11.06.2020 Views

Dag Jørund Lønning: Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon

Kvifor held me fram med å øydeleggja naturen når me alle veit at me er fullstendig avhengige av den? Dette er eit av dei store spørsmåla professor Dag Jørund Lønning utforskar i essayet Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon. Svaret, skriv Lønning, handlar mykje om den makt «dei siamesiske erobrartvillingane Industrilandbruk og Forbrukarsamfunn» har fått over sinna og økonomien vår, men kanskje endå meir om vår tilrana «rett» til å heva oss over og utbytta anna liv for å oppfylla våre eigne interesser og behov. Dette brutale ranet er drivande både for klimaendringane og dei katastrofale, akselererande naturmangfaldstapa me høyrer meir om kvar dag. Men så, når det ser som aller mørkast ut, dukkar det opp eit nytt håp. Eit håp om ei heilt ny retning for mennesket. Den regenerative, naturbyggjande, revolusjonen kan koma til å snu opp-ned på jordbruket. Tilsvarande for måtane me planlegg og byggjer husa og nærmiljøa våre. Men det stoppar ikkje der. For i det regenerative ligg også kimen til ein ny naturetikk, ein revolusjonerande etikk om mennesket som ein byggjande art i naturen. Ein etikk som kan vera med og visa vegen til den grøne, kompostmoderne framtida. For å koma dit står me likevel overfor mangeval. Me, skriv Lønning, treng eit nytt og inkluderande naturomgrep. I teksten hiv han såleis ut følgjande brannfakkel: Er det rett og slett tid for å bytta ut dei omgrepa som har dominert naturvernet og studiane våre av natur det siste hundreåret; «økologi» og «økosystem»? Teksten kan lesast som eit sjølvstendig arbeid, men også som eit tillegg til Jordboka, Jordboka II og Kompostboka.

Kvifor held me fram med å øydeleggja naturen når me alle veit at me er fullstendig avhengige av den?

Dette er eit av dei store spørsmåla professor Dag Jørund Lønning utforskar i essayet Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon.

Svaret, skriv Lønning, handlar mykje om den makt «dei siamesiske erobrartvillingane Industrilandbruk og Forbrukarsamfunn» har fått over sinna og økonomien vår, men kanskje endå meir om vår tilrana «rett» til å heva oss over og utbytta anna liv for å oppfylla våre eigne interesser og behov.

Dette brutale ranet er drivande både for klimaendringane og dei katastrofale, akselererande naturmangfaldstapa me høyrer meir om kvar dag.

Men så, når det ser som aller mørkast ut, dukkar det opp eit nytt håp. Eit håp om ei heilt ny retning for mennesket.

Den regenerative, naturbyggjande, revolusjonen kan koma til å snu opp-ned på jordbruket. Tilsvarande for måtane me planlegg og byggjer husa og nærmiljøa våre.

Men det stoppar ikkje der. For i det regenerative ligg også kimen til ein ny naturetikk, ein revolusjonerande etikk om mennesket som ein byggjande art i naturen. Ein etikk som kan vera med og visa vegen til den grøne, kompostmoderne framtida.

For å koma dit står me likevel overfor mangeval. Me, skriv Lønning, treng eit nytt og inkluderande naturomgrep. I teksten hiv han såleis ut følgjande brannfakkel: Er det rett og slett tid for å bytta ut dei omgrepa som har dominert naturvernet og studiane våre av natur det siste hundreåret; «økologi» og «økosystem»?

Teksten kan lesast som eit sjølvstendig arbeid, men også som eit tillegg til Jordboka, Jordboka II og Kompostboka.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Mennesket i naturen

Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon

Dag Jørund Lønning

Forlaget Nyskaping

ISBN 978-82-997796-4-7 E-bok

Mennesket i naturen. Regenerativ etikk for ein ny grøn revolusjon

Dag Jørund Lønning

ISBN 978-82-997796-4-7 E-bok html

© Dag Jørund Lønning 2020

Ingen kopiering eller deling utan samtykkje frå forfattar.

Epost: kontakt@komposten.no

Foto forside og s 63: Mikkjell Lønning

Alle andre foto: Dag Jørund Lønning

Om forfattaren

Dag Jørund Lønning er utdanna sosialantropolog

og prosessfilosof, og er til dagleg rektor og

professor ved Høgskulen for grøn utvikling

(HGUt) på Bryne.

Han er forfattaren bak m.a. dei tre salssuksessane

Jordboka, Jordboka II og Kompostboka, bøkene

om det fantastiske økosystemet i matjorda og om

forholdet mellom mennesket og naturen.

Han er oppvaksen på gard, men som minstemann

i familien måtte han på den opne marknaden når

eiga jordbruksinteresse skulle realiserast. Saman

med kona Anne-Mette og borna Mikkjell og Maia

har det opp gjennom åra blitt tre småbruk og eitt

«minibruk» – det siste er noverande bustad sør på

Jæren.

Natur og bruk av natur er ein livslang lidenskap

for forfattaren, og han har studert den og deltatt

aktivt i den sida han var liten – «væpna» med

opne sansar, notatblokk, flugefiskestong,

fotoapparat og kikkert.

Denne teksten kan lesast som del av Lønning sitt

mangeårige arbeid med å utvikla ei produktiv og

byggjande rolle for mennesket i naturen.

Innhald

Om forfattaren

Føreord

Innleiing: Enorm krise, stort håp

Etikk er kulturelt konstruert

Antroposentrisme: mennesket står over alle andre

artar

Biosentrisme: alt liv er likeverdig

Økosentrisk etikk: verdien av samspelet

Er det på tide å bytta ut økologi-omgrepet?

«Vern» er på plass, men «bruk» manglar

Regenerativ utvikling: naturbyggjande

skaparglede

Det regenerative som fagfelt

Mot ein regenerativ etikk?

Alternativet finst

Tankar ved eit vegskilje

Føreord

Eg har lenge planlagt å dukka litt djupare ned i

temaet naturetikk. Vår menneskeleg verd er

kulturelt konstruert, og etikk/moral er ein viktig

del av desse konstruksjonane. Som med all

kultur, ser me enorm variasjon. Det som er etisk

høgverdig i ein kultur, kan vera det motsette i ein

annan.

Dette gjeld i høgste grad også for naturetikken,

den del av det etiske feltet som skal influera

og/eller styra vår omgang med den ikkjemenneskelege

verda rundt oss. I mange år har eg

vore oppteken av følgjande spørsmål: Kvifor

øydelegg me den natur me alle veit me er avhengige av?

Etter å ha arbeidd intensivt med den levande

molda og studert våre mangfelte kjemiske og

mekaniske åtak på den, har det blitt kritisk viktig

å finna svar.

Eitt av svara er veldig beint fram: Fordi me har gitt

oss sjølve retten til å gjera det.

I denne teksten utforskar eg det dominerande

naturetiske paradigmet her i vesten,

antroposentrismen, og dei enorme

konsekvensane dette har hatt for måtane me

oppfattar og (mis)brukar naturen og livet rundt

oss. Samtidig er målet også denne gongen å utøva

motmakt. Eg går difor inn i nokre fullt utvikla

naturetiske alternativ, før eg, i siste del, set ned

nokre merkepålar rundt det eg kallar regenerativ

(naturbyggjande) etikk – ein etikk som kan

utleiast av den regenerative

nærdyrkingsrevolusjonen som no spreier seg frå

land til land og stad til stad.

Dette starta eigentleg som ein kronikktekst. Men

teksten vart fort for lang til det. Difor blei planen

endra til blogg. Men også denne malen blei

ganske kjapt for snever.

Ei kort stund tenkte eg på vitskapleg artikkel,

men det la eg fort frå meg: For kvifor skal dette

fascinerande og uhyre viktige temaet forbehaldast

ein innsnevra krins av allereie innvigde?

Naturetikk vedkjem oss alle. Punktum.

Så kva tekst vart dette eigentleg? Eg veit ikkje

heilt. Eg har aldri vore særleg oppteken av å setja

merkelappar, heller av å fjerna dei. Så det blir litt

opp til lesaren å døma. Kanskje ein «pamflett»?

Eller eit «essay»? Ei tradisjonell «bok» er dette i

alle fall ikkje, så difor landa eg til slutt på eit

kanskje litt uvant publiseringsformat; ei allment

tilgjengeleg e-bok.

Uansett; eg håpar du som lesar finn dette temaet

like spennande som det eg gjer, og at denne

teksten vil motivera deg til både å søkja vidare inn

i den fantastiske naturen og til å setja i gang dine

eigne regenerative prosjekt.

I så fall tilrår eg dei tre bøkene mine Jordboka,

Jordboka II og Kompostboka (om du ikkje alt har

lese dei).

Så kven har eg å takka for at denne publikasjonen

vart til? Definitivt dei regenerative nyskaparane,

dei som kvar dag søkjer inn i naturen sine

produktive løyndomar og overfører desse til

menneskeverda.

Ei stor, stor takk går også til mine vener frå dyreog

planteriket. Til hanen Sindre (som mange

kjenner etter kvart gjennom Jordboka si FB-side),

hundane Spretten og Tia, til alle dei andre

fjørkledde på tunet, til villfuglane og blomane i

hagen, til trea, insekta, graset, meitemarken og

mikroorganismane i molda.

Det er dei som er den verkelege kjelda til

regenerativ kunnskap. Det å kunna vera tett på og

byggja verdiar saman med anna liv, er sjølve

definisjonen på å stå midt i naturen. Når ein

opplever at «det ville» livet stadig blir rikare rundt

ein, og at «det tamme» viser alle teikn på trivsel –

veit ein at ein har funne nokre viktige svar. Det

gir veldig inspirasjon til å stilla endå fleire nye

spørsmål. Som eg også skriv under: den som lærer

av og med naturen blir aldri utlært, men får

stadig meir innsikt.

Teksten er illustrert med eigne bilde (minus to

som son min har tatt). Dei er alle henta frå eigne

nære omgivnader og er meir eller mindre knytte

til teksten. Eg håpar dei vil bidra til refleksjon;

over vedtekne «sanningar» om forholdet mellom

oss og naturen, over livet og verdiane i livet og

over det vakre som fenomen.

Gaia har ein bodskap til den som evnar å sansa.

Bodskapen blir formidla til ei kvar tid, og over

alt:

Mennesket er berre ein av mange artar på denne

planeten. Alt liv har meining, verdi og vilje til å

leva. Me treng, og her brukar eg orda til ein etikar

de blir betre kjende med i teksten,

nobelprisvinnar Albert Schweitzer, å visa langt

større Vyrdnad for Livet.

Jæren, juni 2020

Dag Jørund Lønning

The fundamental fact of human awareness is this: «I am life that

wills to live, in the midst of life that wills to live». A thinking man

feels compelled to approach all life with the same reverence he has

for his own. Thus, all life becomes part of his own experience.

Albert Schweitzer, 1964

Innleiing: Enorm krise, stort håp

Dei tre bøkene Jordboka (2017), Jordboka II

(2019) og Kompostboka (2020), handlar alle om

den nødvendige overgangen frå industrilandbruk

og postmoderne forbrukarsamfunn til

regenerativt landbruk og den

sirkulærøkonomiske, kompostmoderne framtida.

Dette er eit radikalt og totalt paradigmeskifte, der

mennesket går frå å vera forbrukar og øydar av

naturressursar til å bli netto naturbyggjar.

Det er denne totale omveltinga eg kallar den nye

grøne revolusjonen – og det er denne som no har

vind i segla over heile verda; ettersom regenerativt

landbruk stadig vinn fleire sigrar, og nærdyrking 1

av mat opplever nesten eksplosiv vekst.

Likevel er det ein revolusjon som berre kan

lukkast om den blir sett inn i ein større

samfunnspolitisk og -filosofisk samanheng. Difor

er dei tre nemnde bøkene like mykje

systemkritikk og anti-dualistisk naturfilosofi som

dei er forteljingar om mikroliv og

dyrkingsteknikkar. Den kulturelt produserte

avstanden mellom menneske og natur som har

dominert den vestlege verda i veldig lang tid må

Me er heilt avhengige av naturen rundt oss, men

likevel gir me den ikkje eigenverdi. Me held tvert

om fram med å øydeleggja den natur me alle

saman veit me er avhengige av. Kva annan art

gjer slikt?

Mennesket er i sanning eit uhyre paradoksalt

vesen.

1

Eg tykkjer dette er eit betre ord enn «urbant landbruk». Dei

populære dyrkingsformene det her viser til skjer både i bygd og by, så

kvifor skal me kunstig oppretthalda eit skilje mellom storstad og

småstad der det ikkje er grunnlag for dette?

yggjast ned, og naturomgrep som inkluderer

mennesket må koma i staden.

