20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

DryG kAmp: Kampen for nynorsk lærebøker er langt på veg vunnen. Kampen mot rasjonaliseringa i skulen derimot, har enno eit stykke igjen. Foto: NMU

1974-76. Som målaktivist/sentralstyremedlem

i NMU gjekk

all fritid, og store deler av studietida,

med til målarbeid og det

var ikkje tid til å finna seg kjærastar

utanfor miljøet. Så vidt eg

minnest var resultatet sambuarskap/ekteskap

innan sentralstyret

i perioden. Ein av dei var

meg, eg forelska meg grundig i

ein av sentralstyremedlemene

i NMU og er framleis gift meg

med han.

2 Var det noko som ikkje var

så bra?

– Det eg minnest med ulyst er

striden mellom Studentmållaget

i Oslo og Sentralstyret/

Studentmållaget i Bergen, som

resulterte i at sentralstyret var

flytta frå Bergen til Oslo i 1976.

Striden var fyrst og fremst målpolitisk,

men gjekk tidvis over i

rein persontrakassering.

3 Kva er den viktigaste sigeren

for NMU?

– Eg tykkjer det er vanskeleg

å snakka om sigrar. Eitt steg

fram vert ofte følgd av to steg

attende, målarbeid er ein vedvarande

prosess. Men eg vil

trekkja fram ei sak frå tida eg

var aktiv i NMU som eg meiner

vart viktig for styrkinga av

målarbeid i tiår seinare, skiftet

til ei aktivistline i arbeidet. I skulemålsarbeidet

snakka me om

«løyndarlina», målfolket gjekk

på denne tida stilt i dørene og

trudde ei ville berga nynorsken

om ein unngjekk strid og open

debatt om skulemålet. NMU,

Norsk TideNd Nr. 4 – 2011

og også mange i NM, valde å gå

offensivt ut i open debatt, valde

å mobilisera folk for nynorsken

ved å snakka om diskriminering

og om språklege rettar, og

vann fram med det. Læremiddelaksjonen

er det beste dømet

på dette, og han førde til betre

tilgang på nynorske læremiddel,

mange nye målaktivistar, og

støtte til krava frå bokmålsbrukarar.

Dialektaksjonen NMU

køyrde midt på syttitalet er eit

anna døme; gjennom denne

aksjonen nådde NMU ut til nye

målgrupper og gjorde det greitt

å bruka dialekt i alle samanhangar.

Kaizers Orchestra ville truleg

ikkje vore liv laga tidleg på

syttitalet.

magnhild Bruheim

(leiar 1978–1979)

1 Kva er ditt beste minne frå

tida i NMU?

– Dei beste minna frå tida i

NMU er knytte til fellesskapet,

som kunne vera sterkt sjølv om

me hadde harde interne stridar.

Særleg kom det fram på målleirane,

som var ei årleg samling

knytte til årsmøta i Noregs Mållag.

Der fekk me utfalda oss på

mange måtar, kreativt ved å laga

kulturinnslag og arrangera kulturkveldar,

målpolitisk ved å ha

skulemålsaksjonar lokalt eller

andre tiltak. Det styrkte vennskapen,

også mellom dei som

var ueinige målpolitisk.

2 Var det noko som ikkje var

så bra?

– Eg synest ikkje det er så moro

å tenkja på dei steile frontane.

Enda mindre artig var det nok

for dei som ikkje kjende seg

heime i nokon av leirane, og som

fyrst og fremst ville driva målarbeid.

3 Kva er den viktigaste sigeren

for NMU?

– Den viktigaste målpolitiske

sigeren for NMU i 70-åra var

læremiddelaksjonane. Dei sette

fokus på rettferd for nynorskelevar,

dei engasjerte og samla

elevar både med bokmål- og nynorskbakgrunn

til store aksjonar

på mange skular, og førte til

klare retningsliner for læremiddel

til same tid og pris. Aksjonane

gjorde nynorsken og målsaka

synleg, aktuell og populær

blant store ungdomsgrupper.

Synnøve myking

(leiar 2005–2007)

1 Kva er ditt beste minne frå

tida i NMU?

– Våren 2005, då eg var påtroppande

leiar i målungdomen,

sette Noregs Mållag i gang kampanjen

Slepp nynorsken til, med

mål om å få oppheva nynorskforbodet

i Dagbladet og VG.

Målfolk i alle aldrar reiste rundt

eller hadde aksjon på heimstaden

for å samla underskrifter

til stønad for kampanjen. Det

var ein glød og eit pågangsmot

i rørsla som det var herleg å få

oppleva. I NMU fekk me mange

nye aktivistar og lokallag det

året; me sette medlemsrekord

og kjende for fyrste gong på

lenge at me var i ferd med å få

hovudet over vatnet etter pengemangel

og juksesak.

2 Var det noko som ikkje var

så bra?

– Medlemsjuksavsløringane frå

2002 og rettssaka i ettertid fekk

konsekvensar for arbeidet til oss

som kom inn i sentralstyret i tida

etterpå: mindre pengar, mindre

kontorplass, mindre tillit. Det

leiaste var kanskje likevel å sjå

korleis tidlegare aktivistar, folk

som hadde stått på og gjort sitt

beste for nynorsken, vart dømde

nord og ned av mange som aldri

hadde vore i noko liknande

dilemma sjølve. Juks skal ikkje

tolererast, men det er organisasjonen

sitt ansvar å syta for at

lova vert fylgd, og at einskildpersonar

ikkje hamnar i knipe

mellom staten på eine sida og

saka på den andre. Sjølv anar eg

ikkje kva eg hadde gjort i ein slik

situasjon.

3 Kva er den viktigaste sigeren

for NMU?

– Å driva ein aktiv nynorskorganisasjon

for og med ungdom

gjennom femti år, tidvis utan

pengar eller ressursar, er ein

ganske viktig siger i seg sjølv, synest

eg.

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

nmu

Janne Nygård (leiar 2010–)

Ein litt

annleis

haust

Hausten plar vere den tida

på året då avisene vaknar

frå agurknyttdvalen,

den tida på året då

elevar og studentar vender

seg til kvardagen att.

Det er tid for aksjonar

og politisk arbeid, og

valkampen denne hausten

skulle gjere hausten

ekstra spanande.

Medlemer i Norsk

Målungdom kjem og

går, slik det plar vere i

ungdomsorganisasjonar.

Men denne sommaren

mista vi to medlemer på

ein grufull og uverkeleg

måte. Det var medlemer

som var umistelege.

Angrepet på Utøya var ikkje

berre eit angrep på AUF,

men på alle engasjerte

ungdomar i Noreg. Før

sommaren vitja Norsk

Målungdom Oslo AUF

for å hjelpe dei med å

argumentere godt for

nynorsk i valkampen på

deira eige initiativ. Det

er forferdeleg at vener

ikkje er her lenger. Men

vi skal fortsetje. Ikkje

som før, men med auka

styrke. Denne hausten

har Norsk Målungdom

byrja sterkt, med skulestartaksjonar

over heile

landet, fleire nye medlemer

og lokallag. Vi

skal engasjere ungdom i

striden for dei verdiane

vi står for; demokrati og

grunnleggjande respekt

for det som er annleis.

Vi er klare for å ta i eit

ekstra tak i hausten som

kjem, og gler oss over

kvar nye ungdom som

ser verdien i det å engasjere

seg i viktige saker.

Vi seier oss einige i det ein

av leiarane i eit politisk

ungdomsparti sa etter

22. juli: Måten vi skal

heidre ofra etter Utøya

på er ikkje med eitt minutts

stille, men eit heilt

liv i kamp.

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!