11.08.2015 Views

I skrivande stund

Nynorsk - Skrivesenteret

Nynorsk - Skrivesenteret

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

INNHALD:Føreord1. Før skriving og lesing:Tenkje med papir og blyant side 4Miniskriving. Startsetningar. Skrivestopp. Eit dikt frå eit dikt.Kjøleskapspoesi. Tøyseforteljingar. Ordslange. Stafett.Skrive for å utforske, reflektere og beskrive side 9Tankekart. VØSL-skjema. Quiz i grupper. Kven skal ut? Fleip eller fakta. Førlesingsloop.2. Under skriving og lesing:Skrive for å finne fokus side 15Spørjeord. Ta sjansen! Les og sei/skriv noko.3. Etter lesing og som utgangspunkt for skriving:Leike med fakta og rydde i tankane side 17Raudt kort/straffekort. Snorkort. Løp. Veggspel. Stafett. Finn ordet.Øvebok/to-kolonnenotat. Inn i ringen. Strukturert tankekart. Styrkenotat og spoletekst.Venndiagram. Friformkart. Finn nokon som … Boksskjema. Læringslogg.Etterord side 28Referansar side 31I <strong>skrivande</strong> <strong>stund</strong>– Praktiske aktivitetar i arbeidetmed lese- og skrivestrategiarKunnskapsløftet (K06) legg vekt på fem grunnleggjandeferdigheiter: å lese, å skrive, å uttrykkje segmunnleg, å rekne og å kunne bruke digitale verktøy.Dette heftet konsentrerer seg om strategiar for å utvikledei språklege ferdigheitene, men med spesiellmerksemd retta mot skriving. Lesing og skriving erlike fullt prosessar som går hand i hand i ein læringsprosess,og det er vanskeleg å førestelle seg det eineutan det andre.Heftet er meint å gi læraren eit repertoar av varierteundervisningsaktivitetar og opplegg som kan tilpassastulike fag og situasjonar der det blir skrive. I tillegger det meint å kunne tilpassast dei ulike elevane vi har iklassen, fordi elevane har behov for ulik form for støtteog rettleiing når dei skal utvikle seg som skrivarar.Variert undervisning skapar motivasjon og er ogsåeit viktig verktøy med tanke på tilpassa opplæring.Her finst aktivitetar som, forhåpentleg, vil gjere elevanemotiverte og gi dei lyst til å lære. Heftet er meintsom eit brukshefte der ein skal kunne finne godelæringsstrategiar som ein kan bruke som dei er, eller tilinspirasjon for eigne idear.Heftet inneheld oppgåver som kan skape skriveglede,og det er også forslag til stillas eller rammer for skriveoppgåversom kan hjelpe elevar som har redsle for«det store kvite arket», og som derfor ikkje kjem igang med skrivinga si. I tillegg er det eigne aktivitetarder ein kan lære seg fagstoff gjennom varierte leseogskrivestrategiar.Vi har delt øvingane inn i tre grupper: det ein gjer før,under og etter arbeidet med ein tekst. Strategiane skalkunne brukast i alle fag, og er spesielt eigna til arbeidmed fagtekstar. Det er viktig at læraren modellerer ogviser korleis strategiane skal brukast, før elevane tar deii bruk sjølve. Variasjon i val av læringsstrategiar er viktig,men samtidig bør kvar strategi brukast fleire gonger.Etter kvart kan elevane også velje strategiar sjølve.Gjennom systematisk arbeid med lærings strategiararbeider ein også systematisk med forståinga i faget.Derfor bør elevane arbeide med lesing og skriving ialle fag kvar dag.Til slutt i heftet finn du eit etterord som set tipsa inni ein skrivefagleg samanheng. Etterordet vil også veretil god hjelp i arbeidet med lesing, skriving og det åuttrykkje seg munnleg som grunnleggjande ferdigheiteri alle fag.Tonje Lien SmedbråtenTrygve KvithyldLykke til!Nasjonalt senter forskriveopplæring og skriveforskingNynorsk utgåve © 2012Første opplag 2012: 1 000 eks.Trondheim, den 20. oktober 2011Tonje Lien SmedbråtenISBN 978-82-93194-02-6 (trykt)ISBN 978-82-93194-03-3 (pdf )Layout: Tibe T reklamebyråIllustrasjonar: Ståle Gerhardsen3


Før skriving og lesingTenkje med papir og blyantTenkjeskriving er ei uformell, utforskande form for skriving der hovudføremålet er å reflektere, få ideareller å arbeide seg gjennom eit fagstoff. Det som er felles for alle desse tekstane, er at ein bruker skrivingasom ein tenkjereiskap der skriveprosessen er eit mål i seg sjølv, og ikkje sluttproduktet. I tillegg er det eitviktig trekk med desse tekstane at dei ikkje er retta mot andre lesarar enn skrivaren sjølv. Det handlar omå gi rom for nye tankar og idear, refleksjon og kreativitet, skaffe seg oversikt og sortere tankar, formulereseg gjennom idear, utan å ta større omsyn til ein mottakar. Poenget er at skrivaren skal sleppe å tenkje påsjangerkrav, rettskriving og form, men berre konsentrere seg om innhaldet og refleksjonen.Sjølv om denne forma for skriving ikkje har ein mottakar i utgangspunktet, kan ein ofte få meir ut avskrivinga dersom teksten ikkje stoppar hos skrivaren, men blir brukt vidare, til dømes gjennom at han blirlesen opp for to–tre medelevar. Då får skrivaren «lyttarar til eigne tankar» og samtidig innblikk i tankanetil medelevane sine.Felles for oppgåvene som er foreslått under, er at dei kan gjerast til ein integrert del av undervisningssituasjonen,dei treng ikkje ta så lang tid, dei knyter saman arbeid med skriving og arbeid med fag, og deikan brukast som førebuing til både skriving og lesing.Skrive seg inn i eit temaEin god strategi for å mobilisere forkunnskapane tilelevane og førebu dei på eit bestemt tema er å få deitil å skrive seg inn i temaet for undervisninga. Skriveoppgåvakan for eksempel formulerast slik: «Skriv altdu kan komme på om …» eller «Skriv alt du veit/trurdu veit, og alt du vil vite om …» Dersom temaet forundervisninga er islam, kan ein til dømes be elevaneskrive ned alt det dei veit om denne religionen på 3–5minutt. Dette er ein type tekst som eignar seg godt forå dele først med ein til to medelevar, og deretter veljeut noko som kan delast med heile gruppa. På dennemåten blir tenkjeskrivinga ein måte å arbeide seg inni eit tema på, samtidig som ho dannar grunnlag formunnleg aktivitet i klassen.Oppsummerande skrivingEi innleiande skriveoppgåve kan godt kombinerastmed oppsummerande skriving, der ein til dømes berelevane om å svare på følgjande spørsmål: «Kva har dulagt spesielt merke til?» eller «Kva for tankar gjer du degom …?» eller «Er det noko du ikkje forstår?» Med ei slikskriveoppgåve blir elevane tvinga til å reflektere rundtkva dei sit att med etter at undervisningsøkta er ferdig,og på denne måten kan dei også skaffe seg godenotat til seinare bruk.45