Aldri har mennesket stått i ei djupare krise. Men

kanskje har me heller aldri hatt større håp. Me er

ein ung og umoden art. Revolusjonen som ligg

framfor oss er ulik noko annan menneskeskapt

revolusjon. Denne skal ikkje erstatta eitt politisk

styringssystem med eit anna. Den skal ta oss eit

steg vidare som art. I kompostmoderniteten

(framtidsvisjonen eg lanserer i Jordboka II) har

mennesket funne ei skapande rolle i naturen –

den svært mange har leitt etter og drøymt om i

mange, mange generasjonar.

For å koma dit treng me nye verdsbilde. Etikk er

ein viktig del av dette. I dette essayet går eg

gjennom ein del av dei mange utfordringar som

følgjer det sterkt menneskesentrerte

etikkparadigmet som dominerer i vesten. Deretter

presenterer eg nokre av dei alternativ

naturfokuserte nyskaparar har utvikla opp

gjennom åra. Før eg til slutt konkluderer med ei

mogleg etisk forankring for den nye grøne

revolusjonen.

In the hope of reaching the moon, men fail to see

the flowers that blossom at their feet.

Albert Schweitzer, 1958

Etikk er kulturelt konstruert

Det me kallar «kultur» er sjølvskapte lag av

meining «mellom» oss menneske og verda rundt

oss. Når me innanfor antropologien seier at verda

er «kulturelt konstruert», er det desse laga av

verdiar og tolkingar me siktar til. Vekselvis kalla

«kart» eller «briller», vil kultur ha stor påverknad

på blikka, behova, ønskja og handlingane våre.

Kultur er meir eller mindre felles innanfor ei

gruppe av menneske, og mogleggjer felleskjensle

og effektiv intern kommunikasjon.

Kvar og ein av oss har me våre daglege unike

«møte» med den fysiske verda og naturen rundt

oss, men kulturen vår gir oss ei ramme for korleis

slike møte skal tolkast og forståast. Det å detta og

slå seg er eit mykje brukt døme. Smerteerfaringa

er direkte og mi eiga, men kulturen eg er del av

seier meg noko om korleis denne bør delast med

andre. I nokre kulturar må smerte teiast med,

eller i alle fall underkommuniserast, i andre er

det gjerne stikk motsett. Der bør smerte og

sjukdom ropast ut der og då, og gjerne forteljast

om til så mange som råd i etterkant..

Ord som «må»/«bør» og «må ikkje»/«bør ikkje» er

i det heile sentrale i alle menneskekulturar. Når

normer og moral blir kollektive, systematiserte og

organiserte, kallar me dei gjerne «etikk». Kollektiv

moral, rett og slett. Me blir alle sosialiserte

innanfor etiske system. Mennesket er eit veljande

vesen, og våre konstruerte etiske system skal

stimulera oss til å velja «rett».

Gjennom oppveksten, og på ei lang rekke

samfunnsarenaer gjennom livet, får ein klare

beskjedar om kva ein bør og ikkje bør gjera, og

kva ein bør og ikkje bør trakta etter i livet. Slik

blir grupper (stadlege, aldersbaserte, etniske,

interessebaserte, osv.) og «samfunn» etablerte og

vedlikehaldne. Samfunn er vedvarande,

strukturert samhandling mellom menneske, og

dette er berre mogleg dersom det finst eit

minimum av felles spelereglar.

Som med kultur elles, er etikk likevel aldri

fullstendig delt. Eg kan ha ei rekke moralske

oppfatningar som er i konflikt med dei som

dominerer i gruppa eg er ein del av, men likevel

stillest eg overfor ein slags «samfunnskontrakt» for

å kunna verta verande medlem. Nokre av dei

etiske krava til ei gruppe er absolutte, og blir også

gjerne formaliserte og institusjonaliserte som

lovverk. Som forbod og påbod, og som straff for

dei som bryt slike.

Kva delar av liva og relasjonane våre som blir

omfatta av slike etiske system, varierer likevel

veldig. Hos såkalla «naturfolk» (eg brukar denne

lite presise nemninga i mangel på ei som er meir

presis), vil forholdet mellom menneske og dei

ikkje-menneskelege omgivnadene (naturen og

åndeverda) gjerne vera belagt med uhyre rike og

komplekse etiske kosmologiar. I dette landskapet

vil det gjerne finnast uhorveleg med både «bør»

og «bør ikkje», kombinert med absolutte forbod

og tabu. Den overordna funksjonen til slike vil

over tid vera å sjå til at ressursar ikkje vert

oppbrukte. Å oppretthalda ein fungerande

balanse mellom det menneskelege og det ikkjemenneskelege.

Antroposentrisme: mennesket står

over alle andre artar

I den vestlege verda, den verda som har dominert

og kolonisert planeten i mange generasjonar no,

stiller dette seg svært annleis. Vår sterkt

dominerande naturetikk, som me i varierande

grad forankrar i våre monoteistiske religionar (i

myta der mennesket blei skapt «i Guds bilde» og

instruert til å leggja under seg planeten), har

utgangspunkt i at mennesket er overordna andre

vesen. At mennesket er det einaste vesen med

innebygd verdi, og at me difor har ein naturleg

etisk grunngjeven rett til å sjå anna liv som

«ressursar» som kan utnyttast.

Eit slikt etisk system blir gjerne kalla

antroposentrisk (frå «antropos»: menneske); det

spring ut frå mennesket og frå menneskelege

behov. «Natur» inngår i eit slikt etisk system

anten som «ressursar», eller som skadelege krefter

som må haldast på avstand. Me klassifiserer ikkje

andre organismar etter roller i naturen, men etter

kor vidt dei er nyttige eller «skadelege» for

menneske (me har «nytteplantar» og «nyttedyr», så

vel som «ugras» og «skadedyr»). T.d. er artar som

gråsporv, kjøttmeis og bokfink definerte som

potensielle «skadedyr» her heime, artar som kan

skytast meir eller mindre fritt av ein kvar (kva

«skade» desse tre småfuglane eventuelt kan utøva,

er ikkje nødvendigvis heilt lett å skjøna..).

Også det klassiske naturvernet kan seiast å ha ei

antroposentrisk grunngjeving. Artar som hamnar

på «feil» side i våre klassifiseringar av det «nyttige»,

«unyttige» eller «skadelege», blir sjeldan verna. I

alle fall ikkje utan rike unnatak og

dispensasjonar. Det same gjeld artar som kjem i

vegen for næringsutøvinga vår.

Og skulle me likevel enda opp med å verna artar

som framstår som «unyttige/skadelege» blir dette

vernet gjerne møtt med latterleggjering og/eller

aktiv motstand. Dette siste handlar definitivt

ikkje berre om rovdyr. Oftare handlar det om

aktivt vern av langt meir unnselege artar (særleg

om dette skulle føra til konsekvensar for eit

utbyggingsprosjekt).

Nytteperspektivet og menneskesentreringa når

faktisk inn til sjølve kjernen av korleis me forstår

naturen og forvaltinga av den. Sjølve definisjonen

på «berekraft», utvikla under Brundtlandkommisjonen,

er å leva på eit vis som gjer det

mogleg for komande generasjonar å ha minst

same levestandard som oss. Verken andre artar av

liv eller naturen som heilskap er inkluderte i

definisjonen. Naturvern er nyttig for oss. Me

vernar natur for å verna om dei menneske som

skal koma etter oss. Det same fokuset ser me i

klimadebatten. Kamp mot klimaendringar blir, i

alle hovudsak, framstilt som viktig fordi desse

endringane trugar menneskelege interesser og

verdiar, ikkje fordi dei trugar andre artar eller

natur som heilskap.

What we seem to forget is that, yes, the sun will continue to

rise and the moon will continue to move across the skies, but

mankind can create a situation in which the sun and moon

can look upon an earth that has been stripped of all life.

Albert Schweitzer, 1957

Det antroposentriske naturvernet er kart- og

arealbasert. I små og spreidde enklavar får andre

artar lov til å leva meir eller mindre «fritt» (reint

bortsett frå at me i stadig større grad brukar dei

same områda som fritids- og friluftsareal – lut leie

som me blir av våre keisame monokulturelle

enger, motorvegar og asfaltjunglar).

Utanfor desse avgrensa areala, er det stort sett

fritt fram for menneskelege behov og

(nærings)interesser. Anna liv lyt tilpassa seg eller

vika.

Det aller alvorlegaste og farlegaste, er likevel at

berre ein uhyre liten del av det ikkjemenneskelege

livet er gjeve plass i den

antroposentriske naturetikken. Det økosystemet

eg har arbeidd med dei siste åra, det største og

rikaste på planeten, er fullstendig utelete. Det

enorme og livsviktige livet i molda er rett og slett

totalt verdi- og rettslaust.

Utan det arbeidet samspelet mellom organismane

i molda utfører med å lagra karbon og omdanna

det daude til næring for det blivande, kunne ikkje

noko liv eksistera på denne planeten. Verken

menneskeliv eller anna liv. Likevel er det

fullstendig utan vern mot menneskelege inngrep.

Dette gjeld både meitemarken og mikrolivet, og

alt det liv som ligg mellom. Desse er ikkje

definerte som etiske subjekt, og deira lagnad er

opp til kvar jordeigar.

I eigen hage kan eg planera ut med asfalt over

molda så mykje eg berre vil. I åkeren kan dei

køyrast over med kor tunge maskinar som helst

(det finst grenser for kor tunge maskinar som kan

køyra på asfalt og grus, ikkje på mold). Dei kan

også pløyast i fillebitar og drepast med gift og

kunstig plantenæring – alt utan at dette får noko

som helst konsekvensar for den som utfører

handlinga. Faktisk er den rådande kulturelt

konstruerte forventninga innanfor det

dominerande industrielle landbrukssynet at ein

skal behandla levande mold på dette viset.

Konsekvensane er dramatiske. Matjord blir

utarma og døyr i ein fart av kanskje 30

fotballbanar pr minutt. At matjord blir utarma,

betyr i praksis at det produktive livet døyr. Under

dei mangearta mekaniske og kjemiske åtaka frå

industrilandbruket (diverre er det mykje mindre

fokus i ålmenta, og innetter i landbruket, på

denne typen øydelegging av matjord enn på den

som ymsande nedbyggingar står for).

Væpna med antroposentrisk etikk, har

mennesket lydig følgt opp oppmodinga i

skapingsmyta; lagt under seg planeten og hevda

overherredømme over alt anna liv. Det er så

definitivt ikkje berre matjord som blir øydelagd.

Naturmangfaldet kollapsar. Hava er fiska nesten

tomme og i staden fylte opp med plast. Enorme

skogsområde (tilsvarande 27 fotballbanar i

minuttet) blir hogde og brende ned og erstatta

med palmeoljeplantasjar og hamburgerfe.

Me ser alle at dette skjer, men toar likevel

hendene våre. Mennesket er det einaste reelt

veljande av alle vesen, men reell endring er likevel

uhyre vanskeleg for oss å få til. Dette handlar

sjølvsagt om pengar og maktposisjonar som

konserverande krefter, men også om kultur som

fenomen. For kultur blir «naturalisert». Det gjeld

verdiar, normer og etiske reglar i like stor grad

som andre typar av kulturelle tolkingar og verdiar.

Me sluttar då å stilla spørsmål ved dei. «Det berre

er slik det er». Dei blir «sanningar», med enorm

innverknad på korleis me både oppfattar

kvarandre og samspelet oss i mellom, og korleis

me ser på den ikkje-menneskelege verda rundt

oss.

Menneske blir fødde inn i meir eller mindre

«ferdigtolka» landskap. Ei viss endring er sjølvsagt

mogleg, men dei viktigaste kulturelle

merkesteinane er sette ned av makthavarar og dei

som kom før. Frå me er små blir dei fleste av oss

sosialiserte inn i kulturar der mennesket er

overordna naturen med ein sjølvsagt rett til både å

bygga ned leveområde og å hausta det me vil av

andre artar.

Det blir nesten aldri sett spørsmål ved denne

retten. Kvar den kjem frå (kven som stod for det

opphavlege ranet), kva tid me byrja å ta den for

gitt (det er vel trass alt berre eit lite mindretal som

meiner at me har rett til å fara fram på dette viset

berre grunna ei vag antyding i ei like vag første

Mosebok?), og kven som eventuelt har forlenga

den no når det blir openbert for alle at me står

midt i ei uhyre alvorleg klima- og

naturmangfaldstap-krise.

Nedbrenning av regnskogar eller tømming av

plast i havet kan bli kritisert, ja, men retten me

har til å utøva slike naturøydeleggjande

gjerningar, blir det ikkje stilt spørsmål ved. Det

same gjeld i energispørsmål. Me drøftar kva som

eventuelt er best og verst av fossil energi,

nedbygging av elvar eller utbygging av enorme

areal til vindturbinar, men heller ikkje her er det

ei einaste røyst som stiller spørsmål ved vår etiske

og moralske rett til masseøydelegging av natur (og

leveområde for andre artar) for å stetta våre eigne,

stadig veksande, energibehov.

