nivå, gjer dei det enklare

å stille opp på skulevalet

ved neste val. Realistisk

eller ei, det sankar røyster.

For å demme opp mot dette, må

språkpolitikk bli eit emne

i kommunane. I staden for

å bry seg om opplæringslova

som ein uansett ikkje

har råderett over, så bør

kommunane gjere vedtak

i saker som ligg innafor

det politiske verkefeltet for

lokalpolitikarar, t.d. kommunale

språkbruksplanar,

utlysingar av kommunale

stillingar, språkopplæring i

barnehagane og samanslåing

av skular.

Det kjem ein kvardag etter

valet, og det er i den me

skal arbeide. Ei oppgåve

blir å fortelje nye og gamle

lokalpolitikarar at nynorsk

er viktig. Det bør helst skje

før nokon legg fram ei sak i

kommunestyret som seier

det motsette.

2

Kjartan Helleve, redaktør

leiarteigen

Fredag 22. juli sit eg i bil på veg rundt

Öland i Sverige. Eg får ei tekstmelding frå

bror min kvart på fire. Han spør om alt er

bra med meg. Det betyr at noko er gale.

Eg ringjer bror min, og får vite om bomba

i regjeringskvartalet. Når vi når sørspissen

av øya er utsikta nydeleg og stemninga

trykka. Frå Twitter plukkar vi opp meldingar

om Utøya. Tilbake på nordspissen

av øya slår vi på fjernsynet, ringer venner,

opplever straumbrot og ser på lyn. Vi legg

oss tidleg. På laurdagen køyrer vi heim

etter å ha vakna til nyhende om over 80

drepne.

Det er vanskeleg å gå på kontoret vekene

etterpå. Målarbeid vert nedprioritert.

Artikkel på artikkel i aviser og på nett vert

lese. Er med på rosetog i Oslo. Står i menneskehavet

utanfor rådhuset og klemmer

bror min og grin. Ser hundretusenvis av

blomar verte strekte mot sky. Freistar forklare

ein journalist frå BBC kvifor roser er

svaret på terrorisme.

Vi kjem alle til å hugse kva vi gjorde

fredag 22. juli. Korleis vi ei tid var i eit

vakuum, før vi klarte vende tilbake til

kvardagen. Terroråtaka i Oslo og på Utøya

råka oss alle. Nokre har mist ein familiemedlem

eller ein nær ven. Nokre har

mist ein kjenning eller kollega. Alle desse

har igjen familie og vennekrins som vert

påverka av å få død og meiningsløyse så

nær innpå seg. Men kjensla av å vere råka

stoggar ikkje der. Sorg og uro, fortviling

og sjokk er noko som vert delt av alle. Vi

kjende oss alle angripne den 22. juli. Vi er

alle råka.

Livet har teke til

Han har fått ei verd

Å kjempe mot

Eller ta imot

Håvard B. Øvregård, leiar

Det meste kan verke meiningslaust etter

terrorhendinga. Men det er berre til vi

har fått tid og ro til å la det søkke litt i oss.

Når vi tenkjer etter ser vi at framhald med

vårt daglege virke er nett det riktige tilsvaret,

saman med å møte gjerningsmannen

sitt hat med kjærleik – møte hans framandfrykt

og sjåvinisme med meir verdsetjing

av mangfald.

Det er ein annan valkamp i år enn vi er

vane med. Ikkje berre har han byrja mykje

seinare, men han er òg mykje rolegare.

Åtaket 22. juli har sett politikken i eit perspektiv

som gjer det lettare å avsløre det

uviktige og smålege. Eg trur ikkje det er

tilfeldig at eg så langt i valkampen, når eg

skriv dette, knapt har sett døme på sidemålshets.

I ein «normal» valkamp hadde

eg for lenge sidan vorte oppgitt av måten

politikarar og ungdomsparti prøver fiske

røyster på sjåvinistisk sidemålshat. Men

ikkje i år. Eg trur den spesielle ramma

rundt valkampen i år gjer at sidemålshets

ikkje vert sett på som ei passande «salsvare».

Lat oss håpe at dette er noko som

held fram.

For målstrid har ikkje vorte mindre viktig

etter 22. juli. Sjølv om det var vanskeleg

å tenkje på målsak og sidemålsargumentasjon

midt i all død og sorg, så kjenner

Helge Torvund, Avstanden er eit vipeskrik

Teikning: Kjartan Helleve

Oslo – Utøya – valkamp –målstrid

eg no at dette er snudd til større engasjement.

Målstriden er ein av fleire kampar

for mangfald i samfunnet som berre har

vorte viktigare etter terroråtaka. Respekt

for mangfald, fleirspråksverdi og respekt

for sidemål er for meg eitt og same.

Målstrid er også ein måte å heidre minna

til dei som ikkje er mellom oss lenger.

Fleire av dei som døydde, var eller hadde

vore aktive i målrørsla. Mellom dei som

miste livet i Regjeringskvartalet var ein

tillitsvald i eit av yrkesmållaga. I AUF og

Arbeidarpartiet sine minneord over dei

som miste livet på Utøya er dette nemnd

om fleire, med omtalar som «sterkt engasjert

for nynorsk» og «ordsmed av rang

og stolt nynorskbruker». Ein annan av dei

som miste livet på Utøya var i midten av

juni ute i media med eit sterkt forsvar av

sidemål og nynorsk i Oslo-skulen. Vi skal

halde fram med det arbeidet som desse

var ein del av.

Og vi skal freiste halde fast i det gode

fellesskapet som vi kjende i rosetoga og

andre markeringar landet rundt. Vi skal

gje kvarandre ein klem oftare. Vi skal

vere litt romslegare. Vi skal møte både

meiningsfellar og meiningsmotstandarar

med openheit og respekt. Om dei tragiske

hendingane 22. juli skal endre oss, så skal

det vere til det betre.

Håvard B. Øvregård

Noregs Mållag

Norsk TideNd Nr. 4 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!