Før skriving og lesingFør skriving og lesingSkriv i veg!Mange lærarar beskriv elevar som har skrivesperre.Som lærar må du finne ut kva som gjer at elevanemanglar motivasjon for å skrive. Kjem det til dømesav manglande ferdigheiter eller at elevane trengtydelege rammer for skrivinga? Skrivesperre kankome av at den kritiske sansen blir kopla inn for tidleg,og at skrivaren blir for opptatt av rettskriving.Elevane må få kjennskap til at ein ikkje legg vekt pårettskriving i den kreative fasen.For å bli ein god skrivar må ein skrive, og derfor børnokre minutt kvar skoletime settast av til skriving.Ved å leike med ord og danne nye, ukjente kombinasjonarkan ein glede seg over språket og skrivinga.Gjennom ulike skriveøvingar øver elevane opp evnatil å førestelle seg figurar og handlingar, noko som ersvært viktig i arbeidet med skjønnlitterære tekstar.Som lærar kan du velje å bruke desse skriveøvinganeberre som ein variasjonsaktivitet, eller dei kan brukastsom ein oppstartsaktvitet for å komme i gangmed eit større skrivearbeid.Miniskriving ut frå fagtekstMange elevar synest det er tungt å arbeide medfagstoff, og ikkje minst det å skulle ta stilling til og reflektererundt innhaldet. Då kan ei kort skriveoppgåvemed utgangspunkt i eit kapittel i ei lærebok eller eventueltein avisartikkel vere til god hjelp. Denne oppgåvakan til dømes formulerast slik: «Ta utgangspunkt i nokoi teksten som du synest er viktig, interessant, merkeleg,provoserande, noko du er skeptisk til, noko du ikkje forstår»,osb., eller «Eg synest dette er … fordi …». Med eislik formulering må elevane velje ut og grunngi det deihar valt ut, noko som opnar for refleksjon, spørsmål ogundring. Dette er ei oppgåve som handlar om å skrivefor å lære, samtidig som det kan vere ei føre buing tildet å skrive ein fagtekst.Startsetningar som utgangspunkt for skrivingLæraren kan sette i gang skrivinga ved å få elevane tilå skrive ei eller fleire setningar som beskriv ein stad, einperson, ein gjenstand, ein konflikt osb. Desse setninganeer eit godt utgangspunkt for å planleggje vidareskriving. Elevane bør få nokre minutt på kvart punktfør læraren introduserer neste punkt. Elevane kan visetekstar til kvarandre. På den måten får elevane mangetips til vidare skriving.Skape eit dikt frå eit diktEin praktisk aktivitet for å komme i gang med diktskapingog skape skriveglede.• Vel eit dikt og klipp frå kvarandre orda i diktet.• Putt lappane i ein konvolutt.• Gi elevane konvolutten og instruksjon om at dei skallage eit dikt.• Ikkje sei at du har klipt opp eit dikt.• Elevane kan ta bort opp til fem ord og leggje tilsmåord dersom dei treng det.Etterpå viser du fram originaldiktet og skaper ein samtaleder elevane til dømes kan samanlikne dei to diktatematisk.KjøleskapspoesiKjøleskapspoesi er små magnetar med ord på. Gi elevaneein neve med slike magnetar og få dei til å skapedikt eller setningar ut ifrå orda dei har fått.lenge etter at vivar glad i hverandreog lenge etterTøyseforteljingarFå elevane til å skrive ulike ord på små lappar. Dersomdet er ønskjeleg, kan du spesifisere at dei berre skalskrive substantiv eller verb, eller berre ord som handlarom sommaren osb. Det finst mange variantar avdenne aktiviteten.• La elevane sitje i grupper. Førstemann trekkjer eitord og byrjar å skape ei munnleg forteljing der ordetinngår. Etter ei <strong>stund</strong> seier leiaren stopp, ogforteljinga går vidare til nestemann, som må trekkjeeit nytt ord, halde fram med forteljinga og få meddet nye ordet osb.• Elevane trekkjer nokre lappar kvar og skal skriveforteljingar der orda inngår. Alternativt kan dei skapeei munnleg forteljing der og då.• Oppgåva kan utvidast med at du spesifiserer sjanger– kriminalforteljing, kjærleikshistorie, opera ...Skrive til eit bilete eller ei teikning• Beskriv personen du ser på biletet/teikninga.• Beskriv omgivnadene• Kva tenkjer personen?• Kvar skal personen?• Kvar har personen vore?• Kva gjorde personen i går?Her kan ein også trekkje inn moglege konfliktarog vendepunkt.«Skrivestopp» vedlesing av felles skjønnlitterær bokLæraren stoppar høgtlesinga og får elevane til å skrivekva dei trur kjem til å skje vidare. Elevane får dele detdei trur kjem til å skje, før læraren les vidare i boka.Ved slik skriving kan læraren ha ulike fokusområde(handling, skildring, konflikt, ordval, tekstbinding e.l.).at vi ikke var gladi hverandre skrev jegnavnet ditt med blyantpå et hvitt lite viskelærikke større enn etbringebærsukkertøyJan Erik Vold67


Før skriving og lesingFør skriving og lesingSkrive for å utforske, reflektere og beskriveOrdslangeBegynn med eit ord. Nestemann tar ordet og legg tileit ord til for å skape eit samansett ord, nestemann tarsiste del av det samansette ordet og lagar eit nytt ord.Hald på så lenge de greier. Kor lang blir slangen? Ordakan brukast vidare til ei forteljing eller liknande, elleraktiviteten kan berre vere ein leik med ord.Skrivestafett• Lag ei felles byrjing.• Elevane skriv framhaldet på eit ark.• Når leiaren gir signal, sender dei arket vidare, og einny elev held fram på forteljinga.• Når signalet no kjem, skal eleven brette arket slik atberre det ho sjølv har skrive, er synleg når ho senderarket vidare.• Ved nytt signal brettar ein over det førre elev skreiv,slik at det heile tida berre er det den siste elevenskreiv som kjem fram.• Gi signal når avslutninga av forteljinga skal skrivast,og les opp tekstane i klassen til slutt.Person, stad, tingSkap nokre figurar, gjerne i samarbeid med elevane,som kan vere hovudpersonar i ei forteljing. Du avgjersjølv kor spesifikke skildringane skal vere, eller du kanbruke ulike bilete. Gi elevane skildringane/bileta og bedei om å velje ut ein figur. Elevane skriv så ei skildringav figuren. Gjer det same med nokre plassar der forteljingakan utspele seg. Plukk med deg ein heil haugmed gjenstandar, det kan vere alt mogleg frå ei hårspennetil eit nøkkelknippe til ein ost. Gi kvar personein gjenstand som dei skal flette inn i forteljinga si.Denne oppgåva kan varierast med at elevane får person,stad og ting frå byrjinga, eller at du spesifiserer attingen til dømes skal vere mordvåpenet i ei forteljing.Aktiviteten kan gjerne brukast som oppstart til ei lengreøkt med kreativ skriving.Læringsstrategiar kan brukast før eit tema for å sette i gang tankeprosessane, dei kan brukast undervegsfor å beskrive og utforske, og dei kan brukast i etterkant for å organisere, hugse og fordøye ny kunnskap.TankekartTankekart er ein velkjent læringsstrategi som kanbrukast ved introduksjon til eit nytt tema eller ei nyskriveoppgåve. Det ustrukturerte tankekartet fungerersom ei idémyldring der hovudet blir tømt foralle idear og tankar. Her er det ingen spesielle kravtil struktur eller oppbygging. Det strukturerte tankekartetorganiserer stoffet slik at element som høyrersaman, blir plasserte i same boble eller boks. Desseboblene kan igjen ha underkategoriar for temasom høyrer inn under hovudboblene. Dette skaparei ryddig og god oversikt over temaet. Tankekarteter visuelt og hjelper spesielt visuelle elevar med åorganisere og hugse fagstoff (jf. teoriar om ulikelæringsstilar).VØSL-skjemaDette er ein notatteknikk som legg vekt på kva elevaneveit, kva dei ønskjer å lære, og kva dei har lært nårlæringsaktiviteten er ferdig.• Elevane lagar fire kolonnar på eit ark.• Kolonne 1 er «Eg veit», kolonne 2 «Eg ønskjer å lære»,kolonne 3 «Slik vil eg lære» og kolonne fire «Eg harlært».• Elevane snakkar om kva dei veit frå før, og fyller inn ikolonne 1.• Elevane finn ut kva dei vil lære, og fyller inn ikolonne 2.• Elevane finn ut korleis dei vil lære og kor dei kanfinne svar, og fyller inn i kolonne 3.• Etter lesing/læringsaktivitet fyller elevane inn kvadei har lært, i kolonne 4.VØSL-skjemaet er eit godt utgangspunkt for ei skriveoppgåve om temaet. Gjennom skjemaet har elevane fåttrydda opp i «gammal» kunnskap og utvikla ny. Ved å bruke skjemaet som ein disposisjon, og då spesielt kolonne1 og 4, kan elevane skrive ein fagtekst om temaet.Eg veit … Eg ønskjer å lære … Slik vil eg lære… Eg har lært ..89