Heller ikkje under SARS CoV2-pandemien –

med forsking tilgjengeleg som tydeleg viser at vår

fortrenging av naturen generelt og måtane me

behandlar dyrelivet rundt oss på, er reelle årsaker

til at nye virus spreier seg frå dyreverda til

menneskeverda – kom me på å stilla slike

spørsmål.

Både det moderne og det postmoderne

menneskesamfunnet er bygde opp i det

antroposentriske verdsbildet. Dette bildet har

vore fullstendig dominerande i generasjonar. Og

er det også i dag. Antroposentrisme mogleggjorde

kapitalismen, og det fremste forsvaret av

kapitalismen som global modell i dag, gjev berre

meining om ein har på seg antroposentriske

briller: Kapitalismen har løfta millionar av

menneske over heile verda ut av fattigdom, blir

det ofte hevda. Det blir også hevda at det relative

talet på veldig fattige rundt om i verda går ned.

Sjølv med eit antroposentrisk utgangspunkt er

dette berre ei flik av sanninga (for sjølv om mange

veldig fattige kanskje har blitt litt mindre fattige,

er nok det fremste resultatet at nokre få rike har

blitt veldig mykje rikare), men la oss denne gong

godta slike argument. Spørsmålet blir då kvar

desse verdiane som eventuelt har løfta menneske

opp av fattigdomen kjem frå? Dei kjem sjølvsagt

frå naturen. Det er naturen – ikkje-menneskeleg

liv – som har lidd aller mest under kapitalismen

sin framvekst. Naturen sine tap er proporsjonale

med kapitalismen sine sigrar. Dei enorme tap av

areal og naturmangfald som me har opplevd dei

siste tiåra er dei reelle resultata av det fremste av

alle kapitalistiske mål, vekst.

Dette ordet, det største fyndordet av dei alle, har

kolonisert og fullstendig dominert

menneskesinnet. Vekst har blitt alle tings

meining og alle tings mål. Ei kollektiv

tvangsførestilling, rett og slett. Alt må bli større.

Livet mitt, garden min, maskinane mine, vegen

vår, skulen og høgskulen, butikkane me handlar i,

kommunen og fylket me bur i. Og etter kvart som

alt veks, veks også ressursbehova. Og difor åtaka

på naturen. For vår rett til vekst på kostnad av alt

anna levande har me teke, og tek framleis, heilt

for gitt. Den antroposentriske etikken står

fjellstøtt.

Ettersom krisene tårnar seg opp i horisonten, blir

behovet for alternativ berre meir og meir prekært.

Me har ikkje meir «ledig» natur å byggja ned.

Faktisk er det motsett: natur må byggjast opp att.

Globalt brukar me no dobbelt så mykje ressursar

som det naturen evnar å fornya. Her i Noreg

brukar me fire gongar (!) så mykje. (Me trekkjer

ofte fram undersøkingar som viser at me er blant

dei materielt sett «beste» landa i verda å bu i,

medan undersøkingar som visar at me også lever i

eit av dei minst «berekraftige» land i verda,

sjeldan eller aldri blir nemnde).

Skal også framtida vera grøn, må me difor leggja

bort antroposentrismen, stiga ned av antroposcenen

(tidsalderen der mennesket er alle tings meining

og mål), og i staden finna våre byggjande og

2

Det finst fleire enn dei to eg presenterer, men desse er dei mest

markante og utvikla.

skapande roller i naturen. Forholdet vårt til livet

rundt oss (og under oss) må altså fundamentalt

«reforhandlast», og for å lukkast treng me eit etisk

rammeverk som legg til rette for dette enorme

paradigmeskiftet.

Så korleis kan eit slikt rammeverk sjå ut? Pr i dag

finst det to openberre, etablerte «kandidatar». 2

Altså meir eller mindre utvikla etiske system for

forholdet mellom menneske og natur. Begge står i

rak motsetnad til antroposentrismen.

It hurts me to think that we never acknowledge the absolute

mysterious character of Nature, but always speak so

confidently of explaining her, whereas all that we have really

done is to go into full and more full and more complicated

descriptions which only make the mysterious more mysterious

than ever.

Albert Schweitzer, 1924

Biosentrisme: alt liv er likeverdig

Personleg moralkjensle var drivkrafta for kanskje

den fremste av alle nyskaparar innanfor

naturetikken, den tysk-franske legen Albert

Schweitzer (1875 - 1965). Rundt seg såg han

korleis insekt, dyr og fuglar leid grunna

menneskeleg aktivitet, og alt i barneåra tok han

eit oppgjer med menneskekollektivet sin

antroposentriske naturetikk. Schweitzer fortel i ei

av bøkene sine at han som gutunge forfatta eit

personleg tillegg til kveldsbøna. Dette tillegget

blei framført etter at foreldra hadde ønskt god

natt, lukka døra og sløkt lyset. Då bad vesle

Albert Gud om å verna om dyra og alt levande,

ikkje berre om mennesket. 3

Som vaksen lege utvikla Schweitzer ein heil

filosofi rundt det han kalla «vyrdnad for livet»

(Reverence for Life). Denne filosofien løftar opp

livet i seg sjølv som etikken si forankring. Slik

transformerte han også etikken sitt vesen frå

berre å handla om relasjonar mellom menneske

til også å gjelda relasjonar mellom menneske og

anna liv.

Schweitzer avviser at det finst «høgare» og «lågare»

livsformer (i moralsk forstand). Alt som lever er

verdfullt i seg sjølv. Vilje til liv bitt menneske og

alle andre levande vesen saman. Eg er liv som

ønskjer å leva, omkransa av anna liv som også

ønskjer å leva, skreiv Schweitzer.

Å stadfesta livet som verdfullt, er å bli meir

medviten i forhold til eigne handlingar. Både

3

Schweitzer var djupt religiøs (kristen), og er prov på at monoteisme

ikkje nødvendigvis må bety antroposentrisme. Mange av refleksjonane

til Schweitzer grensar nok til det me i dag gjerne kallar panteisme –

ideen om at Gud er i alt. For Schweitzer var det alltid stor N i ordet

Natur.

overfor andre menneske og overfor anna levande.

Det å ta anna liv, vert noko ein gjer berre når det

er heilt naudsynt, held Schweitzer fram.

Det er noko sterkt og treffsikkert ved Albert

Schweitzer sine refleksjonar om livet som

fenomen. Desse tankane gjer noko med ein, og

difor har eg i dette skrivet valt å løfta fram att

Schweitzer (gjennom å presentera nokre av dei

mest kjende sitata hans om forholdet mellom

mennesket og naturen). Hans banebrytande

naturetikk går aldri ut på dato.

Eg skriv sjølv mykje om dette i Jordboka (2017)

og Jordboka II (2019). Fenomenet «liv» er

grunnleggjande mystisk. Det me veit er at når

livet forlèt ein organisme, så er denne sitt vesen

borte. Tilbake er berre skalet. Kva det er som

forsvann, veit me likevel ikkje. Heller ikkje kvar

det kom frå eller kvar det eventuelt skal. Eller om

«liv» er det same på tvers av dyreverda og

planteverda.

Men det er uansett denne vedunderlege

«motoren» me alle deler. Menneske, plantar, dyr,

fuglar, insekt, fiskar og mikroorganismar. Å

tenkja gjennom korleis handlingane våre påverkar

andre levande vesen, er ein god og fornuftig

praksis. Den skaper auka medvit.

Schweitzer var inspirert av austlege filosofiar då

han utvikla sin vyrdnad-for-livet – etikk. Ein

moralfilosofi han fekk Nobels Fredspris for i

1952 (det er eigentleg ganske flott å tenkja på at

ein som kjempa for rettane til det ikkjemenneskelege

livet har fått fredsprisen!). Sjølv har

han inspirert fleire i den vestlege verda til å våga

seg ut i dette kanskje mest «sanningsbelagde» av

alle dei kulturelle felt me omgir oss med; etikken

som styrer vår omgang med den ikkjemenneskelege

verda.

Filosofen Paul Taylor skriv i boka Respect for

Nature (1986) at kvart levande vesen er eit

teleologisk sentrum. Det har ei oppgåve og såleis

ein grunn til å eksistera. Og difor har det også

verdi. Dette gjeld både menneske og alle andre

artar av levande. Taylor tek difor til orde for å

gjera etikken artsnøytral. Som Schweitzer var han

oppteken av livet som prinsipp, og det er der han

forankrar sitt etiske program. Ikkje i mennesket,

men i livet.

Schweitzer og Taylor er nok dei to viktigaste

forgrunnsfigurane innanfor den filosofiske

retninga me i dag gjerne kallar «biosentrisme».

Bio kjem frå «liv» og «sentrisme» handlar om,

nettopp, sentrum. Der antroposentristar

avgrensar verdi til å gjelda berre eitt av uhorveleg

mange artar levande på planeten, hevdar altså

biosentristane i praksis det diametralt motsette:

Det gir inga meining å seia at ei form for liv er

viktigare og meir verdfull enn ei andre. Slik

ekstrem etisk reduksjonisme finst det ikkje noko

legitimt grunnlag for.

Ein moralfilosof som berre delvis fell under

denne paraplyen, er den vidgjetne australiaren

Peter Singer. Med bruk av omgrepet specieism

(«artsisme»), går han til åtak på menneskeleg

diskriminering av andre medvitne dyr. Han

sidestiller til dels specieisme med rasisme.

Når eg skriv at Singer berre delvis kan kallast

biosentrist, er det på grunn av den radikale

avgrensinga han gjer ved berre å inkludera artar

med medvit. Det å ha medvit om eigen eksistens,

og det å ønskja eigen eksistens, fører til

inkludering i Singer sitt etiske univers. Har ein

ikkje slikt medvit, har ein heller ikkje «verdi i seg

sjølv».

Everything is connected

In everything you recognize

yourself. The tiny beetle

that lies dead in your path

– it was a living creature,

struggling for existence like

yourself, rejoicing in the

sun like you, knowing fear

and pain like you. And

now it is no more than

decaying matter – which is

what you will be sooner or

later too.

Albert Schweitzer, 1919

Sjølv har Singer engasjert seg sterkt både i

dyrevernsorganisasjonar og i kampen mot global

fattigdom. Han kan difor seiast å leva slik han

predikerer. Likevel er han sterkt kontroversiell og

kritisert i mange miljø, m.a. i forskjellige

landbruksmiljø (pga engasjement for veganisme

og mot dei fleste former for husdyrhald) og i

religiøse miljø (pga engasjement for eutanasi i dei

tilfelle der mennesket ikkje lenger har medvit om

eigen eksistens og tilsvarande engasjement for rett

til abort).

Sjølv når me legg slike kontroversielle tema til

sides, er det noko, for meg, djupt problematisk

med å trekkja inn «medvit» som

klassifiseringsgrunnlag for opptak i eit etisk

univers. For kva er eigentleg medvit i dyreverda?

Finst det i det heile artar som ikkje ønskjer å leva?

Og som ikkje gjer alt for å kunna leva? Kva art

skulle det i så fall vera? I alle fall ikkje løvetanna

som sprengjer seg opp gjennom asfaltdekket!

Også i mikroverda blir slike kategoriseringar

umoglege. Det er sjølvsagt vanskeleg å hevda at

jordbakterien eller skalamøba eg observerer i

mikroskopet mitt har «medvit» (heile omgrepet

medvit er eigentleg ganske utydeleg), men det

meste tyder i alle fall på at dei gjer alt for å kunna

halda fram med å eksistera innanfor dei

eksistensrammer dei er gitt.

Slik sett gjev Taylor sin definisjon av alle levande

vesen som teleologiske sentrum i verda, langt

meir logisk meining som grunnlag for å tildela

etisk verdi. Både jordbakterien og skalamøba er

uendeleg viktige i naturen. Også for oss. Som

artsgrupper er dei i røynda langt «viktigare» enn

veldig mange av dei artar Singer vil inkludera.

Utan jordbakterien og skalamøba vil alt slutta å

veksa, og livet på jorda vil døy ut.

Men sjølv utan Singer sine kontroversielle idear,

er det å omsetja biosentrisk etikk til praktisk etikk

særs vanskeleg. For ein ting er å seia at alle

individ av alt levande har etisk verdi, noko heilt

anna er det å utvikla eit tydeleg etisk program for

menneskeleg handling tufta på eit slikt

utgangspunkt.

stimulera til både reelt naturvern og

naturbygging?

Me kan forankra i det natur eigentleg består av:

produktive samanhengar og heilskaplege samspel.

Me både bør og må bli langt meir medvitne

korleis handlingane våre påverkar andre vesen

rundt oss, men samtidig vil menneskeleg

overleving alltid medføra at anna liv går tapt. Med

ein etikk som er forankra i den innebygde verdien

til kvart enkelt individ av alt anna levande, vil me

difor måtta gå rundt med konstant dårleg samvit

for dei livstap vår mangfelte veren i verda

nødvendigvis medfører. Det er og umogleg å sjå

korleis det skal kunna utviklast eit lovverk basert

på eit slikt krevjande utgangspunkt.

