11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Likestilling, miljø og partnarskapspsprinsippet i regional utviklingPartnerskapsprinsippet – der regional utvikling skal skje i samarbeid mellom offentlegeog private aktørar – er eit berande prinsipp i EU sin regionalpolitikk. Gjennom deltaking iInterregsamarbeid, og ut frå signala i norsk regionalpolitikk er partnarskapsprinsippet blittviktig i Norge. Kva skjer i praksis, kva slags erfaringar finst her? I kva grad maktarfylkeskommunen å få i stand dynamiske og levedyktige partnarskap som kan vera eiønskjeleg drivkraft for utvikling? Det er eit spørsmål om sentrale næringslivsaktørar vilopptatta fylkespolitikarar som interessante samarbeidspartnarar , sjølv om dette kan stillaseg annleis når fylkeskommunen har råderett over utviklingsmidlar. Like fullt er detteframleis knytta til kunnskap, og stiller slikt fylkeskommunen overfor store utfordringar ieit partnarskap med næringslivet. På den andre sida kan partnarskap også vera eiutfordring for demokratiet, fordi det kan innebera at eit partnarskap som ikkje er valddemokratisk får makt til å prioritera når det gjeld utviklinga innanfor ein region. Og kvaslags demokratiske utfordringar kan slike partnarskap eventuelt medføra?Regionalpolitkken har som oppgåve å medverka til å skapa ei god framtid og gjeraregionar i ulike deler av landet til attraktive stader å bu. I dette ligg er både eit likestillingselementog miljøelement, slik det også er tilfelle for EU sin regionalpolitikk. Iregionalpolitikken vil likestillingsperspektivet innebera at politikken siktar mot å skapalikeverdige vilkår for kvinner og menn, og miljøperspektivet innebera at utviklinga somskjer skal vera berekraftig. Ei berekraftig utvikling vil vektleggja å skapa like vilkår forbegge kjønn. Vektlegg fylkeskommunane dette, og korleis blir ein regional utviklingspolitikkutforma for å møta desse utfordringane?53NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!