Før skriving og lesingFør skriving og lesingEin av dei viktigaste faktorane som må vere til stades for at læring skal skje, er at elevane greier å knyte dennye kunnskapen saman med kunnskap dei har frå før. For å få til dette er det viktig å få fram bakgrunnskunnskapen,slik at dei er førebudde på aktiviteten som kjem. I denne fasen kan det også vere naturleg åintrodusere nokre nye omgrep. Det å variere aktivitetane ein bruker for å få fram bakgrunnskunnskapen,vil i mange tilfelle verke motiverande på elevane.Quiz i grupperEin quiz med svaralternativ for å få ein introduksjon tilnytt stoff. Lag spørsmål med tre svaralternativ der eittsvar er riktig. Begynn med det generelle (bakgrunnskunnskap)og gå over i det meir spesifikke. Elevane sit igrupper og svarar saman. Kvar gruppe får tre ark medA, B og C på og held opp den bokstaven dei meinerrepresenterer det riktige svaret.Kven skal ut?Ein konkurranse for å få ein introduksjon til nytt stoff.Kan også brukast som repetisjon. Elevane kan svare påoppgåva munnleg eller skriftleg, aleine eller i grupper.• Finn tre personar/saker/ting som høyrer saman.• Finn ein person/sak/ting som ikkje høyrer samanmed desse.• Finn bilete som representerer kvar av dei.• Oppgåva blir å finne ut kven som skal ut, og kvifor.HENRIK IBSENA:ETDUKKEHJEMB:NAIV. SUPERC:MARKENSGRØDESKJØNNLITTERATURA:Det var en gang i KarupKro en pike som hetKarenB:Vi har alle opplevd bådegode og dårlige lærere.I dag er det veldig fåskoler som gir elevenemulighet til å vurderelærerne sine.C:Hjortebrølene fraGryt dalen er kjent i helelandet. Men hvilkenfremtid har dette storenaturreservatet i Orkdal?kven skal ut?Forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson, forfattaren Knut Hamsun,forfattaren Henrik Ibsen eller forfattaren Sigrid Undset?Svar: Alle bortsett frå Henrik Ibsen har fått Nobelprisen ilitteratur, så Henrik Ibsen skal ut.1011


Før skriving og lesingFør skriving og lesingFleip eller fakta / Ta sjansen!Ein konkurranse som førebur elevane på teksten/omgrepa som kjem. Kan anten utførast som ein fysiskaktivitet eller med papir og blyant.• Lag «fleip eller fakta»-utsegner frå teksten/temaet• Variant 1, Fleip eller fakta: Elevane står ved pultanesine. Du les opp ei utsegn. Dersom elevane meinerdet er fakta, blir dei ståande, men meiner dei det erfleip, set dei seg ned på stolen.• Variant 2, Ta sjansen!: Elevane får arket medutsegna og skal «ta sjansen» på om utsegna er fleipeller fakta.De går ikkje gjennom kva som er riktig, elevane måsjølve finne svara i teksten etterpå og skrive ned deiriktige påstandane.Påstand: Fleip FaktaHitler blei fødd i Berlin i 1889Mor til Hitler fekk kreft og blei behandla av einjødisk legeHitler hadde åtte syskenHitler prøvde å komme inn på kunst akademiet iWien, men fekk ikkje komme innHitler tente til livsopphald som kunstmålar i einperiode i ungdommenHitler kom til makta i Tyskland i 1940FørlesingsloopDette er eit spel med spørsmåls- og svarkort. Elevanefår førebudd seg på nokre omgrep og tydinga avdesse før dei går inn i sjølve teksten.• Lag spørsmål og svar til temaet. Det er viktig atbåde spørsmål og svar er tydelege (gjenta spørsmåleti svaret).• Skriv eit spørsmål nedst på eit kort, skriv svaret øvstpå neste kort og det neste spørsmålet nedst påsame kortet osb. Svaret på det siste spørsmåleti loopen skriv du øvst på kortet med det førstespørsmålet.• Elevane fordeler korta mellom seg. Gi beskjed vissdu vil at eit spesielt spørsmål skal starte. Elevanelegg ut korta i rekkjefølgje ettersom dei svarar.Har dei gjort det riktig, vil alle korta til slutt liggje påbordet, og dei finn svaret til det siste spørsmålet påkortet med det første spørsmålet.• Loopen kan lett endrast til ein etterlesings-/repetisjonsloop ved å ta bort spørsmålsformuleringanei svara (sjå understrekingar i dømet).• Med litt øving kan elevane lage slike loopar sjølve.• Omgrepa frå loopen er eit godt utgangspunkt forei skriveoppgåve. Gjennom å kjenne definisjonaneav ulike omgrep kan elevane skrive ein fagtekstom emnet.Svar: Alle kart er unøyaktige fordi det er umogleg å overførejorda si kuleform til eit flatt kart.Spørsmål: Kva for ein fasong har jordkloden?Svar: Jordkloden har same fasong som ei kule.Spørsmål: Kva er ein globus?Svar: Ein globus er ein forminska modell av jordoverflata.Spørsmål: Kva er ekvator?Svar: Ekvator er ein tenkt ring som deler jordkloden i tohalvkuler.Spørsmål: Kva heiter dei to halvkulene jorda er delt i?Svar: Dei to halvkulene jorda er delt i, heiter den nordlegeog den sørlege halvkula.Spørsmål: Kva er ein breiddesirkel?Svar: Ein breiddesirkel er ein sirkel på globusen som liggparallelt med ekvator.Svar: Globusen er delt inn i breiddesirklar og meridianarfordi desse til saman dannar eit gradnett som gjer at vi kangi nøyaktig posisjon for alle punkt på jorda.Spørsmål: Korleis ligg polpunkta i forhold til ekvator?Svar: Polpunkta ligg på 90° N og 90° S frå ekvator.Spørsmål: Kva er 0-meridianen?Svar: 0-meridianen er den meridianen som går gjennomGreenwich-observatoriet i London.Spørsmål: Kor mange grader austover og vestover kan vidra?Svar: Vi kan dra 180 grader austover og 180 grader vestover(til saman 360 grader).Spørsmål: Kva viser målestokken på eit kart?Svar: Målestokken på eit kart viser oss forholdet mellom einavstand vi måler på kartet, og den same avstanden i røynda.Spørsmål: Kva betyr målestokken 1 : 50000?Svar: Målestokken 1 : 50000 betyr at 1 cm på kartet er50000 cm (= 500 m) i røynda.Tyskland invaderte Polen 1. september 1939I løpet av krigen blei 6 millionar jødar drepneSlaget ved Stalingrad blei ein stor siger for HitlerSpørsmål: Kva er ein meridian?Svar: Ein meridian er ein sirkel på globusen som går frånordpolen til sørpolen.Spørsmål: Eit kart har målestokken 1 : 5000 og eit anna karthar målestokken 1 : 100000. Kva for kart viser det størsteområdet?Svar: Kartet med målestokken 1 : 100000 viser det størsteområdet.Hitler leid av Parkinsons sjukdomNokre av Hitler sine medarbeidarar prøvde ådrepe han i eit attentat den 20. juli 1944Hitler blei avretta i rettsoppgjeret etter krigenSpørsmål: Kvifor har vi delt inn globusen i breiddesirklar ogmeridianar?Spørsmål: Kvifor er alle kart unøyaktige?1213