Så kvar kan me eigentleg forankra det nye etisk

programmet me så sårt treng, det som skal

Økosentrisk etikk: verdien av

samspelet

I etikken og moralfilosofien er omgrepet verdi i

kraft av seg sjølv («intrinsic value») sentralt.

Oppgåva til moralfilosofen er å gje verdi ei

grunngjeving, ei tydeleg forankring.

Antroposentrisme og biosentrisme, radikalt

forskjellige som dei elles er, har det til felles at båe

tankesett har utgangspunkt i individet. Det er

dette som har verdi i kraft av seg sjølv.

Me er vane med å knyta etikk til rettar, og rettar

til individ. Dette gjev meining for etiske system

som regulerer forhold mellom menneske, men

med eit slikt utgangspunkt skaper me ein

uoverkomeleg avstand mellom oss sjølve og

naturen rundt oss. Ein individbasert biosentrisk

naturetikk er ikkje berre vanskeleg å gjennomføra

i praksis, den vil og ha vanskar med å relatera til

korleis natur fungerer. Tap av enkeltliv skjer heile

tida i naturen, og er ein uunngåeleg konsekvens

av menneskeleg aktivitet – uansett kor varsamt

me skulle fara fram. Og dei liv me tek – medvite

eller umedvite – er alle liv som så absolutt ønskte

å leva.

Men det krev ikkje lang tids observasjon for å

oppdaga at natur er veldig mykje meir enn

enkeltliv. Natur er ekstremt komplekse,

syntropiske samanhengar og heilskapar. Natur er

vedvarande fornying og omdanning, og alltid på

veg mot det komande. Natur er karbonlagring,

ressursbygging og næringssirkulering.

Det gjev framleis djup meining å sjå kvart individ

som eit teleologisk sentrum med oppgåver og

roller, men når det eine individet fell frå vil andre

individ innanfor same art fylla rommet og sørgja

for at oppgåvene blir utførte.

Sett som heilskap er natur lag på lag med roller

og ekstremt intelligente samspel som inkluderer

alt frå mikroorganismane i molda og inne i oss

via insekta, plantane, fuglane og beitedyr til

rovdyra. Dei same samspela, men med andre

typar aktørar, skjer også i elvane, innsjøane og

hava. Enkeltindividet lever sitt liv og gjer alt for å

kunna leva vidare så lenge som råd, men for Gaia

er dei verdi- og ressursskapande samanhengane

det avgjerande. Det er desse som må verka for at

natur skal fornyast og nytt liv byggjast, og det er

også her me må forankra naturetikken vår.

Med andre ord; alle artar er viktige (og heilt

uavhengige av om dei er «medvitne» eller ikkje).

Det aller viktigaste er likevel det fornyande og

verdiskapande samspelet mellom artar. Dette skjer

i eit fysisk landskap, eit landskap som sjølvsagt

også inkluderer menneske.

Den etiske retning me i dag gjerne kallar

«økosentrisk», kan førast tilbake til den

amerikanske naturvernaren og forfattaren Aldo

Leopold. I boka A Sand County Almanac (utgiven

like etter at han døydde i 1949), presenterer han

rammene for det han kallar «landetikk» eller

«landskapsetikk». Eit heilt sentralt poeng her er at

menneske ikkje kan «eiga» eit landskap. Slik

heller ikkje kjøttmeisa, hjorten eller meitemarken

kan gjera det. Det stiller seg heller motsett: Land

eig oss. Menneske er del av eit landskap. Saman

med eit nærast uendeleg tal andre vesen og

organismar. Landskapet og dei økosystem det

inneheld, veks fram som eit samspel mellom alle

dei artane som har det til leveområde. Landetikk

er ikkje å nekta menneske sin rett til å bruka

landskap i næring. Det er heller å påpeika at det

store samværet me er ein del av, legg eit alvorleg

ansvar på oss. Vår bruk må ikkje hindra andre

artar sin bruk eller øydeleggja økosystem.

Den etiske handlinga, seier Leopold, er difor den

som vernar om livet og økosystema.

Vår eigen Arne Næss har også vore svært viktig

for utviklinga av denne måten å forstå menneske

og natur. I den filofiske retning han er mest kjend

for internasjonalt, «djupøkologien», er det sterkt

utheva at det ikkje-menneskelege livet på jorda

har eigenverdi uavhengig av eventuell «nytte» for

menneske. Samtidig er hovudfokuset i denne

filosofien likevel på systemnivået, på behovet for å

sikra levande og funksjonelle økosystem. Også

menneskelivet må levast innanfor slike rammer.

Ein tredje enkeltperson som har fått mykje å seia

for denne heilskaplege måten å forstå forholdet

mellom menneske og natur på, er den canadiske

økologen Stan Rowe. I artikkelsamlinga «Den

levande jorda», tek han til orde for at det

økosentriske verdsbildet er det einaste som kan

gjera menneske til del av den skapande naturen

som utgjer planeten vår. Jorda, ikkje mennesket,

er det kreative livet sitt opphav og kjelde til

fornying, skriv Rowe. Dei etiske rammene for liva

våre må ha dette som absolutt forankring.

Økosentriske verdsbilde og etiske program vinn i

dag stadig fleire tilhengarar ettersom natur- og

klimakrisa vert tydelegare og miljørørsla veks

fram. Også innanfor internasjonal akademia vert

det fleire «økosentristar». Den globale MAHBalliansen

(The Millennium Alliance for Humanity

and the Biosphere) utgår frå Stanforduniversitetet

i USA og har aktive deltakarar over

heile verda. Vidare finst det no eit eige vitskapleg

tidsskrift med økosentrisme som tema og

utgangspunkt; The Ecological Citizen. Det blir og

undervist i økosentrisk etikk innanfor miljøretta

program på universitet i ei rekke land.

Ein global underskriftskampanje til støtte for

økosentrisme samlar i desse dagar underskrifter

frå akademikarar og aktivistar over heile verda.

Økosentrisk etikk, heiter det her, utvidar det

moralske universet til alt liv, til landbaserte så vel

som til vassbaserte økosystem. Ja, til heile

økosfæren, til dei levande så vel som dei ikkjelevande

komponentane.

Stadig fleire skriv under på denne flotte

støtteerklæringa. Samtidig verkar det å vera veldig

langt fram før økosentrisk etikk eventuelt skulle

representera ei reell utfordring i forhold til det

sterkt dominerande antroposentriske verdsbildet.

I cannot but have reverence for all that is called

life. I cannot avoid compassion for everything that

is called life. That is the beginning and foundation

of morality.

Albert Schweitzer, 1919

Er det på tide å bytta ut økologiomgrepet?

Eg trur det er to heilt sentrale årsaker til dette.

Den første går inn til kjernen av korleis

notidsmennesket – også det miljømedvitne –

oppfattar kva natur er og kva vern om natur

betyr.

I Jordboka II etterlyser eg eit nytt naturomgrep,

eit som inkluderer mennesket. For det me har i

dag gjer så definitivt ikkje dette. Natur er noko

«der ute», noko bortanfor menneskeverda.

Menneskeleg «kultur» er ordnande og temjande,

medan «natur» er utemt og potensielt farleg.

Noko som må haldast på trygg avstand. Sperrast

inne i innsnevra enklavar (fysiske og

konseptuelle), eventuelt setjast i bur.

Frå denne posisjonen av avstand og kontroll, kan

me då dyrka våre mangfelte fascinasjonar for

«natur». For det enorme universet av ikkjemenneskeleg

liv, og for korleis ulike artar av

levande spelar saman.

Ordet økologi er allstadnærverande i dag. Det

same er økosystem. Dette er ord og omgrep me

meir eller mindre tek for gitt. I røynda er dette

likevel «nye» omgrep. Ordet økologi vart

«oppfunne» av den tyske biologen Ernst Haeckel i

1866, ordet økosystem av den britiske økologen

A. J. Tansley så seint som i 1935.

Det etymologiske opphavet til desse orda har

absolutt ingenting med natur å gjera. «Øko» kjem

frå det gammelgreske «oikos». Det tyder hushald

og/eller forvalting av hushald. «Logo» tyder lære.

Direkte oversett blir økologi altså hushaldslære,

eller rett og slett heimkunnskap. God forvalting

av oikos, det individuelle hushaldet, var naudsynt

for å kunna hevda seg i polis, bystaten.

Det er dette forholdet mellom individuell

handling og kollektiv-/systemdanning

økologiomgrepet søkjer å overføra frå

menneskeverda til studiet av andre artar. Ordet

«økologi» er difor i røynda ein analogi. Når me,

med menneskeblikket, studerer den synlege

naturen rundt oss, kjenner me oss att på eit vis.

Kvart enkelt individ er opptekne med sine eigne

prosjekt. I all hovudsak hushaldsoppgåver. For

fuglen som byggjer reir, ruger fram ungar og

matar desse, er det som om omverda ikkje

eksisterer. Samtidig veks det fram tydelege

samspel og system – «polis» om ein vil – mellom

alle desse individuelle hushaldsforvaltarane,

system som skaper og vidarefører energi, ressursar

og verdiar.

At økologiomgrepet spring så tydeleg ut frå

menneskeverda og menneskeblikket, kunne ha

vore eit godt utgangspunkt for å inkludera

mennesket og gje det ei rolle. Slik vart det likevel

ikkje. Som fagfelt vart økologien mennesket sine

studiar av korleis andre artar interagerer med sine

omgivnader.

Ein sit difor att med eit omgrep som framstår

som ganske så paradoksalt. Dette meir eller

mindre einerådande verktøyet vårt for å studera

forholdet mellom artar og miljø, har ei openberr

antroposentrisk slagside. «Oikos» var forvalting av

materiell og sosial kapital (m.a. kontroll med

kvinner og innkjøp og sal av slavar) for å oppnå

personleg rikdom, og difor privilegiar i Polis. I

den grad andre artar av levande var del av dette,

var det eventuelt som menneskeleg eigedom. På

den andre sida, om me går til bruken av omgrepet

i vår eiga tid, slit ein med å finna gode eksempel

på at mennesket som art blir inkludert i det heile.

Mennesket står i staden utanfor og observerer på

avstand. Observerer verder og system som ligg

utanfor ein sjølv.

Dette gjeld både for «økologi» og «økosystem».

Den dualistiske avstanden mellom mennesket og

naturen blir effektivt vidareført og vedlikehalden:

Me «veit» svært godt at natur er over alt, men me

konstruerer den likevel kulturelt som «der ute»

og/eller «der borte», som «noko anna» enn oss.

Som noko me menneske aldri heilt vil få grep om

eller bli del av.

Når omgrepet «økosystem» blir nytta i den

offentlege debatten, handlar det i nesten alle

tilfelle om å avgrensa den skade menneske gjer.

Økosentrisk etikk tek, som me no har sett, til

motmæle mot ei slik avgrensing. Samtidig er det

nærast uunngåeleg at denne rådande oppfatninga

av kva økologi og økosystem er, heftar ved.

Det same gjeld debatten om økologisk landbruk,

som oftast handlar om å produsera mat som er

tryggare for «forbrukaren» å eta. Sjeldan eller aldri

blir denne driftsforma presentert som «ei

skapande rolle for mennesket i naturen».

På mange vis er det me sjølve som kjem i vegen.

Dei mange vitskapane som studerer mennesket

som sosialt og kulturelt vesen, fortel om ein uhyre

kompleks art som definitivt ikkje kan forståast

ved reduksjon til reine fysiske attributtar og

observerbar handling.

Mennesket er difor ei vedvarande utfordring for

naturvitskapane. Med dei modellar og metodar

ein sit på, er ein fullt ut kapabel til å studera

naturen i mennesket (mikrobiologien), men ikkje

mennesket i naturen.

Studiet av andre artar og deira samkvem kan

reduserast til observerbare storleikar som kan

teljast, vegast og reknast. Me har i uhyre liten

grad tilgang til andre vesen sine sanseapparat, og

difor «slepp ein» også i stor grad å relatera seg til

kompliserande, kvalitative storleikar som t.d. «det

vakre», «glede» og «trivsel» (Goethe peikte på desse

utfordringane alt i 1810: Kva er ein blom

eigentleg? Kan den reduserast til kromosomar og

formlar? Kva då med alt det som ikkje kan teljast?

Med fargane? Luktene? Det som skaper

forventning og gir oss djup glede? Det

spirituelle?). 4

Ikkje noko av denne enorme kvalitative

kompleksiteten er inkludert i det ein vanlegvis

assosierer med «økologi» og «økosystem».

Mennesket som komplekst vesen høver rett og

slett ikkje inn. Kvalitative storleikar og

eigenskapar er også sterkt underkommuniserte i

våre studiar og skildringar av artar. Slik

sementerer økologiomgrepet antroposentrismen.

