20.02.2013 Views

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

Ein av få - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

– Eg har litt dårleg samvit, seier

Yngve Hallén.

Vellukka NM i Byrkjelo

I mIdten av august skipa Breimsbygda

IL til noregsmeisterskapen i friidrett

på Byrkjelo stadion. alt som vart

skrive og sendt ut av tilskiparane,

var skrive på nynorsk: på nett-

– Å?

– Ja, det er eit brev eg ikkje har svara på. alversund

mållag skreiv tidleg, dei hadde lagt merke til at

eg nytta nynorsk og dei fortalde om at far har vore

medlem hjå dei. men eg har ikkje svara enno.

– Har du vore medlem i eit mållag sjølv?

– nei, eg har valt å engasjere meg i andre ting.

Hallén overdriv ikkje. det er eit engasjement

som har vore prega av studentpolitikk, og seinare

lokalpolitikk, men fyrst og fremst fotball. Han vart

knytt til Fotballklubben Sogndal i 1995, og arbeidde

der til han i fjor vart president i noregs Fotballforbund.

det er ikkje kvardagskost å finne nynorsk på

øvste nivå i idretten. no kan ein lese programblad

på landskampar og verte møtt med «velkomen til

kamp». Årsmeldinga frå Fotballforbundet opnar

med ei nynorsk helsing frå Hallén.

– det er mange som spør etter ei helsing frå meg

som president i forbundet, og då må eg ha hjelp av

informasjonsavdelinga for å greie alt. då endar ofte

teksten på bokmål. men det eg sjølv byrjar på, det

vert alltid på nynorsk. nynorsken er jo meg, og det

er viktig å vere seg sjølv. det er ikkje så mange som

kommenterer språket mitt, oftast når dei er uvane

med nynorsk i tekstmeldingar. eg er ikkje så flink

med sms-språk, så eg skriv orda fullt ut og avsluttar

stundom med «Stao no pao». det vert lagt merke

til.

Sogndal

– Sidan du er medviten om å halde på språket

ditt, så kjenner vel klubbane ute i distrikta at dei

har fått ein representant i Oslo?

– alle spør om eg har flytta til Oslo, men det har

eg ikkje. eg bur framleis i Sogn og Fjordane. Å vere

president er på linje med det å vere stortingspolitikar,

så eg har ikkje meldt flytting. eg kjem jo frå

Sogndal, og der er det berre eitt skriftspråk. når det

gjeld sentraliseringa, så ser eg mange fordelar med å

ha Oslo som eit nav i noreg. men det er no ein gong

slik at verdiskapinga er spreidd ut over heile landet.

Fotball-noreg er heller ikkje berre Oslo, og det er

klart at eg representerer noko anna enn om eg til

dømes hadde kome frå ein Oslo-klubb.

sidene, i avisa og i brevkontakten med

omverda.

– det har aldri vore noko ordskifte

om det. nynorskbrukarane er i fleirtal i

hovudkomiteen, eg bruker nynorsk og

Det er ikkje kvardagskost å finne

nynorsk på øvste nivå i idretten.

– Det er påfallande kor mange frå Sogndal som

markerer seg, alt i frå Lerum til Tone Damli og Liv

Signe Navarsete. Og dei har alle ein medviten språkbruk.

Har det oppstått ei slags samhandling i Sogndal,

der språk har vorte ein viktig del av det å kome

frå Sogndal?

– det er ikkje noka samhandling mellom oss, utover

at me kjem frå ein liten plass. men det er større

medvit rundt språk no enn kva det var berre for

tjue-tretti år sidan. når det gjeld Lerum så har vel

dei vore gjennom heile prosessen, med å gå frå juice

til å skrive jus. dei må jo kjempe mot dei store aktørane

innan næringsmiddelindustrien, og har greidd

seg godt ved å fokusere på det som skil dei ut. For

fotballklubben Sogndal har språk òg vorte ein slik

ting. «Stao no pao» er vorte eit slagord i tillegg til

å vere eit heiarop, og nynorsk skapar ein identitet.