Før skriving og lesingUnder skriving og lesingSkrive for å finne fokusDet er viktig å vere aktiv i alle ledd av læringsprosessen. Gjennom bruk av ulike læringsstrategiar ogsåundervegs i arbeidet med ein tekst kan ein i større grad handsame den informasjonen ein arbeider med.Læringsstrategiane fungerer også som struktureringsverktøy.BISON-blikkDenne aktiviteten er ein hugseregel for korleis ein kanførebu seg på innhaldet i ein tekst før ein begynnerå lese. Lesaren får eit overblikk over teksten, han fåraktivert bakgrunnskunnskap og er «påkopla» før sjølveleseaktiviteten begynner. Sjå på og snakk om:B – bilete/illustrasjonarI – ingress/innleiingS – slutt/samandrag/siste avsnittO – overskrifterN – NB-ordGjer dette saman med elevane dei første gongene, såkan elevane gjere det i par eller grupper, før dei etterkvart også kan gjere det individuelt. Etter ein rundemed BISON-blikk kan elevane ha ein tenkjeskrivingsaktivitetder dei skriv ned noko av det dei har fått medseg. Etter dei har lese sjølve teksten, bør dei gå tilbaketil tenkjeskrivinga si og sjå om teksten handla om detdei trudde på førehand.Les med fokus: SpørjeordEin leseteknikk for å halde fokus under leseaktivitetenog konsentrere seg om ein ting.• Elevane sit i grupper.• Kvar elev får eit kort med eit spørjeord og hardermed fått oppgåva si og fokuset sitt for lesinga.• Medan elevane les, noterer dei ned stikkord og/ellersetningar som svar på spørsmålet sitt.• Når teksten er lesen ferdig, fortel kvar elev, medutgangspunkt i spørjeordet sitt, kva dei har funne ut.Elevane kan her velje å skrive ned det som blirfortalt, eller berre lytte.• Elevane kan bruke informasjonen dei har fått frådei forskjellige deltakarane på gruppa, til å skape einfagtekst saman eller individuelt. Spørjeorda fungererdå som ei sjekkliste over om dei har fått med detviktigaste. Dei kan også ha ein tenkjeskrivingsaktivitetslik som det er forklart tidlegare i heftet.• Bruk dei ulike spørjeorda til å differensiere (når er tildømes enklare enn kvifor).• Lesesenteret (www.lesesenteret.no) har forslag pårollekort som kan brukast både til skjønnlitteræretekstar og fagtekstar.Kven? Kva? Når?Kvar? Kvifor? Korleis?Les med fokus: Ta sjansen!Dette er ein leseteknikk for å få fokus under leseaktiviteten.Elevane leiter etter om svara deira frå «Tasjansen!» (sjå Før lesing/skriving, side 12) er riktige ellergalne, og rettar fleipeutsegnene før dei skriv dei ned.1415


Under skriving og lesingEtter lesing og som utgangspunkt for skrivingLeike med fakta og rydde i tankaneLes og sei/skriv nokoDette er ein teknikk for å ha fokus under leseaktivitetenog formulere eigne tankar om det som blir lese, antenmunnleg eller skriftleg eller begge delar.• Elevane sit i grupper.• Ein elev les eit avsnitt.• Eleven til høgre seier noko om det avsnittet somnett har vorte lese, eller alle elevane skriv noko omdet som nettopp har vorte lese, før dei deler det deihar skrive, i plenum.• Bruk gjerne startorda under.• Slik held elevane fram til dei har lese ferdig teksten.• Det handlar om…• Eg har lært/høyrt at…• Det står i boka at …• Eg tenkjer/trur at …• Eg lurer på kvifor …• Eg trur hovudideen er…• Det var rart at …• Det var spennande at …Lag andre reglar dersomnokre elevar er svært usikrepå det å lese høgt for medelevanesine. Dersom deiikkje vil lese, bør dei uansettseie/skrive noko om det deiandre les.Dei ulike læringsstrategiane skal gjere elevane betre rusta til å hugse fagstoffet. Etter ein har lese ferdigein tekst, er det viktig å organisere og reorganisere kunnskapen sin. For å forstå fagstoffet er det mellomanna svært viktig å øve på fagomgrep. Det å arbeide med omgrep vil gjere elevane betre rusta til å forklarefagstoffet munnleg og skriftleg seinare. Fysiske eller praktiske oppgåver med eit element av konkurransevil i mange tilfelle verke motiverande for elevane. Når elevane lagar sitt eige materiell, må dei øve seg på åforklare omgrepa, noko som aukar forståinga deira.Raudt kort / StraffekortDette er eit spel som eignar seg til å øve faktakunnskap.Konkurranse skapar motivasjon og engasjement.• Lag spørsmål/svar til eit tema – skriv dette på sameside på eit kort av papp. Her kan ein også brukeomgrep med definisjonar, eller gloser medomsetjing osb.• Like mange spørjekort blir hengde i kvar sin ende avei snor med eit straffekort i midten.• Før spelet tar til, avtalar deltakarane «straffa»(ti armhevingar, syngje «Forelska i lærer’n» tillæraren, springe rundt skolen …)• Per les opp det første spørsmålet på sin ende avsnora. Dersom Kari svarar riktig, hoppar Per inn tilneste kort. Dersom Kari svarar feil, blir Per ståandeog skal stille det same spørsmålet når det er hans turigjen. Per og Kari stiller spørsmåla annankvar gong.• Den som først tar i straffekortet, har ikkje klartoppgåvene sine og må dermed utføre straffa.• Gjennom øving på sentrale omgrep og spørsmål fråtemaet står elevane betre rusta til å formulere segi ei skriveoppgåve seinare.• Elevane kan med litt øving lage korta sjølve.1617


Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtter lesing og som utgangspunkt for skrivingSnorkortDette er ei taktil oppgåve som er godt eigna til læringav omgrep.• Klipp ut eit stykke kartong og klipp like mange hakkpå kvar av langsidene.• Skriv spørsmål/omgrep på den venstre langsida.• Skriv svara/forklaringane hulter til bulter på denhøgre langsida.• Fest ein hyssing i kartongen.• Trekk tråden frå baksida og inn i det øvstehakket på venstre side. Trekk tråden til svaretpå den høgre sida. Trekk tråden til det andrehakket på venstre side osb.• Hugs at du teiknar på fasiten på baksida etterdu har gjort oppgåva riktig ein gong.• Dersom du har gjort oppgåva riktig, vil trådendekkje strekane du har teikna opp som fasit.LøpEi fagleg postløype som er godt eigna til elevarsom treng rørsle.• Lag spørsmål som du skriv på store ark.• Avtal med elevane kvar postane skal henge.Skriv oversikta på tavla.• Send elevane ut i løypa, dei går frå post til postfor å svare på spørsmåla. Kan dei ikkje svaret, må deiinnom klasserommet for å slå opp svaret ellersnakke med læraren.VeggspelEin konkurranse som er godt eigna til stoff som kandelast inn i ulike kategoriar.• Kategoriane blir skrivne på store ark, og arka blirhengde opp på veggen.• Lag oppgåver der svaret alltid er i ein av kategoriane.• Ein elev les oppgåva.• To eller fleire elevar har kvar si flugesmekke ogforsøkjer å slå fortast mogleg på riktig kategori.Døme: Elevane skal lære seg skilnader på den katolske,den ortodokse og den lutherske kyrkja. Skriv dei treomgrepa på store ark, og lag utsegner som passar påberre ein av kategoriane. Du kan også skrive utsegnersom passar på to av kategoriane, og la elevane brukehandflatene eller to flugesmekker til å slå med.StafettEin motiverande og aktiv lagkonkurranse.• Lag gjerne oppgåver med tre svaralternativ, nokosom er enklare for læraren å administrere.• Deltakarane står på den eine enden av banen.Instruksjonsarka ligg opp ned framfor dei. Oppgåva,eitt ark pr. gruppe, ligg på den andre enden avbanen der læraren står.• Deltakaren trekkjer eit instruksjonsark, spring overbanen medan han utfører instruksjonen.• Deltakaren ser på første spørsmål og bestemmerseg for om a, b eller c er rett. Han går til læraren ogseier «1a». Lærar nikkar dersom det er rett, og elevenset ein ring rundt 1a, spring tilbake og sender utnestemann på laget. Dersom svaret er feil, skriv haningenting og spring tilbake og sender ut nestemann,som også må svare på oppgåve 1.• Laget som først har svart riktig på alle oppgåvene,vinn.Døme på instruksjonar:• Snurr rundt ti gonger før du spring• Spring med høge kneløft og klapp hendeneover hovudet• Spring baklenges• Hink på eitt bein• Hopp med samla bein• Gå med museskritt1819


Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtter lesing og som utgangspunkt for skrivingFinn ordetEit lagspel der elevane får øvd seg på å forklare omgrep.• Lag ein tabell i Word og skriv inn dei nyefagomgrepa elevane skal lære.• Klipp frå kvarandre lappane.• Elevane bør jobbe med omgrepa i forkant og skrivened forklaringar/definisjonar.• To og to elevar speler mot kvarandre. Lag 1begynner. Lag 2 set stoppeklokka på eitt minutt.Spelar A på lag 1 trekkjer ein lapp og forklarer ordetpå lappen, utan å seie ordet. Spelar B på lag 1gjettar. Når han har rett, trekkjer spelar A ein ny lapposb. Det er om å gjere å klare så mange omgrepsom mogleg i løpet av eitt minutt. Etterpå er det lag2 sin tur. Neste gong det er lag 1 sin tur, er detspelar B som forklarer og spelar A som gjettar.• Understrek at forklaringane skal vere faglege ogrelevante!Døme på omgrep:Tema: FilmAction Anslag AnimasjonDreiebok Manus KronologiPanorering Avtoning KryssklippingStoryboard Regissør DokumentarTema: SakprosaIngress Påstand KjeldeAvsnitt Temasetning MotargumentSirkelkomposisjon Argument KommentarsetningObjektiv Disposisjon RelevantTema: Andre verdskrigLynkrig Dei allierte KamikazeangrepAksemakt Konsentrasjonsleir EkspansjonInvasjon Holocaust GettoOkkupasjon Kapitulasjon AriskØvebok/to-kolonnenotatDette er ein notatteknikk der elevane må definere ogformulere innhaldet i ulike omgrep. Etter dei har jobbamed omgrepa, kan dei bruke øveboka til å teste segsjølv eller andre.• Brett eit ark og klipp den eine delen til små luker.• Skriv omgrepet på framsida av luka og forklaringainni. I eit tokolonnenotat skriv du forklaringa vedsida av omgrepet.• Bruk omgrepa og forklaringane som utgangspunktfor ein fagtekst. Då får elevane også øving i korleisdei set omgrepa i samanheng med kvarandre.Inn i ringenEin aktivitet der elevane må seie noko om kva dei harlært, og lytte til dei andre.• Alle står i ein ring. Ein etter ein tar eit skritt fram ogseier noko som dei har lært om temaet. Alle skalseie noko, og det er lov å seie det same som nokonandre.• Læraren kan eventuelt skrive ned det som blir sagt,eller elevane kan skrive referat av øvinga etterpå.Disposisjon ogskrivemalarEtter at elevane har arbeidd med fagstoffet på uliktvis, skal dei ofte arbeide vidare med kunnskapen iein fagtekst der dei både skal vise fagkunnskap ogevne til å reflektere og utforske vidare. For å kunneskrive ein god tekst er dei fleste avhengige av ein goddisposisjon som set rammer for skrivinga. Omarbeidingog disponering av fagstoffet i fleire omgangarvil også gjere at ein fjernar seg frå originalkjeldeneog heller formulerer seg meir med eigne ord. Dette erviktig når det gjeld å bruke kjelder riktig, men det erogså ein føresetnad for å kunne bruke fagkunnskapeni eigne refleksjonar. Ein del elevar treng støtte medtanke på korleis dei kan byggje opp teksten. Stadigmodel lering og støtte undervegs i prosessen kan hjelpedesse elevane til å strukturere tekstane sine betre.Strukturert tankekartDet strukturerte tankekartet organiserer stoffet slik atelement som høyrer saman, blir plasserte i same bobleeller boks. Dette skapar ei ryddig og god oversikt overtemaet og er dermed eit godt utgangspunkt somdisposisjon for ein fagtekst. Dersom kvar boble ellerboks også blir nummerert etter når dei skal kommei teksten, vil dette bli ei oppskrift som blir enkel forelevane å følgje, fordi dei veit rekkjefølgja på det deiskal skrive om.2021


Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtter lesing og som utgangspunkt for skrivingStyrkenotat og spoletekstEit styrkenotat fungerer på same måte som eit strukturerttankekart, men i styrkenotatet er dei ulike nivåasette opp i listeform i staden for i ei visuell utforming.Styrkenotatet er ei ordna liste der hovudideen erstyrke 1, medan detaljane er styrke 2 og 3 osb. Deter ofte ei smakssak om elevane ønskjer å bruke detstrukturerte tankekartet eller styrkenotatet, menelevane bør få opplæring i begge slik at deisjølve kan velje den læringsstrategien dei finnmest hensiktsmessig. Spoleteksten tar gjerneutgangspunkt i det strukturerte tankekarteteller styrkenotatet. Spoleteksten er eit godthjelpemiddel når elevane skal lære å skrivefagtekstar eller argumenterande tekstar, ogfungerer som ei oppskrift eller ein disposisjon forteksten. Tar ein utgangspunkt i styrkenotatet, blirspoleteksten bygd opp slik:Innleiing:• styrke 1 + 2 + 2 + 2 + 2Hovuddel:• styrke 2 + 3 + 3 + 3• styrke 2 + 3 + 3 + 3• styrke 2 + 3 + 3 + 3Avslutning:• styrke 1 + 2 + 2 + 2Når elevane meistrar sjangeren, treng dei ikkjelenger spoleteksten, men i ein startfase av opplæringakan spoleteksten fungere som ei trygg ramme rundtskrivinga.VenndiagramEin skriveaktivitet der elevane må kunne samanlikneto element/saker.• Lag to sirklar som delvis overlappar kvarandre.• Elevane fyller ut sirklane med kva som er likt (der detoverlappar) og ulikt (resten av dei to sirklane).• Venndiagrammet er eit godt utgangspunkt for einargumenterande tekst der ein kan drøfte dei toelementa opp mot kvarandre. Diagrammet kanfungere som ein disposisjon ved at ein først skrivom det som er unikt for kvart av elementa.Til slutt samanliknar ein dei, eller ein kan gjere detundervegs.2223


Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtter lesing og som utgangspunkt for skrivingFriformkartEin teikne-/notatteknikk der elevane får handsamastoffet og trekt ut den viktigaste informasjonen.• Elevane teiknar notat (strekmenn, symbol osb.)frå det dei har lese• Teikningane må ikkje vere forståelege for utanforståande,berre teiknaren sjølv må forstå kva han meiner.• Med støtte i friformkartet skal elevane kunne forteljemunnleg og skriftleg om det dei har lese.Friformkartet fungerer då som ein disposisjon.BoksskjemaEin notatteknikk der elevane sjølve må formulere ogskrive ned det dei ser på som viktigast frå kvart tema.• Del eit A3-ark i fleire ruter/boksar. I midten skrivdu ned hovudtemaet. I rutene rundt skriv du innundertema.• Elevane fyller ut skjemaet med stikkord, omgrepsforklaringar,teikningar, figurar osb.• Dersom ein legg ned litt arbeid i skjemaet, er detfint å bruke til repetisjon og som utgangspunktfor skriveoppgåver. Kvar rute i skjemaet kan då bli tileit avsnitt i ein tekst, og skjemaet fungerer som eindisposisjon.Sola og fusjon Planetar, stjerner, satellittar Galaksar Gravitasjon og ellipsebaneFinn nokon som ...Ein aktivitet der elevane må forklare medeigne ord og samtidig er fysisk aktive.• Lag spørsmål om det elevane skalkunne etter dei har lese teksten.• Elevane går rundt i klasserommet ogspør kvarandre. Når dei har fått svar,må eleven som har forklart, signere.• Bruk arket som ein skrivemal etterpå.Kvar av rutene kan då bli avsnittet iein tekst, og den første kolonnen kangjerast om til setningsstartarar.Finn nokon som kan… Bevis/Forklaring Signatur… seie tre ting om Hitler sinoppvekst og/eller familie… forklare kva som ligg i Hitlersin rasepolitikk, og kvifor dennepolitikken fekk store konsekvensarfor jødane i Europa… seie tre ting som kjenneteiknakrigføringa mellom Tyskland ogStorbritannia… seie tre ting som kjenneteiknakrigføringa mellom Tyskland ogStorbritannia…fortelje om dei siste dagane tilHitler og korleis han døydde1.2.3.Kva?Kvifor?1.2.3.Kva?Kvifor?Kva skjedde?Korleis døydde han?Fordjupingsoppgåva diuniversetÅrstideneBig Bang og mørk energi Flo og fjøre Måne- og solmørking2425