Spørsmålet blir difor: Korleis kan økologiomgrepet

i det heile utgjera den møtestaden me

leitar etter? Svaret? Det kan det ikkje!

Følgjande paradoks vert synleg: Økosentrismen er

bygd opp rundt målet om ei heilt nødvendig

integrering av mennesket i naturen, men i praksis

byggjer ein etikken og filosofien rundt eit omgrep

og eit tankesett som gjer dette svært vanskeleg.

4

Når dette er sagt: heller ikkje samfunnsvitskapane generelt, eller

antropologien spesielt, kan seiast å ha gjort ein særleg god jobb på

dette feltet. Framfor å fokusera på bindingane våre til naturen, har

ein hatt hovudfokus på det dualistiske skiljet mellom «natur» og

«kultur». På det som skaper og det som vedlikeheld denne skapte

avstanden. Ut- og framhevinga av denne dikotomien har fått store

konsekvensar. Ikkje minst det noko underlege skiljet mellom

«naturlandskap» på den eine sida og «kulturlandskap» på den andre -

som om «natur» berre skulle vera del av førstnemnde.

Avstandsforholdet mellom oss og den ikkjemenneskelege

verda heftar ved både sjølve

økologiomgrepet og måtane dette blir nytta på.

Det er rett og slett uhyre vanskeleg å sjå korleis

det komplekse mennesket skal kunna gjevast rom

utan at heile omgrepet må redefinerast.

Frå nyskapingsforskinga veit me at dette siste, det

å endra innhaldet i eit etablert omgrep –

inkludert oppfatningar og assosiasjonar knytt til

dette – er uhyre krevjande. Alle står sjølvsagt fritt

til å redefinera økologiomgrepet. Til å gje det

heilt ny, utvida meining. Utfordringa ein likevel

vil stå overfor i overskodeleg framtid, er at dei

aller fleste vil halda på den opphavlege tolkinga.

Omgrepet er rett og slett for etablert i dag. Det

har blitt «sanning» for dei fleste. Og då vil den

som redefinerer slita enormt med å nå fram med

den nye tolkinga. I staden for å ta menneskja

nærmare naturen, som er det ein ønskjer med

redefineringa, vil ein måtta bruka tida og kreftene

på uttrøyttande omgrepsforklaring.

Sjølv har eg i alle høve landa på følgjande

konklusjon: Slik berekraftsomgrepet i dag er ein

dinosaur, 5 slik er også økologiomgrepet det.

Behova er rett og slett heilt annleis no enn når

omgrepa «økologi» og «økosystem» såg dagens ljos.

Då handla det i stor grad om behovet for

forståing. Det gjer det sjølvsagt endå. Men

behovet for positiv menneskeleg handling er endå

større. Me treng eit omgrep som gir rom og

retning for ei byggjande og verdiskapande rolle

for mennesket i naturen. Det nye naturomgrepet

5

Då omgrepet først vart definert av Brundtland-kommisjonen, var det

20 år sidan mennesket brukte meir naturressursar enn naturen evnar

å fornya; altså slutta å vera berekraftig. I ettertida har overforbruket av

naturressursar berre halde fram. Skal etterkomarane våre få oppleva

ein grøn planet, er det difor langtfrå nok at overforbruket stoppar.

Me har øydelagt alt for mykje allereie, og den grøne framtida avheng

av at me byggjer opp att det me har øydelagt.

må løfta opp og fram vår skapande samhandling

med andre artar og livsmiljø. Det må endra vår

rolle frå å vera reine haustarar av det andre

organismar byggjer til å bli såmenn.

For å bruka ein analogi frå økonomien: For den

som har kome i alvorlege problem på grunn av

opparbeidd gjeld, er første steg ut av problema å

ikkje ta opp endå meir lån. Men dette er sjølvsagt

langt frå nok. Den gjelda ein alt har, lyt betalast

tilbake. Det er der mennesket står i forhold til

naturen i dag, og det er denne kritisk viktige

tilbakebetalinga me manglar omgrep for.

Det forløysande ordet, det som får oss til å sjå oss

sjølve, verdiane våre og omgivnadene våre med

nye blikk, er endå ikkje ytra. Ordet som endrar

handlingane våre, og med dei verda.

Økosentriske etikarar manglar difor omgrepet

som får ønsket om å integrera mennesket i

naturen til å framstå som både mogleg og

sannsynleg. For slik det er no, kritiserer ein

antroposentrismen væpna med det som i seg sjølv

er eit antroposentrisk omgrep.

Humanity has always needed ethical ideals to

enable it to find the right path, that man may make

the right use of the power he possesses. Today his

power is increased a thousandfold. A thousandfold

greater is now the need for man to possess ethical

ideals to point the way.

Albert Schweitzer, 1934

«Vern» er på plass, men «bruk»

manglar

Det er og ei anna uhyre viktig årsak til at verken

biosentristane eller økosentristane når heilt fram

med bodskapen sin.

Økosentristane har sjølvsagt evig rett i at

samanhengar, system og samspel bør vera

naturetikken sitt sentrale utgangspunkt, men ein

evnar likevel i mindre grad å omsetja dette til

positiv, praktisk handling.

Slik eg les mykje av denne litteraturen, endar ein

opp der miljø- og klimadebatten også fort ender

opp; i eit meir eller mindre einsidig fokus på å

spara, på å gi avkall på, på å avstå frå. Det er i og

for seg ikkje noko «gale» med dette. Med tanke på

det enorme overforbruket av naturressursar

menneskja generelt, og vestlege menneske

spesielt, har hatt i mange år, er det sjølvsagt både

korrekt og viktig å påpeika at ressurssparing må

bli ein naturleg del av liva våre i tida som kjem.

Men om ein trekkjer den negativt ladde

argumentasjonen for langt, står ein likevel i fare

for å enda opp i rein misantropi, i eit

utelukkande negativt fokus på mennesket som

art. Eller i alle fall i eit menneskeprogram utan

glede, spenning, utviklings- og oppdagingsrom.

Handling blir då redusert til ei form for rituell

tevling i asketisme, der ein berre oppnår truverd

som naturtalsperson om ein offentleg avstår frå

fly (oftast), fossilbil og/eller raudt kjøt.

Eit vedvarande problem med både biosentrisme

og økosentrisme, og med delar av miljørørsla, er

rett og slett at ein manglar det konkrete og

tydelege programmet for korleis mennesket skal

kunna bli ein integrert del av naturen. Lista over

kva ein ikkje skal eller bør gjera er lang, medan

det knappast eksisterer ei tilsvarande liste når det

gjeld positive handlingar. Dette får dramatiske

konsekvensar. Trass alle gode intensjonar blir

avstanden mellom oss og den ikkje-menneskelege

verda låst fast. «Naturvern» blir å verna natur mot

menneske.

Som nyskapingsforskar gjennom 20 år, er det mi

eintydige erfaring at nyskaping (utvikling av nye

idear og program for korleis me menneske kan

leva liva våre) er avhengig av glede, trivsel og

framtidsvon. Ein kan spara seg sjølv til fant,

heiter det, og på dette livsviktige området vil

akkurat det vera langt meir øydeleggjande enn

innanfor økonomien (der uttrykket kjem frå).

Dersom det å gjera mindre av alt er einaste

moglege handlingsprogram, er det vanskeleg å sjå

kor vona og skapargleda (den me treng meir enn

nokosinne) skal koma frå.

Nyskapingsfilosofen framfor nokon, Friedrich

Nietzsche, seier at det går 1000 vegar inn i

framtida, og at berre eit fåtal er funne endå. Skal

nyskaping kunna skje, må dette

moglegheitsrommet verta verande ope. Vona og

gleda må få leva.

Sjølvsagt må me «verna». Men det er ikkje nok.

«Bruk» må også vera med. Me skal framleis

produsera mat og andre verdiar med basis i

naturressursane, og denne menneskelege

verdiskapinga må springa ut frå noko positivt og

byggjande. Skal eit etisk program slå an i større

skala på gruppenivå, må det vera i stand til å

peika på etisk positive og skapande menneskelege

handlingar.

Regenerativ utvikling:

naturbyggjande skaparglede

Eit slikt program er under utvikling nett no.

Samtidig, i veldig mange land rundt om i verda.

Både som naturfilosofi og grasrotrørsle

representerer det regenerative ein revolusjon. I

ordets rette forstand. Ei total omvelting rett og

slett. I forholdet mellom menneske og natur, og

ikkje minst i måten me brukar naturen på.

Millionar av naturbyggjarar arbeider no kvar

einaste dag med å leggja til rette for den grøne

framtida. Interessa for nærdyrking av mat veks

med nesten eksplosiv fart. Der «tradisjonelt»

landbruk lenge har stått i ein tilsynelatande evig

tilbakegang (fordi «større gardar og færre bruk»

har blitt mål i seg sjølv; du høyrer aldri ein

industrilandbruksapologet argumentera for

mindre gardar og fleire bruk..), er regenerativt

jordbruk i framgang i land etter land. Nye

generasjonar og nye grupper trekkjest til molda og

matproduksjonen.

Ordet regenerativt tyder fornying. Natur er evig

fornying og omdanning. ReGenerasjonen, som

mange innanfor rørsla kallar seg, har også

fornying som mål. Fornying av

menneskesamfunnet gjennom omsut for og

samarbeid med naturen rundt oss. Det er ikkje

nok å slutta å øydeleggja (alt for mykje er øydelagt

allereie, og det er for lite att til å sikra ei grøn

framtid), me må bli ein del av den. Del av

naturen sine fornyande og skapande prosessar.

Innanfor regenerativt landbruk er denne

målsetjinga utvikla til ein konkret og praktisk

metode for å dyrka mat – til dels svært mykje mat

på lite areal. I jordbøkene skriv eg om korleis

nyskaparar og praktikarar innanfor regenerativt

landbruk alle er motivert av følgjande spørsmål:

Korleis kan det veksa så enormt der «ute» i

naturen? Det ingen har pløgd, gjødsla med

kjemisk gjødsel framstilt med fossil energi eller

sprøyta med gift? Kva er desse løynde prosessane

og kreftene som gir denne veldige

produktiviteten?

Den regenerative filosofien kan forklarast på ein ganske så enkel måte:

Hovudpremiss: Natur er over alt. Og eg står alltid midt i den. Når eg øydelegg natur, øydelegg eg difor for meg sjølv:

Døme 1: Når eg øydelegg naturen i kroppen min, blir eg sjuk. Eg blir avhengig av «medisin». Brukar eg mykje av

dette over tid, blir dei patogene organismane immune, og heile medisinvitskapen må rykkja tilbake til start. Med

dei katastrofale effektar dette vil ha for menneskja.

Døme 2: Når eg øydelegg naturen (samspela) i hagen eller åkeren min blir «nytteplantane» mine angripne/sjuke. Eg

blir avhengig av mekanisk jordarbeiding, kunstgjødsel og gift for å kunna dyrka noko i det heile. Over tid blir jorda

meir og meir utarma. Til slutt døyr den. Dette skjer i ein enorm skala over store delar av planeten.

Døme 3: Når me øydelegg naturen på planeten vår, så blir alt liv lidande. Artar døyr ut, klimaet endrar seg og

enorme menneskemengder må leggja på flukt. Framtida blir dystopisk.

I alle tre eksempla er svaret å byggja naturen opp att, å styrka det naturlege samspelet mellom artar. Det er samspel

som gjer både kroppen min, hagen min og planeten robuste og skapande. Det er dette regenerativ utvikling

handlar om; mennesket sitt aktive samspel med andre artar i naturen. Til felles beste.

Det å få augo opp for Gaia sine uendelege

kunnskapar og eigenskapar som gartnar, gjer

noko med ein. Denne erkjenninga endrar i seg

sjølv forholdet vårt til livet rundt oss. Frå å vera

noko som er til for oss, noko me kan dominera,

blir natur til noko uendeleg mykje større. Noko

overordna som gjer sjølv mennesket lite.

Metoden derifrå er ganske «beint fram»: Framfor

å utpeika natur til «fiende» det lyt drivast kjemisk

krigføring mot, søkjer ein heller å observera og

forstå desse verdiskapande urkreftene. Slik dei

uttrykkjer seg i fotosyntesen, i det fantastiske livet

i molda, i den evige omdanninga av daudt

materiale til nytt liv. I dyr sine naturlege

rørslemønster gjennom eit landskap, og i

samanhengane og samspelet mellom levande

organismar frå mikrobar til rovdyr og gigantar.

I «Kompostboka. Om å byggja natur» (2020) er

skogen som læringsarena eit gjennomgripande

tema. Den som ønskjer innpass i det regenerative

universet bør bruka den aktivt. Urskogen er

enormt produktiv, og den er heilt sjølvgåande.

