11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

52Ei styrking av eigen posisjon og eigne mulighetar til å bli ein reell leiar for innovasjonspolitikkenpå regionalt nivå krev ressursar. I denne kampen om det regionale hegemoniethar fylkeskommunane ulikt utgangspunkt, der senterstrukturen og byane vil vera viktige.I dag ser me fleire utspel i retning samarbeid mellom fylkeskommunar, nettopp ut frå eintankegang om at regionale utviklingsorgan krev samarbeid over eit større geografiskområde enn mange av dagens fylkeskommunar. I kva grad dette er ein mulig veg å gågjenstår å sjå, samanslåing av forvaltningseiningar har i det store og heile møtt motbørnår det gjeld kommunar, og også når det gjeld fylkeskommunar, i den grad det har vortediskutert. Likevel vil kravet om å vera ein handlekraftig regional utviklingsaktør krevjameir enn overføring av statlege verkemidlar, det krev og ressursar og samarbeidsmønstersom i mange tilfelle vil gå ut over fylkesgrensene. Å bli ein sterk regional utviklingsaktørkrev verkemidlar og styring med større deler av politikkområdet enn det dagens fylkeskommunehar styring med, det krev politikarar som evnar å vera innovasjonsleiarar og detkrev samarbeid mellom ulike parter. Samarbeidsforslag kjem i dag nedanfrå, frå fylkeskommunanesjølve, men det er likevel langt unna ein diskusjon om samanslåing. I og medat dagens fylkeskommune er ”under oppsikt” så opplever truleg både fylkespolitikarar ogfylkesadministrasjon press mot å utforma samarbeidsstrategiar og –løysingar som gjevvellukka resultat. Spørsmålet er om dette vil lukkast. Mislukkast det er det all grunn til åtru at i alle fall ei statleg politisk leiing av dagens utgåve vil gripa inn, og at det vilmedføra radikale endringar i forhold til dagens system. Lukkast samarbeidsforsøk, så kandet like gjerne vera eit argument i ein samanslåingsdebatt.5.6 Regional utvikling - forskingsbehov ogproblemstillingar for framtidig forskingNy regionalpolitikk og nye regionalpolitikarar?Endringane i distrikts- og regionalpolitikken skaper også behov for ny forsking omregional utvikling og regionalpolitikk. Dette gjeld både i forhold til utforming og styringav regionalpolitikken, og i forhold til iverksetjing og effektar av innsatsen. Med ansvarsreformahar fylkeskommunane blitt sentrale aktørar i regionalpolitikken, og fått høve til åutforma og prioritera denne i langt anna grad enn tidlegare. Kva dette vil medføra avendringar både innanfor kvar enkelt fylkeskommune, og fylkeskommunane i mellom vilvera sentrala tema i framtidig forsking og regional utvikling og fylkeskommunane somutviklingsaktørar. Eit spørsmål her er kva dimensjon av regional utvikling som blirvektlagt framover, om det er regionalpolitikk som utviklingspolitikk eller distriktspolitikk,slik Jonstad, Klausen og Mønnesland tek om i deira analyse av globaliserng,regionalisering og norsk distriktspolitikk (2003). Vil dette vil medføra ei sterkare vektleggingpå sentrale område med potensiale for vekst, og med mulighetar for å vera eidrivkraft for utvikling? Og om dette samstundes vil innebera ei nedtoning av distriktsperspektivog utkantssatsing? Kva utfordringar stiller dette til fylkeskommunen, og tilfylkespolitikarar som må prioritera mellom ulike deler av fylket?Den nye regionalpolitikken stiller også nye krav til fylkespolitikaren. Når omfordeling ogprioritering mellom senter og utkant skal skje regionalt, og fylkespolitikaren er ansvarlegfor det, vil dette stilla nye krav til politikarrolla. Korleis blir den nye rolla utforma, ogkorleis taklar politikarane dei ulike krava til prioritering og avvegingar internt i fylket?Men den nye regionalpolitikaren må også orientera seg utover, i og med at allefylkeskommunane i større eller mindre grad deltek i EU-samarbeid som gjeld regionalutvikling. Endringane gjev slik eit godt høve til å studera framveksten av ei nypolitikarrolle.NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!