Etter lesing og som utgangspunkt for skrivingEtterordLæringsloggOmgrepet «logg» blir ofte brukt som ei fellesnemningpå alle typar uformell skriving, og i likskap med andreformer for tenkjeskriving er ikkje føremålet med loggskrivingat skrivinga skal vurderast, verken når det gjeldinnhaldet eller språket. Ein kan bruke logg for å skrivened faglege refleksjonar i etterkant av ein aktivitet,både individuelle aktivitetar og gruppeaktivitetar.Loggen gir rom for refleksjon og ettertanke, samtidigsom han også kan vere eit grunnlag for dialog mellomelev og lærar dersom loggen blir levert inn. Han kan gidokumentasjon på eleven si faglege utvikling, og hanbidreg til å gi eit metaperspektiv på læringa. Gjennomå skriftleggjere erfaringane og tankane sine har einmoglegheit til å gå tilbake og studere si eiga utviklingog læring.Føremålet med ein logg kan oppsummerast med trehovudfunksjonar:• å ta vare på inntrykk, observasjonar, episodar ogliknande frå undervisningsaktivitetane• å danne grunnlag for refleksjon• å vere til hjelp i eigenvurderingFor å få best mogleg utbytte av loggskrivinga kan detvere nyttig å dele han inn i to fasar, den spontane ogden reflekterte loggen. Ofte vil ein rett etter noko harskjedd, ha behov for å skrive det ned, rett og slett forå hugse det. I den første fasen er fokus gjerne på ådokumentere og beskrive, og notata kan ofte vereustrukturerte og lite reflekterte. Men seinare, til dømesmot slutten av dagen eller etter at ein har avsluttaeit større arbeid, kan ein gå tilbake til den spontaneloggen og velje ut noko ein vil konsentrere seg om,fordjupe seg i og skrive vidare om i ein reflektert logg.Reint praktisk kan dette organiserast ved at ein har eittodelt ark med ei side for spontanloggen og ei side forrefleksjonar knytte opp til denne, noko som gir oversiktover begge nivåa og gjer det mogleg å gå tilbake ogsjå samanhengane. Mellom desse to fasane kan ogsålærar og medelevar komme med innspel og spørsmålsom ein kan ta utgangspunkt i når ein arbeider medden reflekterte loggen.Kva er det vi gjer når vi skriv?Kva er hensikta med dei ulike skriveoppgåvene vi gir i skolen?Dei siste tiåra med skriveforsking, der det har blitt lagtstørre vekt på skriveprosessen enn sjølve sluttproduktet,har bidrege til større innsikt i kva vi faktisk gjer nårvi skriv. Korleis planlegg, formulerer og omarbeider vitekstane våre? Er skriveprosessen lik for alle, eller brukervi ulike skrivestrategiar? Vi vil prøve å oppsummerenoko av kunnskapen vi har om korleis vi ter oss når viskriv. Dette er vital kunnskap for planlegging og tilretteleggingav opplæringa, og vi trur også det er viktigat denne kunnskapen blir eleven sin kunnskap for ateleven i større grad skal kunne følgje med på si eigaskriveutvikling.Gode tekstar blir sjeldan skrivne rett ned, dei eromarbeidde fleire gonger. Dette er ei viktig innsiktelevane bør få så tidleg som mogleg i skriveutviklingasi, spesielt fordi det på mange måtar strid mot korleismange elevar trur ein utviklar skriveferdigheit. Måletfor skriveopplæringa er altså ikkje at eleven skal kunneskrive ned ein tekst som ikkje treng omarbeiding. Jomeir erfaren ein blir som skrivar, jo fleire gonger revidererein tekstane sine. Elevane treng hjelp til å utvikledet vi med fagterminologi kallar revisjonskompetanse.For å utvikle revisjonskompetanse må det skapast eiforståing for at skriveprosessen består av ulike fasar.Skriveprosessen blir innleidd med ein planleggingsfaseeller idéfase og endar forhåpentlegvis med einferdigstillingsfase. Mellom desse ytterpunkta er detei veksling mellom kreative fasar (der ein produserertekst) og analytiske fasar (der ein les gjennom og reviderer).Elevane treng ulik støtte avhengig av om dei eri idéfasen, revisjonsfasen eller ferdigstillingsfasen.Mange av tipsa i dette heftet er forslag til undervisningsaktivitetarder elevane kan arbeide konkret medulike delar av skriveprosessen. Tipsa er organiserteetter ein tredelt modell; det ein gjer før, under og etterarbeidet med ein tekst.Som skrivarar nyttar vi ulike skrivestrategiar. Nokreskrivarar er i stand til å utarbeide ein disposisjon somdei i grove trekk følgjer når dei utformar teksten sin,medan andre skrivarar ikkje greier å førestelle seg korleisteksten vil bli, før dei skriv han. Både planleggjarenog kaosskrivaren finst i kvar enkelt klasse, og mangeelevar vil opphalde seg mellom desse ytterpunkta.I nokon grad kan elevane øvast opp i å planleggjetekstane sine, og elevar som har utvikla eit repertoarav skrivestrategiar, står betre rusta til å variere strategianetil ulike skriveføremål. Skrivestrategiar varierer ikkjeberre frå person til person, men er også avhengige avkva ein skal skrive, kor mykje tid ein har, kven som skallese det – altså kva for ein skrivesituasjon ein er i.Eit anna viktig moment for skriveopplæringa som vi viltrekkje fram her, er at alle som skriv, opplever periodiskskriveblokkering. Skriveblokkering er normalt! Det erikkje noko som berre rammar den uerfarne skrivareneller berre noko “eg slit med”. Tipsa i heftet kan veretil hjelp for å arbeide med skrivinga undervegs gjennomvarierte og strukturerte oppgåver. På den måtenvil elevane øve opp strategiar slik at dei kan overvinneden handlingslamminga vi alle kan kjenne i møtetmed det store kvite arket som skal fyllast med tekst.2627


I heftet har vi samla fleire tips til korleis vi som lærararkan lage varierte og meiningsfulle skriveoppgåver forelevane. For at ein skrivesituasjon i skolen skal opplevastsom meiningsfull, er det viktig at læraren hartenkt grundig gjennom oppgåva som elevane får: detinneber for det første at ein har reflektert over kva somer føremålet med oppgåva, og for det andre korleisdette skal kommuniserast til elevane. Eit didaktisk hjelpemiddelfor å reflektere over ulike skrivesituasjonar iskolen, er den såkalla skrivetrekanten. Han er utviklaav forskarar i SKRIV-prosjektet (Smidt 2008, 2010), oghan deler skriving inn i tre aspekt – føremål, innhald ogform – og illustrerer samanhengen mellom dei.Skrivetrekanten er utvikla med autentiske skrivesituasjonarsom førebilete, og når vi skriv utanfor skolen– altså ikkje med opplæring som mål – så har skrivingalltid eit føremål. Vi skriv fordi vi har behov for å skrive,og ofte er dette kommunikative føremål. Anten vi skriveit klagebrev på busstilbodet der vi bur, eit referatetter eit møte i foreldrerådet eller ei tekstmelding tilein venn, er dette tekstar med eit reelt kommunikativtinnhald mynta på autentiske lesarar. Mykje av denskrivinga vi driv med i skolen, manglar denne autentiske,kommunikative hensikta. SKRIV-forskarane slårfast at tekstens føremål har vore underkommuniserti skriveopplæringa. Dette handlar om spørsmål som:• Kvifor skriv eleven denne teksten?• Kva skal han brukast til?• Kven skal lese han?• Korleis skal han vurderast?For dei fleste tekstar som blir skrivne i skolen, erlæraren mottakar, men i nokre tilfelle kan det vere hensiktsmessigå iscenesette skrivesituasjonar med andremottakarar. Det kan blant anna opplevast som litemeiningsfylt å skrive om eit tema læraren er ekspertpå. Då får læraren ei dobbeltrolle, både som mottakarav tekstens innhald og samtidig som ekspert og vurderarav det same innhaldet. For å unngå dette kanelevane få oppgåver som å:• skrive brev til ein spesiell person, firma eller offentleginstans (f.eks. eit klagebrev når bussen ikkje kjem)• forklare eit fagleg tema for andre elevar, gjerne tilyngre elevar som ikkje har like mye kunnskap somskrivaren• skrive lesarinnlegg til lokalavisa eller skoleavisa omnoko som engasjerer elevane• publisere innlegg til ei gruppe eleven følgjer påTwitter, Facebook eller andre sosiale medium.• publisere teksten i klasserommet for dei andreelevane, anten munnleg eller skriftlegMed slike oppgåveformuleringar får teksten einautentisk mottakar og skrivehandlinga eit tydelegdefinert føremål. Dette kan bidra til å unngå såkallatomgangstekstar, det vil seie tekstar som ikkje kjemav flekken, tekstar som berre møter ein lesar, og somhamnar i skolesekken eller læraren si skuff. Elevanemå også få kjennskap til kva som skal skje med sluttproduktet.Nokre gonger skriv vi for å reflektere og fåtankane ned på papiret, og ikkje for at nokon andreskal lese teksten vår. I slike skrivesituasjonar er det unaturlegfor elevane å skrive til eksterne mottakarar, ogdet må dei vite når dei startar skrivinga si.Innhaldet i teksten har samanheng med føremåletmed teksten, det vil seie kven som er mottakar avteksten, kvifor eleven skriv teksten og kva han skalbrukast til. For å skrive ein god tekst, og for at skrivingaskal opplevast som meiningsfull, er det til stor hjelp ateleven får ei tydeleg og avgrensa oppgåve. Elevanemå også hjelpast til å få eit relevant innhald gjennomå aktivere tidlegare kunnskap og tileigne seg ny, tilSkrivetrekantendømes gjennom ulike førskrivingsaktivitetar og hjelptil å leite i kjelder.Eit døme på ei oppgåve som er tydeleg avgrensa, ogsom mange elevar kan ha noko å seie om, er dersomein etter eit besøk i ein dyrehage får følgjande oppgåve:«Argumenter for eller imot at dyr kan haldast i bur.»For at elevane skal ha noko å skrive om, er det viktig atein samtalar om dei inntrykka ein fekk under besøket,før elevane set i gang med å skrive. Denne oppgåva ergod fordi ho er knytt til ein førskrivingsaktivitet: ho erspesifikk, inviterer skrivaren til å ta standpunkt, samtidigsom det er eit tema som kan engasjere elevane. Eitanna viktig moment er at dette er ei oppgåve som ikkjehar ein eintydig fasit som berre læraren har: det er ikkjeberre eitt riktig svar, noko som gjer at læraren fungerersom ein relevant mottakar av teksten. Til ei slik oppgåvekan ein også definere andre autentiske mottakararsom elevane kan vende seg til, til dømes kan elevanebli bedne om å skrive eit brev der dei argumentererfor sitt syn, til dyrehagen, til dyrevernsaktivistar eller tilpolitikarar. Denne typen argumenterande skriving kanbrukast på dei fleste trinna i skulen.Den tredje sida av trekanten, teksten si form, handlarikkje om rigide sjangerkrav, men om å gi elevane førebileteog mønster for korleis dei skal skrive tekstanesine. Elevane treng kunnskap om ulike sjangrar, både2829