Den er ein evig metamorfose og såleis alltid på

veg mot det nye. Myriadar av store og små vekstar

stig opp og får næring frå den levande

skogsbotnen. Som betaling fører vekstane karbon

ned gjennom røtene, og legg blad, stenglar,

kongler, nåler, greiner og heile stammer frå seg på

overflata. Alt dette utbrukte organiske materialet

er mat for mikrobane, mat for eit enormt univers

av liv som har som oppgåve å byggja ressursar for

framtida og gjera det daude levande att.

Det er slike observasjonar me tek med oss til vår

eigen åker eller hage. Korleis kan me leggja til

rette for at denne fantastiske verdiskapinga også

kan skje heime hos oss?

Me må rett og slett omsetja observasjonen til

konkrete aktivitetar og praksisar som høver på det

areal ein sjølv har tilgjenge til. I dette ligg ei

sjølvkritisk analyse av dei metodar ein brukar pr i

dag.

Det er slike naturobservasjonsprosessar som er

grunnlaget for dei fire enkle prinsippa som er

grunnleggjande i alt regenerativt jordbruk i dag:

❖ Forstyrr molda så lite som mogleg. All

vending av mold set det produktive

mikrolivet kraftig tilbake, og må unngåast

eller haldast på eit minimum.

❖ Molda skal vera dekka av plantar heile tida.

Naken mold er naturen sitt absolutte

nullpunkt (der det er minst liv), og

eksisterer berre heilt unntaksvis der

naturen sjølv er gartnar. Alt som veks

naturleg på naken mold er «ugras».

❖ Auk mangfaldet av plantar så mykje som

mogleg. Mangfald over bakken gir

mangfald under bakken. Mangfald

medfører også meir robuste

dyrkingssystem. Natur vil mangfald, og vil

reagera på monokultur med å senda ut

«skadegjerarar».

❖ Tilfør organisk materiale oppå bakken, slik

naturen sjølv gjer det. Mikrobane treng

«mat» for å byggja ny mold. Eit rikt

mikroliv gir rik plantevekst, men er berre

mogleg der det er god nok tilgang på

organisk materiale.

I omsetjinga frå observasjon til handling ligg også

ein ressursanalyse: I kor stor grad er

hagen/åkeren min i stand til å bli sjølvgåande –

slik urskogen er det? Er alle dei elementa eg

observerte i skogen til stades? Blir det tilført nok

organisk materiale? Må eg kanskje tilføra ein del i

tillegg (kompost)? Osv.

Deretter dreier det seg om å prøva ut og samla

erfaringar. I denne fasen er vårt kreative potensial

viktig. Det gjeld å frigjera seg frå etablerte

«sanningar» om kva du kan dyrka kvar og korleis,

og heller skapa dine eigne. Mange gamle

dyrkingsmyter blir motbeviste på denne måten.

Og med nyutvikla kunnskap, går eg så tilbake til

observasjonsposten i skogen. Denne gongen legg

eg merke til endå meir, endå fleire skapande

prosessar eg ønskjer å få til å verka heime i hagen.

Slik held eg fram. «Livslang læring» i ordets rette

forstand. Den som lærer av naturen blir vis, men

aldri utlært.

Modellen under er ei enkel illustrasjon av denne

vedvarande prosessen. Den er her framstilt som

ein hermeneutisk sirkel, men kunne like gjerne

vore illustrert som ein spiral. Det viktigaste er å

markera skilnaden til tradisjonell instruktiv

læring. Det finst ikkje noko eigentleg pensum

her, og heller ingen definerte læringsmål. Den

som lukkast best er den som klarar å mobilisera

heile sanseapparatet sitt i observasjonsfasen og

som viser kreativitet og nyskaping i omsetjings- og

utprøvingsfasen.

Frå denne vedvarande

prosessen veks det fram ei

rolle. Ei rolle for mennesket

som naturbyggjar. Ein utviklar

djup kunnskap om korleis

naturen arbeider i det daglege,

og ein ser det fantastiske

potensialet i desse kreftene.

Det å oppleva at naturen svarar

når du legg til rette, gir ei

eineståande meistringskjensle.

Det gir også ei kjensle av å

høyra til. I noko stort.

Den regenerative revolusjonen

viser at menneske kan dyrka

mat og byggja natur samtidig.

Natur er ikkje lenger noko farleg og

Natur er alltid dynamisk og komande. Den skapande rolla i naturen kan

ikkje puggast. Ingen har dei fulle svara til deg. Omsetjinga til eige

landskap må eg gjera sjølv. Det er ingen garanti for at desse teknikkane

verkar her hos meg. Og det er først når eg eventuelt opplever at naturen

svarar positivt, det er først då at kunnskapen vert min. Det er då eg

kjenner på meistring.

Natur kan ikkje reduserast til faste standardar eller svar med strekar

under. Gjer me dette, er avstanden mellom oss og naturen tilbake.

Regenerativ kunnskap er kunnskap om å stå midt i, og å kunna orientera

seg i eit landskap beståande av uhorveleg mange ukjende. Det er

kunnskap for noko, ikkje om noko.

Regenerativ dyrking er nyskaping – det er å stå midt i vedvarande

omdanning og fornying. Her er ikkje noko startpunkt, og heller ikkje noko

målstrek. Men eg lærer enormt likevel, om eg held sansane opne, om

engasjementet og brannen vert halden ved like, om eg aldri sluttar å vera

nyfiken.

øydeleggjande som må haldast på avstand, men

sjølve kjelda til vokster og verdiskaping.

Det regenerative som fagfelt

ReGenerasjonen, fornyingsgenerasjonen, er

praktisk og handlingsorientert. Men, for å låna

nokre omgrep frå Marx, frå denne basisen veks

det også fram ein mangfelt overbygnad: Det veks

fram ein heil kultur rundt desse positive

naturerfaringane, ein lokal og internasjonal

kultur som seier at nærleik til og samarbeid med

naturen både er mogleg og ønskjeleg.

Den utfordrar så definitivt også inngrodde

forståingar av «natur», «økologi» og «økosystem»

som noko utanfor mennesket og

menneskesamfunnet. Her er utgangspunktet

motsett. Mennesket står «midt i» naturen og

byggjer liv, i tett samarbeid med hordar av særs

villige mikrohjelparar.

Den utfordrar vidare menneskevitskapane sitt

konstruerte, dualistiske skilje mellom «natur» og

«kultur». Ikkje ved å stilla seg «i midten», men ved

rett og slett å effektivt oppheva dualismen. Det

regenerative er kultur for natur. På den

regenerative garden aukar det biologiske

mangfaldet, frå mikrolivet i molda, via plantane,

til insekt, amfibiar, fuglar og dyr. Det er rett og

slett ingen motsetnad att mellom menneskeleg

matproduksjon og det livsrom andre vesen treng

for å formeira seg og trivast.

Det er nok definitivt regenerativt landbruk som

har fått mest merksemd internasjonalt dei siste

åra (p.g.a. høg produktivitet og effektiviteten dei

regenerative metodane har når det gjeld

karbonfangst i molda), men både innanfor

arkitektur/landskapsplanlegging og økonomi

skjer det spennande, regenerativ forsking og

fagutvikling.

Som samla fagfelt å rekna, representerer det

regenerative noko kvalitativt annleis enn både

humaniora, samfunnsvitskapar og naturvitskapar.

Der dei to første fokuserer på menneske og den

tredje på natur, fokuserer det regenerative på

menneske i og som del av natur. Det er kunnskap for

å gå inn i denne rolla me treng.

Som alle andre artar og vesen har me våre eigne

spesielle behov. Me har opp gjennom åra utvikla

enormt med kunnskap om korleis me mest

mogleg effektivt kan få fylt desse behova. Ikkje

minst dei som følgjer av «vekst». Omsynet til

naturen rundt oss har likevel vore underordna.

Og er det framleis.

Regenerativ kunnskapsutvikling handlar derimot

om å synleggjera korleis menneske kan få oppfylt

sine behov for mat og meining slik andre artar i

naturen gjer det; som del av komplekse og

dynamiske samspel der det vert produsert energi

og verdiar som kjem heile system til gode.

Så, igjen, ikkje berre må me slutta å øydeleggja.

Me må byrja å byggja. Eg har laga følgjande

modell for å visa korleis dette fagfeltet skil seg ut,

og for å illustrera kvifor det regenerative må vera

grunnleggjande tverrfagleg i vesen:

Den grøne figuren rammar inn «Natur» og

«Menneske», og i den vidare oppbygginga av faget

vil ein trengja både naturvitskap, humaniora og

samfunnsvitskap. Det som likevel definerer dette

faget, er fokuset på aktivitetane, filosofien og

etikken som kan gjera mennesket til ein positivt

fungerande naturart. Det er inn mot dette

kunnskapsbehovet behovet for innspel er størst.

Nokre fagfelt peikar seg ut som særleg relevante

til å bidra: Agroøkologi er både studiet av økologi i

landbrukslandskap og ein dyrkingsmetode med

mange likskapar med regenerativt jordbruk (sjølv

om fokuset kanskje er meir på å ikkje øydeleggja

enn på å byggja natur – men skiljet er glidande).

Etnopedologi er studiet av lokal kunnskap om

mold og korleis den bør forvaltast.

Etnopedologiske studiar viser at lokalsamfunn

rundt i verda sit på mykje uhyre viktig kunnskap

om oppbygging og forvalting av levande mold.

Etnoøkologi er studiet av ulike folkegrupper sine

forhold til landskapet og naturen rundt seg, og er

difor eit fagfelt som ligg tett opp mot det

regenerative (skilnaden er nok at den regenerative

revolusjonen handlar om å gje mennesket som art

byggjande roller i naturen). Humanøkologi er eit

tverrfagleg felt som studerer menneskesamfunnet

som system og mennesket sine relasjonar til sine

fysiske og biologiske omgivnader. Fagfeltet er lite

einsarta, men generelt skil det seg frå regenerativ

utvikling ved ikkje å ha det same normative

fokuset på mennesket i naturen.

Felles for desse, er uansett at dei synleggjer at

mennesket kan skapa verdiar utan å øydeleggja

andre livssystem rundt seg. Og at me har lange

tradisjonar for dette. Dei landskap som vert

resultatet, kan også vera svært så rike på liv (t.d.

hadde det gamle norske landbrukslandskapet –

det som eksisterte før dei moderne

innsatsfaktorane byrja å dominera – høgt

biologisk mangfald).

Mot ein regenerativ etikk?

Som fagfelt er regenerativ utvikling openbert

aktivistisk, og det er her me får ei spennande

samankopling med naturetikk. Kunnskapen skal

brukast til å skapa endring. Ein søkjer å medverka

til utviklinga av eit menneskesamfunn som må sjå

annleis ut enn det me har i dag. Ein del vil nok

difor plassera feltet under fellesnemnaren

«utopiske studiar» (nemning blir gjerne brukt litt

lausleg om studiar av alternative

samfunnsformasjonar).

Det som likevel gjer at regenerativ utvikling skil

seg frå brorparten av dei andre freistnader som er

gjort på å utvikla «utopia» (ordet tyder «staden

som ikkje eksisterer»), er at ein utviklar nedanfrå

og opp. Og då er heller ikkje målet definert, berre

den naturnære retninga. Det er berre eitt

definert, bydande Må! her, og det gjeld forholdet

vårt til naturen. Det Må! endrast. Alt det andre

skal me skapa saman over tid.

Det regenerative utviklingsfeltet har difor ingen

idealiserte skildringar av korleis det naturnære

framtidssamfunnet vil sjå ut når det gjeld styresett

og forholdet mellom makt og folk. Ein går heller

ikkje i den «klassiske» fella å beskriva eit samfunn

som berre vil appellera til den gruppa av

menneske som ønskjer å leva spesielt tett på

kvarandre, ei felle Michael Schermer, utgivar av

magasinet Skeptic, skildrar veldig godt:

[U]topias are especially vulnerable when a social theory based on

collective ownership, communal work, authoritarian rule, and a

command-and-control economy collides with our natural-born

desire for autonomy, individual freedom, and choice. Moreover,

the natural differences in ability, interests, and preferences

within any group of people leads to inequalities of outcomes and

imperfect living and working conditions that utopias committed

to equality of outcome cannot tolerate.

Michael Schermer tek i staden til orde for protopia

– trinnvis utvikling mot noko betre enn det me

har no. Dette er nok definitivt ei betre nemning å

bruka også for regenerativ utvikling; ein trinnvis

prosess mot ei skapande rolle for mennesket i

naturen og eit meir naturnært

menneskesamfunn. Dagens regenerative

nyskaparar syner veg.