For klubben Sogndal er det veldig viktig. Om ein

ikkje skulle halde på det, kva skulle ein då halde på?

difor var det veldig kjekt då klubben fekk heider frå

Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Samstundes skal ein vere varsam. Sogndal er ein

flott stad der det vert gjort mykje godt, men ein skal

passe seg så dette ikkje bikkar over til sjølvskryt. det

er noko eg ser når eg no reiser rundt i andre bygder,

og ser ting dei er gode på. Løysingar som bygda mi

kunne ha lærd mykje av.

Idretten lagar møteplassar

– Kva er det med fotballen som er tiltrekkjande?

– ta no med heile idretten. Helsemessig har

idretten sjølvsagt mykje å seie for folkehelsa, både

for vaksne og for unge. men i tillegg er idretten god

på å lage gode møteplassar. Idretten som møteplass

vert viktigare og viktigare sidan me fjernar dei andre

møteplassane. ein treffer ikkje folk på postkontoret

lenger. Så idretten og kjøpesentra er dei store møteplassane

no.

me er midt i nynorskland, seier Eva Marie

Felde, som var presseansvarleg.

– Og ingen reaksjonar, reknar eg med?

– nei, ingen reagerte på språket. det

var folk som reagerte på ting me skreiv,

President Hallén

Yngve Hallén

◆ President i Noregs Fotballforbund

◆ Var tidlegare dagleg leiar i Sogndal Fotball

men det g

bruke cen

fererte res

tilskip

knallvêr,

– eg var for ei stund sidan på altaturneringa,

som samlar lag frå heile Finnmark og store delar

av troms. tenk kor ein fantastisk møteplass det

er, kor identitetsskapande det er. Born frå sju år,

ungdomar på tjue, foreldre og lagleiarar møtest og

snakkar om kvardagane. dei kjem i lag og føler på

ein felles identitet som dei er stolte av. turneringa er

kan hende eit av dei viktigaste tiltaka i Finnmark for

å skape samkjensle i fylket. Og slikt gjer jo idretten

kva einaste dag over heile landet.

– Så når son min skal på Hamar Cup, så har eg

lyst til å vere med for å kjenne på eit slikt felleskap.

det er jo nokre fotballkampar inn i mellom der, som

er viktige for ungane og nokre av foreldra. men det

er fyrst og fremst for å vere i lag.

Vellukka integrering

– Fotball har òg lukkast godt med integreringa?

– Integreringa i fotball har gått veldig bra. det

har noko med idretten å gjere, at han er stor i verda

og at han er stor i noreg. det har gjort det enkelt å

kome til oss. men så vil eg gje heider til mange leiarar

i idrettslag som har gjort ein god jobb her. me

har vore flinke, og det syner seg heilt frå dei minste

laga til moa på sin posisjon på landslaget.

– men me har me meir å gjere. me må få med

oss fleire innvandrarjenter og engasjere foreldra.

Inkludere dei i det frivillige arbeidet. det vert stundom

sagt at innvandrarforeldre ikkje ynskjer å vere

med, men eg trur det heller handlar om usikkerheit.

det handlar om å vere konkret og praktisk, og

forklare direkte kva det går ut på. eg veit om fleire

døme der ein har lukkast med dette, t.d. ein stad der

nokre innvandrarmødrer fekk ansvaret for matsalet

under kampane. det vart ikkje pølse i brød, men det

vart mykje god mat likevel. Og på det måten greidde

ein å få dei med.

– Kan me nokon gong få sjå ein norsk landslagsspelar

springe ut på Ullevål med «Noreg» på ryggen?

– det har eg ikkje tenkt, og det har heller ikkje

vore oppe i forbundsstyret. men om det kjem som

sak, så skal eg love å vere open for det. Haken er

sjølvsagt at landslaget speler ein del utanlands, og

då er jo ein fare for at dei trur at det er ein skrivefeil,

spøkjer Hallén.

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!