20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

18

Norsk MåluNgdoM

◆ Noregs Student- og Elevmållag

(NSEM) vart skipa 3.

august 1961.

◆ Student- og elevmållaga

hadde tidlegare vore

vanlege lokallag i Noregs

Mållag, men no fekk NSEM

status som eit fylkeslag i

NM.

◆ Eirik Aksel Larsen var den

fyrste formannen for samskipnaden.

Med merket

høgt i 50 år

Sidan NMU vart skipa for femti år sidan, har leiarane

kome og gått. Norsk Tidend har spurt nokre av dei

om å dela minna med oss.

Tor Gabrielsen

(leiar 1965–1966)

1 Kva er ditt beste minne frå

tida i NMU?

– Det må vera då eg heldt føredrag

for elevmållaget på Firda

Gymnas på Sandane, og brukte

nynorsk munnleg for fyrste

gong. Eg er trass alt oppvaksen

på Stabekk i Bærum og målet

hennar mor er dessutan talemålet

frå Oscars gate bak Slottet i

Oslo slik det var på 1920-talet.

Det gjekk bra, trur eg. Det er ikkje

vanskeleg å snakka nynorsk

standardmål, berre ein ikkje gjer

seg til. Ein må halda på den heilt

vanlege bærumsintonasjonen.

Då let ein om lag som om ein

skulle vera frå Seljord.

2 Var det noko som ikkje var

så bra?

– Søkjer ein på «Tor Gabrielsen»

i det digitale arkivet til

Verdens Gang, vil ein for datoen

3. august 1966 kunne lese mellom

anna dette, i eit referat frå

årsmøtet til Noregs Student- og

Elevmållag: «Tor Gabrielsen beklager

at det er mangel på lærebøker

på nynorsk og at man ved

flere fakulteter og høyskoler ikke

kan få eksamensoppgaver på nynorsk.»

Her var det mykje som ikkje

var bra, og slik har det vel i høg

grad halde fram i dei 45 åra som

er gått.

3 Kva er den viktigaste sigeren

for NMU?

– Lokalt frå bygdelivet i Bærum:

Av me fekk skipa elevmållag

på gymnaset på Stabekk, med

25 medlemer. Berre ein hadde

dialektbakgrunnen i orden, frå

Vinje i Telemark. På landsplan:

Då eg var formann i NSEM (det

heitte formann, slik det framleis

gjer i Danmark, der er alle dei

kvinnelege partileiarane formenn):

At medlemstalet auka

frå 1250 til 1550 på eitt år. Generelt

for heile femtiårsperioden:

At organisasjonen finst og har

vore aktiv i ordskiftet heile tida.

Utan å kritisera forgjengarane:

Eg er spesielt begeistra for den

måten dei opptrer på offentleg,

dei som har vore leiarar dei aller

siste åra, inkludert den noverande

leiaren.

Ola E. Bø (leiar

1972–1973 saman

med Arve Elvik)

1 Kva er ditt beste minne frå

tida i NMU?

– Det tar til å nærma seg 40 år

sidan eg var leiar i det som i mi

tid skifta namn frå Noregs student-

og elevmållag (NSEM) til

Norsk Målungdom, så eg ber

om orsaking for at detaljar, år og

tal kan flyta litt fritt.

– Med stor glede hugsar eg

mitt fyrste studentmållagsseminar

utanfor Bergen, på Landbrukshøgskulen

på Ås i 1970.

Me kom fram midt på natta, etter

åtte timar i ein Volvo Amazon,

eg overnatta under ei trapp

i inngangen til eit av internata

og vart vekt nokre få timar seinare

av tunge støvlar på veg til

fjøsstellet. Flott å møta andre

nynorskidealistar og den karismatiske

reiseskrivaren i Noregs

Mållag, Edvard Hoem. Elles

har eg eit levande minne av årsmøtet

i Det Norske Samlaget i

1972, med EEC-debatt der alle

dei gamle høvdingane og dronningane

deltok. Ungdomen vart

dyrka og naut det.

– Det som sit best att frå

det målpolitiske arbeidet, er

utan tvil dei store, landsomfattande

læremiddelaksjonane på

70-talet med fleire titals tusen

deltakarar. Oppslutninga fekk

nok hjelp frå den allmenne radikaliseringa

på den tida, så eg er

redd for at noko liknande ikkje

er mogleg i dag.

2 Var det noko som ikkje var

så bra?

– Når eg ser attende på ein del

av politiseringa av målstriden,

særleg på 70-talet, trur eg ikkje

oppsplittinga i særstandpunkt

på venstresida, med klare partibyggande

motiv, gagna saka. Det

skarpe skiljet mellom ein såkalla

sosial og ein nasjonal argumentasjon

var og er eit blindspor.

Ulike vektleggjingar i det som

formar eit standpunkt er heilt

naturleg og nødvendig i ei brei

folkerørsle. Her kan eg godt vera

med på ein sjølvkritikk.

3 Kva er den viktigaste sigeren

for NMU?

– Den viktigaste framgangen for

målungdomsrørsla er etter mi

meining, og utan tvil, det at ein

trass i usemja fekk knytt argumentasjonen

for nynorsk til talemålet.

Det utskjelte slagordet

«Snakk dialekt, skriv nynorsk»,

står seg godt.

– Dialektane er nynorskens

mest normale talemål, i tillegg

har me nynorsk normaltalemål

som òg kan dyrkast. Normeringsgrunnlaget

er det viktigaste

skiljet mellom nynorsk og bokmål.

Det krev også ulike strategiar

for både skriftfesten og taleflaumen.

Brita Helleland

(leiar 1974–1976)

1 Kva er ditt beste minne frå

tida i NMU?

– Læremiddelaksjonen i Volda

i 1972, då me aksjonerte for

nynorske lærebøker og mot

utdanningsminister Bjartmar

Gjerde som var på vitjing. Det

kom fleire i demonstrasjonen

enn talet på studentar og elevar

i både Volda og Ørsta og resultatet

av mobiliseringa var overveldande

for Bjartmar så vel som

meg. Kva det kom til å tyda for

Bjartmar veit eg ikkje, men det

var denne hendinga som gjorde

meg til målaktivist, og med det

skapte livet mitt i lang tid framover.

I denne samanhangen må

eg nesten nemna eit anna godt

minne: Eg var leiar i NMU og

sentralstyremedlem i perioden

Norsk TideNd Nr. 4 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!