I boka Designing Regenerative Cultures (2016),

lanserer Daniel Wahl nettopp ein

trappetrinnsmodell for å beskriva korleis

samfunnet kan endrast frå naturøydande til

regenerativt:

I den grad me som samfunn i det heile står i

denne oppstigande trappa i dag (modellen har

også ei nedstigande – degenerativ – «kjellartrapp»,

der den økonomiske veksten sin eigendynamikk

gjer mennesket meir og meir naturdestruktivt), er

det i så fall på første trinn. Fleire store

verksemder er i ferd med å vedkjenna klima- og

miljøutfordringane, og seier seg villige til å ta små

og framleis ganske så «symbolske» steg i retning

mindre øydeleggjande drift. 6 (Det er elles viktig å

leggja merke til at «berekraft» – stadiet då ein har

slutta å øydeleggja – ikkje ein gong er midt i

trappa.)

Det kan godt vera at me som samfunn må stiga

opp alle desse trinna før me når den regenerative,

kompostmoderne framtida. Dette kan i så fall

verka tidkrevjande. Kanskje fleire generasjonar..

Problemet er at dette er tid me ikkje har. Den

menneskeskapte masseutryddinga av anna liv

skjer no, og i følgje ein ny studie publisert i

Proceedings of the National Academy of Science, har

me berre 10 – 15 år på oss for å forhindra eit

katastrofalt globalt artstap.

Det som likevel gjer meg optimistisk, er den raske

regenerative, naturbyggjande, veksten me ser i dag.

Held denne veksten fram, kan mennesket – på

ikkje så alt for mange år – bli ein netto

naturbyggar.

Det er to heilt sentrale årsaker til denne veksten:

For det første; hos nesten alle regenerative

nyskaparar eg har møtt og hatt samtalar med dei

siste åra (og eg har møtt mange!) er drivkreftene

moralske og etiske. Ja, som alle andre ønskjer ein

6

Jmf. diskusjonen om elektrifisering av norsk olje- og gassproduksjon.

Dette er positivt i seg sjølv, og vil ha ein effekt på utslepp i Norge

isolert sett. Samtidig utgjer utslepp frå produksjonsfasen berre 5% av

dei samla utsleppa frå fossil energi. Det er bruken som er den store

syndaren, og så lenge utvinninga held fram, vil utsleppa halda fram.

å skaffa seg eit utkome, men ein vil berre gjera det

ved samtidig å handla positivt i naturen rundt

seg. Å fremja eigennytte på kostnad av livssystema

i naturen, er etisk og morals forkasteleg og difor

heilt uaktuelt.

Den viktigaste vekstårsaka er likevel denne: Dette

verkar! Det er både fullt mogleg og svært

produktivt å alliera seg med naturkreftene når

mat skal dyrkast og verdiar produserast. Og

vinnarane? Alle! Den som skal dyrka, den som

skal eta, lokalsamfunnet (som vil få nye

innbyggjarar, ettersom små bruk som

industrilandbruket forviste til historia sin

Nature is always trying to tell us that we are not

so superior or independent or alone or autonomous

as we may think.

Wendell Berry

skraphaug no kan/lyt takast i bruk att 7 ), samt det

ikkje menneskelege livet under og oppå bakken.

Daniel Wahl (ibid.) har også laga ein modell som

viser korleis regenerativ nyskaping spenner frå

produktutvikling for enkeltaktørar (ego-sentrisk),

og heilt til verdiskaping som kjem alt liv på

planeten til gode (bio-sentrisk):

7

Regenerativt jordbruk er svært arealeffektivt. Spesielt innanfor

grønsaksproduksjonen talar me om høg produktivitet på små areal.

Slik produksjon kan gje nytt liv til mange små bruk. Den regenerative

jordbruksrørsla er også ei rørsle for å få fleire bønder og fleire hender

i molda.

Denne modellen illustrerer godt det som også

kan bli eit nyskapande etisk system for

menneskeleg utvikling, eit system som har det

både biosentrismen og økosentrismen eigentleg

manglar; ein fungerande praksis. Forankring i

skapande, viljande og brennande menneske som

saman utviklar det regenerative protopia.

Nokre døme frå marknadsplassen illustrerer

korleis regenerativ etikk kan fungera:

Alle handlingar har konsekvensar og

ringverknader. Det postmoderne

forbrukarsamfunnet er tufta på at desse

konsekvensane ikkje blir synleggjorde: At

butikken ikkje opplyser om at det er barneslavar i

ein kjellar i Dhaka som har laga t-skjorta du

kjøper, at du ikkje får høyra om det tronge,

stusslege og innestengde livet dyret du kjøper

vakuumpakka kjøt frå har levd, eller at det aldri

kjem fram kor mykje pløying og kjemikaliar som

er nytta for å dyrka fram grønsakene du kjøper.

Forbrukarsamfunnet, og industrilandbruket som

gjer det mogleg, er tufta på rovdrift på både

menneske og natur, men fordi

handlingskonsekvensar ikkje kjem fram i ljoset,

klarar ein å unngå opne etiske diskusjonar og

konfliktar. I botnen ligg også ein antroposentrisk

etikk som seier at det å berika seg sjølv på kostand

av liv i naturen er heilt ok.

Den regenerative revolusjonen snur totalt om på

dette. For no heng nivåa i modellen over naturleg

saman. Faktisk er dette noko av det viktigaste

kjenneteiknet på regenerativ utvikling:

Potensielt kan ein og same skapande aktivitet (1)

byggja verdiar for ein sjølv (ego-sentrisk), (2)

etablera nye og naturvennlege tenester som

styrkar lokalsamfunnet (t.d. lokale verdikjeder)

(sosio-sentrisk), (3) vera eit døme til etterfølging

for andre menneske (arts-sentrisk) og (4) byggja

nytt liv i naturen (bio-sentrisk). Her skjer det

såleis fornying på alle nivå samtidig.

Ingen produkthistorie treng heller haldast skjult.

Kravet til naturbygging og fornying av

menneskesamfunnet gjer at regenerative produkt

ikkje kan lagast av barneslavar, og at dyr som skal

bli til kjøt ikkje kan stå tett i tett inne, men skal

vera naturbyggjarar på eng og beite ute. Vidare

skal grønsaker veksa i mold med fullverdige

system av liv, og det får ein rett og slett ikkje til

med djuptgåande plog og kjemiske midlar.

Regenerative handlingar vil difor alltid vera vinnvinn-løysingar,

og det er her i denne mangfelte

verdiskapinga den regenerative etikken kan

forankrast (positivt og negativt):

Positivt: Verdiskaping for menneske som også gagnar

anna liv og samspel i naturen er etisk høgverdig, og må

aktivt fremjast av menneskesamfunnet. Regenerativt

jordbruk og regenerativ arkitektur er gode samtidsdøme

på produktive samspel mellom menneske og anna liv.

Negativt: Menneske har ingen naturleg rett til å

påføra anna liv eller livsmiljø skade i fremjinga av

eigne behov og mål. Det er vår moralske plikt å utvikla

og ta i bruk kunnskap for aktivt å kunna hindra eller

minimera at skade skjer. Å ikkje gjera dette er etisk

forkasteleg.

Dette er berre nokre enkle merkepælar. Å utvikla

eit fullverdig etisk program tufta på regenerative

prinsipp, er noko me må gjera saman over tid.

Me skal sjølvsagt også byggja vidare på

biosentrismen si etiske forankring i livet som

fenomen og økosentrismen si forankring i

samspela og systema.

Aldo Leopold sin landetikk er like nyskapande i

dag som den var då den kom. Samanhengane i

naturen er sentrale for alle regenerative

praktikarar.

Det same er omsuta for det individuelle livet. Me

skal hausta av naturen, men livet må visast

respekt. Dyrevelferda er difor høg hos alle dei

regenerative bønder eg har vitja. Filosofien er

følgjande: Skal me driva kjøttproduksjon, må dyr

på eit tidspunkt lata livet for oss. For på noko vis

å kunna krevja dette offeret, er det minste me kan

gje tilbake at dyret får leva det forholdsvis korte

livet det har så mykje i pakt med sine naturlege

behov og lyster som det er mogleg for oss å leggja

til rette for pr i dag.

Ingen har likevel uttrykt dette vakrare enn det

Albert Schweitzer gjer i sin «vyrdnad for livetfilosofi».

Han fortener så absolutt ein renessanse.

Det same gjer Paul Taylor sitt augeopnande

poeng om at alle levande vesen utgjer teleologiske

sentrum i verda med oppgåver og meining.

Me treng også dei viktige orda til nyskapande

naturfilosofar som Stan Rowe, Wes Jackson og

Wendell Berry (og mange fleire med dei), så vel

som austleg filosofi om natur, dyr, nettverk og

menneske.

Men skal eit nytt naturetisk program kunna vinna

fram, må det også kunna svara på dei veikskapar

eg identifiserte både innanfor bio- og

økosentrisme. Me treng å rydda av vegen den

eventuelle «tvil» som heftar ved økologiomgrepet

(jmf. drøftinga av økosentrisme over). For

regenerativ utvikling er ikkje først og fremst

menneskeleg påverknad av økosystem som ligg

utanfor oss sjølve, det er vår aktive deltaking i

naturlege, verdiskapande samspel. Me treng difor eit

omgrep som er «større», eit som openbert også

inkluderer oss menneske.

For å finna eit svært godt alternativ i så måte, lyt

me venda oss til ein annan nyskapar, James

Lovelock. Han gav oss det inkluderande

naturomgrepet gjennom den teori/hypotese me i

dag kjenner som Gaia-teorien.

Gaia var planetgudinna i gresk mytologi. Ho

finst, under ymsande namn, i ei lang rekke

religionar og mytologiske univers. Dette fortel oss

at menneske frå tidlege tider såg natur som

krefter i samanheng.

Det er også denne erkjenninga Lovelock vil ha

fram att med å bruka Gaia som teoritittel. Han

tek eit grunnleggjande oppgjer med vår tids

reduksjonistiske natursyn: Det som gjer at me kan

øydeleggja utan å forventa konsekvensar. Det som

gjer at me kan peika ut andre enkeltorganismar

som anten «skadelege» eller «nyttige» utifrå reint

menneskelege behov og interesser.

For Gaia er langt større enn oss. Ho ser dei

samanhengar me ikkje ser med vårt snevre

menneskeblikk.

I USA, der Gaia-teorien har fått stort

gjennomslag både i miljørørsla og blant

naturinteresserte generelt, er det heilt vanleg å

nytta uttrykket «Mother Nature» sjølv i svært så

«vitskaplege» debattar.

Dette er verken «disneyfisering» eller

«personifisering», men noko langt meir

overordna. Uttrykket summerer opp eit syn på

natur som komplekse samspel og samanhengar

der menneskelege inngrep ein stad kan få store

konsekvensar ein heilt annan stad. Når livet i

molda døyr, eller når den monokulturelle åkeren

blir angripen av «skadegjerarar», er det «Mother

Nature who is sending us a message». Meldinga er

at når me fordriv og krigar mot naturen, får dette

store og alvorlege konsekvensar både for oss og

for anna liv.

I bøkene mine (inkludert dette skrivet) har eg

sjølv valt å bruka Gaia som metafor for natur som

verdiskapande samanheng, som vilje til fornying

og vilje til mangfald. Denne verdiskapinga og

denne viljen omfattar og går på tvers av alt liv.

Den inkluderer mennesket så vel som alle andre

levande skapningar. Gaia er i seg sjølv viljen, i seg

sjølv det mystiske livet, pulsen, sjølve urkrafta

som bitt alt levande til alt anna levande. Ho er alt

det ein ikkje får auga på når ein betraktar natur

med eit reduksjonistisk og antroposentrisk blikk.

Det er i Gaia me finn den ultimate forankring for

handlingane og etikken vår. I Gaia finst det ikkje

artar som står over andre og er viktigare enn

andre. Det finst berre samanhengar, og

enkeltindivid og artar sine effektar på desse

samanhengane.

Slik det er no, har ein art vakse fram til å dels

dominera og dels øyda anna liv. Då sluttar Gaia å

fungera, og dette samanbrotet påverkar alt liv.

Også oss. Det er dette Gaia-teorien fortel oss så

tydeleg: Å øydeleggja natur, er å øydeleggja oss

sjølve. Mennesket kan ikkje skjønast som separat

frå naturen. Me er alltid midt i den, og me

vurderer anna liv frå midt i den. Å sjå naturvern

som vern mot menneskeleg aktivitet, er å låsa fast

den kulturelt konstruerte avstanden vår til

naturen. Når me øydelegg natur, så øydelegg me i

røynda ikkje noko utanfor oss sjølve, men noko

me sjølve er del av. Og tilsvarande, når me byggjer

natur, byggjer me både for oss sjølve og for alt

anna levande.

Gaia-teorien gir oss den overbygnad me treng når

me skal utvikla ein regenerativ etikk. Gaia er

ramma, eller den «store forteljinga», å setja eigna

handlingar inn i. Ei forteljing som stadfestar at

«det nyttar»; at kampen eg som enkeltmenneske

kjempar i det daglege på min eigen vesle stad, får

effektar langt utover det eg sjølv kan erfara. At

andre menneske kjempar den same kampen

andre stader, og at summen av desse kampane

kan endra verda.