Referansarforteljande tekstar og argumenterande tekstar. Barnblir tidleg kjende med ulike former for forteljingar,men vi kan ikkje forvente at elevar på barnetrinnetveit korleis ein argumenterande tekst ser ut. Elevanemå derfor få hjelp til å sjå kva slags form ein slik tekstkan ha. Nokre har kanskje opplevd at ei einsidig vektleggingav form og sjangerkrav kan vere negativtavgrensande og hemme kreativiteten, så det er derforviktig at ein viser dei ulike moglegheitene som finstinnanfor dei ulike formene for skriving, i staden for åleggje vekt på dei normative grensene.For å bli gode skrivarar er det viktig at elevane både lesmykje og samtalar om tekstar. Desse samtalane bør tautgangspunkt i både innhaldet i og forma til teksten.Bruk av eksempeltekstar og modellering er god hjelpfor alle. Svake skrivarar er meir avhengige av og følgjerofte eksempeltekstane meir slavisk, medan meir erfarneskrivarar i større grad er i stand til å lausrive segfrå mønstera og vere kreative. Forma på teksten står ieit samspel med føremålet til og innhaldet i teksten.I dette heftet er det samla ei rekkje aktivitetar medlesing, skriving og munnlege aktivitetar som kanbidra til variert undervisning som tar sikte på åutvikle tekstkompetansen til elevane. Tipsa kan brukastsom dei er, eller dei kan tilpassast ulike fag ogundervisnings situasjonar der det blir lese, snakka ogskrive. Utviklinga av elevane sin tekstkompetanse ernoko av det viktigaste vi driv med i skolen. Den breietekstkompetansen er ein tilgangskompetanse: ikkjeberre er det er ein føresetnad for all læring i skolen, deter også ein føresetnad for deltaking i arbeidslivet ogfor deltaking i samfunnet.Trondheim, den 20. oktober 2011Trygve KvithyldBøker:Birkenes og Østensen (2006):Underveis. Geografi 8.Oslo: Gyldendal Norsk ForlagBlichfeldt, Heggem og Larsen (2006):Kontekst 8–10 Basisbok.Oslo: Gyldendal Norsk ForlagBunting og Lund (2006):Mill – Mange Intelligenser – Læringsstiler –Læringsstrategier.Oslo: PEDLEX Norsk SkoleinformasjonBunting og Knudsen (2011):Blanke ark – en ny sjanse.Kristiansand: HøyskoleforlagetDysthe og Hoel (2010):Skrive for å lære. Skriving i høyereutdanning.Oslo: Abstrakt forlagHoel (2008):Skriving ved universitet og høgskolar.Oslo: UniversitetsforlagetHolm og Løkken (2007):Zeppelin 6. Språkbok.Oslo: H.Aschehoug & CoLorentzen og Smidt (2008) (red.):Å skrive i alle fag.Oslo: UniversitetsforlagetSanta og Engen (1996):Lære å lære.Stavanger: Stiftelsen dysleksiforskingSkjønsberg (2006):Underveis. Historie 8.Oslo: Gyldendal Norsk ForlagSmidt (2010) (red.):Skriving i alle fag – innsyn og utspill.Trondheim: Tapir.Wold (2010):Idébok for skapende skriving.Norsk kulturskoleråd.Artiklar:Andreassen og Strømsø (2009):«Lesestrategier i undervisningen»i Bedre skole 2-2009. Fagpressen.Bunting (2006):«Læringsstrategier på ungdomstrinnet»i Helgevold og Engen (red.) Fagbok ibruk – Grunnleggende ferdigheter.Nasjonalt senter for leseopplæring ogleseforsking, Universitetet i Stavanger.Helgevold (red) (2006):«Å være i boka» i Bok i bruk på femtetil sjuende trinn.Nasjonalt senter for leseopplæring ogleseforsking, Universitetet i StavangerHertzberg (2006): «Skrivekompetansepå tvers av fag». I Elstad og Turmo (red):Læringsstrategier: søkelys på lærernespraksis. Universitetsforlaget, Oslo.Skjelbred og Aamotsbakken(2008): «Lesing av fagtekster somgrunnleggende ferdighet i fagene» iBedre skole 4-2008. FagpressenTeigen (2009):«Leseopplæring på ungdomstrinnet– alle faglæreres ansvar!» i Bedre skole3-2009. FagpressenNettstader:«Bisonblikk» påwww.skolenettet.no(http://skolenettet.no/Web/Veiledninger/Templates/Pages/Chapter.aspx?id=69194&epslanguage=NO )Lasta ned 10.03.11«Leseopplæring» påwww.lesesenteret.no(http://lesesenteret.uis.no/leseopplaering/ )Lasta ned 10.03.11«Writing to Read: Evidence for howWriting can Improve Reading»(http://www.nwp.org/cs/public/print/resource/3150)Lasta ned 09.10.11«Blanke ark» (sesong 1, sendt hausten2009) på http://webtv.tvnorge.no (http://webtv.tvnorge.no/main.aspx?level=blankeark)Ein del av tipsa er henta frå kurs somblei gjennomførte i samband meddenne TV-serien.Skrivesenteret ønskjer åtakke Ragnhild GunleiksrudYstgård, lærar ved Vikhammerungdomsskole, for tips oggode idear.30 31


I SKRIVANDE STUND:Korleis kan ein overvinne skrivesperra?Korleis forstå, lære og bruke fagomgrep?Korleis tenkje med papir og blyant?Korleis kan ein leike fram skrivelyst og skriveglede?Motivere – og gi skrivemot?Tipsa i dette heftet blei samla og brukte påNy GIV-kursa i 2011–2013. Dei kan gjere ein skilnad!Og dei kan brukast heilt uavhengig av kurs. I alle<strong>skrivande</strong> <strong>stund</strong>er:SKRIVE – LÆRE – DELTANasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskingHøgskolen i Sør-Trøndelag7004 Trondheimwww.skrivesenteret.noISBN 978-82-93194-02-6 (trykt)ISBN 978-82-93194-03-3 (pdf)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!