Gaia-teorien gir såleis ekstra gjennomslagskraft til

både bio- og økosentrisme, ved så tydeleg å opna

for mennesket.

Samtidig er både Gaia-teori, biosentrisme og

økosentrisme makro-teoriar. Dei handlar om

samanhengar, men fangar i mindre grad opp

potensialet for skapande endring nedanfrå, ei

endring dei eigentleg er teoretisk tufta på. For å

seia det på ein annan måte: både Gaia-teori,

biosentrisme og økosentrisme peikar på at

endring er avgjerande, men ingen av dei er særleg

konkrete når det gjeld korleis denne endringa

skal skje. Og dermed vert den etiske forankringa

verande uklar.

Antroposentrismen, derimot, har fått slik

gjennomslag i (delar av) menneskeverda fordi

forankringa er så tydeleg. Mennesket er det etiske

subjektet, og er tildelt retten til å utbytta anna liv.

Antroposentrisk etikk, den brorparten av

menneskja har styrt etter dei siste generasjonane,

har synt seg som eit program for dominans,

brutalitet, okkupasjon og utrydding.

Denne tilrana «retten» er årsaka til dei enorme

miljøøydeleggingane dei som kjem etter oss arvar,

og kan sjølvsagt ikkje vidareførast dersom den

grøne framtida skal kunna realiserast. Ein

regenerativ etikk må vera krystallklar her. Som

biosentrismen og økosentrismen også er det.

Desse to siste moralfilosofiane er derimot ikkje

veldig tydelege på det handlingsrommet som er

att når denne «retten» er borte. Me må framleis

kunna leva liv fylde av engasjement, glede, von og

framtidstru. Det vil me ikkje kunna gjera dersom

naturetikk er einstydande med å avgrensa det

menneskelege handlingsrommet.

Den regenerative rørsla kjem her inn som eit

friskt pust og fornyar både naturetikken og

miljørørsla. For ReGenerasjonen vil aldri kunna

skuldast for å vera misantropisk. Den dyrkar

menneskeleg glede! Gleda av å læra av naturen.

Gleda av å skapa og byggja med denne nyvunne

kunnskapen. Gleda av å meistra. Gleda av å

kjenna seg tett på og inkludert som ein av Gaia

sine viktige fotsoldatar i det største og mest

omfattande av alle fornyingsprosjekt.

Denne nedanfrå-og-opp-rørsla tilfører difor

potens og endringskraft; ei tydeleg, positiv og

definert rolle for mennesket som naturvesen.

Som etisk program vil det regenerative feltet

kunna presentera oss for ei lang liste over

positive, konkrete, naturbyggjande aktivitetar som

me både kan og bør gjera. Denne lista blir lengre

for kvar dag som går, ettersom nyskaparar over

heile verda oppdagar og prøver ut stadig nye sider

ved den skapande naturen. Regenerativ etikk

utvidar i røynda det menneskelege

handlingsrommet. Den er eit frigjeringsprosjekt

(ikkje minst frå naturøydande forbrukarsamfunn

og industrilandbruk).

Den skaper også nye naturbyggjande næringar.

Det ligg enorme potensiale for ny verdiskaping i

vårt aktive samarbeid med det mangfelte og

produktive livet i naturen.

Den revolusjonen som, såkalla, «et sine eigne»,

skjer alltid ovanfrå og ned (den førre diktatoren

blir erstatta med det som etter kvart viser seg å

vera ein ny), men den regenerative revolusjonen

skjer frå basis.

Varig endring skjer alltid nedanfrå og opp

(eventuelt supplert med utanfrå og inn). Den er

forankra i levde menneskeliv og daglege, praktiske

erfaringar. I handlingsboren kunnskap. Dette er

også endringar som vil vara, fordi menneske «eig»

dei.

Ein regenerativ etikk er ikkje forankra i anten

mennesket, livet eller samanhengane. Den er

forankra i naturen sitt vesen: i fornying,

omdanning, samspel og skaparglede. Me kan som

art bli del av alt dette, og det er ei forankring som

appellerer til stadig fleire menneske over heile

verda.

How are we to build a new humanity? Only by leading

men toward a true, inalienable ethic of our own, which

is capable of further development. But this goal cannot

be reached unless countless individuals will transform

themselves from blind men into seeing ones and begin to

spell out the great commandment: Reverance for Life.

Albert Schweitzer, 1919

Alternativet finst

Difor veks og den regenerative revolusjonen fram,

og difor kan me som art ha nådd fram til eit

vendepunkt. Me står overfor følgjande val: Skal

me halda fram med å prøva å løysa dei mange og

enorme utfordringane våre med den same

tenking som skapte dei?, eller er det rett og slett

på høg tid med ei ny retning for menneskja? Ei

retning som kan realisera vår mangeårige draum

om nærleik til naturen.

Dei siamesiske erobrartvillingane

Industrilandbruk og Forbrukarsamfunn, som

saman er ansvarlege for brorparten av både

klimautsleppa og naturmangfaldsøydeleggingane,

har lenge framstilt seg sjølve i systemtvangsspråk.

Deira mange talspersonar, -organisasjonar og -

verksemder, har over mange år fortalt alle oss

andre (reelt sett veljande vesen) at me ikkje har

val. Me må berre, har me fått høyra. Og så har dei

ramsa opp for oss alt det me må kjøpa, etterstreva

og gjera (og gjennom dette har dei sikra eigne

maktbasar).

Det finst ikkje alternativ, har dei lagt til. Og fått

med seg (nesten alle) politikarar på å styra etter

dei same tvangstankane; der «vekst», «innovasjon»,

«framsteg» og «utvikling» i praksis har betydd å

gjera endå meir av det me allereie gjer.

Med dette har dei kasta menneskesamfunnet inn

i ein evigvarande degenererande og

naturøydeleggjande spiral mot større, færre og

billegare.

We are not likely to be granted another world to

plunder in compensation for our pillage of this

one.

Wendell Berry

Dei som har protestert og vist til andre moglege

utviklingsretningar, har effektivt vore forviste frå

det meste som er av maktkorridorar og vore kalla

«naive», «urealistiske», «latterlege», «utopiske»,

«kunnskapslause», «livsfjerne», «irrelevante», osv,

osv. Denne lista er lang.

Men dette må no ta slutt. Alternativ til

industrilandbruk og forbrukarsamfunn kan

knappast kallast «utopisk drøymeri» (nok eit av

industrilandbruksapologetane og vekstideologane

sine favorittskjellsord) lenger. Det eksisterer.

Regenerativt jordbruk verkar. Det produserer

mykje mat på lite areal med særs låge kostnader,

og det har ingen av dei skadelege sideeffektane til

industrijordbruk. Tvert om. Ikkje berre er

effekten på natur nøytral, den er positiv.

Den gamle og velbrukte historia om at «me må bli

større og færre», den som effektivt har fordrive

Å driva regenerativt er å nyskapa med naturen

som læremeister

Nyskaping er å finna glede, leik og læring i det

ukjende, i eit u-utforska landskap fullt av potensial

og moglegheiter. Å nyskapa er å ta eigarskap.

Løysingane, tiltaka, metodane og/eller verktøya du

utviklar er dine eigne. Dei er uttrykk for dine

aspirasjonar, interesser og engasjement. Dei let seg

aldri kopiera.

Å gjenskapa, derimot, er å etterapa, å pugga, å

kopiera andre sine løysingar, å gjera seg avhengig av

verktøy og metodar andre sit med eigarskapet til og

inntektene for. Metoden er effektiv i eit landskap

der alt er utforska, der alle variablar og faktorar er

kjende.

At mennesket har teke i bruk gjenskapingsmetoden

på den levande molda, er i ferd med å øydeleggja

planeten vår.

[Siter kilden din her.]

millionar av menneske frå bygdene rundt om i

verda, kan også nullast ut. I det regenerative

jordbruket er det bruk for fleire bønder og fleire

bruk.

Også regenerativ arkitektur i ferd med å

omdefinera forholdet vårt til natur.

Nyskapingsarbeid på dette feltet gjer at naturen

no effektivt kan inviterast inn i husa og

buområda våre. Der kan me produsera vår eigen

energi, omgjera vårt organiske avfall til kompost

og levande mold, og dyrka vår eigen mat. På lag

med livet i og oppå jorda. Me treng ikkje lenger å

sjå natur som «noko grønt der ute» og

menneskeverda som «asfalt og grus her inne».

Denne kunnskapen kan koma til å revolusjonera

framtidig stad- og samfunnsplanlegging.

Den regenerative rørsla er ei rørsle for vekst og

utvikling. Ikkje i den materielle, monetære

tydinga me har blitt så alt for vane med, men for

mennesket som ung og umoden art på planeten.

Den gis oss rom for å koma vidare. Frå det me i

dag kan framstå som, ein brautande og

vandaliserande pøbel, til noko mykje meir

modent, produktivt og skapande.

Tankar ved eit vegskilje

Sett i forhold til andre artar har me nokre heilt

unike evner. Me har fått valet i gåve, og med den

evna til nyskaping, til å søkja dei nærast uendeleg

med nye og uoppdaga vegar inn i framtida. Men

diverre brukar me denne gåva til å velja stort sett

slik alle andre gjer, til å gå dei same grå vegane, og

til å handla slik den til ei kvar tid rådande makt

seier at me skal. Me har fått evna til å byggja og

samla kunnskap over tid. Men den kunnskap me

har samla, har i all hovudsak handla om å bli

endå meir effektive til å plyndra og utbytta natur

for å fremja vår eiga sak.

Motorvegen me har køyrt på i lang tid har fått

fleire og fleire filer, og alle har dei vore skilta med

Framgang. Me har blitt fortalt at dess fortare me

køyrer, dess betre skal det gå oss. Ingen sidevegar

har vore merka. Dei som har bygd vegen, har lagt

det meste til rette for at me skulle køyra rett fram.

Og rett fram har me køyrt, trass i at det har blitt

klarare og klarare for fleire og fleire av oss at den

stad dei vil senda oss til ikkje er Framgang i det

heile, men det motsette. For me byrjar no å

skimta endestasjonen i det fjerne. Stasjonen der

vegen rett og slett stoppar, der verda har gått tom

for ressursar til å byggja vidare. Det er ikkje ein

vakker stad.

Men styrte som me er av struktur- og tanketvang,

durar me likevel vidare i same retning. Og no

merkar me verkeleg at me nærmar oss. Me møter

den ekstreme tørken, dei aggressive flaumane og

dei sterke vindane. Me ser stadig mindre av anna

liv, og me møter dei mange menneska som er på

flukt i motsett retning. Dei mange som berre fekk

den «sure svie» og ikkje den «søte kløe». Dei

mange som alt no må betala prisen for at vårt

store, vestlege kollektive Utopia dei siste tiåra,

«Evig Vekst og Framgang», i røynda viser seg – når

den enorme lånegjelda som finansierte festen skal

nedbetalast – å vera det motsette, Det Daude

Dystopia.

Men så, då me trudde at all von var ute, blir me

altså likevel presentert for valet om eit mogleg

filskifte!

At ei avkøyrsle endeleg er synleg, kjem av det

sterke, praktisk retta engasjementet til stadig fleire

nyskapande menneske rundt om i verda. Den nye

grøne revolusjonen har vakse så fort og blitt så

omfattande, at makta ikkje lenger klarar å halda

den skjult.

Vår kollektive erfaring med SARS COV-2

(naturens aller minste innvånar, som klarte å

knebla ei heil menneskeverd), kan vera med og

påskunda denne positive utviklinga. Me har erfart

at stor endring er mogleg på kort tid, at me

faktisk kan omstilla oss og leva liva våre på nye

måtar. At me likevel ikkje må alt det dei sa me

måtte. At me i staden kan bruka våre

menneskelege gåver til å skapa noko nytt og betre.

Der eg no står ved dette skiljet, reflekterer eg over

dei enorme moglegheitene eit retningsskifte kan

gje oss. Tenk om me samla, som enkeltindivid og

som globalt fellesskap, kunne nytta våre

menneskelege evner til val og kunnskapsbygging i

Gaia si fornyande teneste? Tenk for ein fantastisk

planet me då ville kunna overlata til

etterkomarane våre!

Eit nytt, inkluderande naturomgrep er i emning.

«Koden», den som opnar porten til naturen for

mennesket, er rett og slett i ferd med å bli knekt.

La oss forlata motorvegen og ta den grøne

avkøyrselen i staden. Den er endå ikkje markert

på noko offisielt kart, og vegen derifrå må me gå

opp sjølve. Men ein nyutvikla regenerativ etikk

for byggjande menneskeleg handling i naturen

syner oss likevel retninga.

Den er kompasset me treng. På vegen mot Gaia

og den kompostmoderne framtida.

The spirit of humanity is a creative spirit and therefore we trust in

it not only because it remains our hope in these times, but because

it is able to fulfill its historic task.

Albert Schweitzer, 1951

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!