11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I tillegg til desse fire gruppene av partnarskap så finst det også ei femte, partnarskap medaktørar utanfor Noregs grenser. Dette kan både vera offentlege og private aktørar, det vilseia kommunar eller fylke, eller næringslivsaktørar og organisasjonar av ulik type.Gjennom EU sine grenseregionale utviklingsprogram – Interregprogramma – har mangeav fylkeskommunane her i landet vunne erfaring med slikt partnarskap, og i dag føregårdet ulike typar utviklingstiltak med både norske deltakarar og aktørar frå dei nordiskelanda, så vel som frå landa rundt Nordsjøen. Trass i at røynslene så langt er helleravgrensa, så er dette eit område me kan venta vekst i åra framover. Dette samarbeidet setfylkeskommunen ovanfor same utfordringane som samarbeid her til lands, samstundessom det krev kunnskap om tilhøva i dei samarbeidande landa, både når det gjeldforvaltningssystemet, støtteordningar, næringslivet og når det gjeld utviklingsmulighetar.Det er og eit spørsmål om korleis regionale partnarskap i praksis utviklar seg, kva dei blirog kven som deltek. Fører partnarskap til breiare deltaking enn tidlegare, førerpartnarskap til utviding eller innsnevring av lokaldemokratiet?Samanfatta så ser me at fylkeskommunen står ovanfor store utfordringar i å utforma oggjennomføra ein regional utviklingspolitikk. Utfordringane spenner frå å utforma eininnovasjonspolitikk til å få i stand gode samarbeidsformer og partnarskap. Skal fylkeskommunenfå legitimitet som politikkutformar på dette nivået må både dei andreforvaltningsnivåa og viktige aktørar i nærings- og samfunnsliv oppleva fylkeskommunensom ein nyttig og drivande part. Fylkeskommunen har ikkje dei beste korta på hand, ogdebatten om dette forvaltningsnivået bør styrkast eller avviklast viser tydeleg atfylkeskommunen ikkje utan vidare kan rekna med støtte. Samstundes har signala fråpolitisk leiing i Kommunal- og regionaldepartementet klart vist at fylkeskommunen sittarbeid blir følgd, og resultata skal evaluerast. At dagens fylkeskommune har ei framtid ermed andre ord usikkert, og slik er det heller ikkje sikkert at mellomnivået har ei framtid.Er så fylkeskommunen eigna til å vera regional utviklingsaktør? Det er inga enkel rolle åvera innovasjonsleiar, og sjølv med regionale utviklingsmidlar som verkemiddel er detikkje gitt at fylkeskommunen har dei naudsynte ressursane til å lukkast. Er dagensfylkeskommunar for små til å bli slagkraftige einingar, og til å kunna samla tilstrekkelegeressursar for å driva regionalt utviklingsarbeid? Den norske fylkeskommunen er ikkjenoko sterkt forvaltningsnivå samanlikna med regionale forvaltningsnivå i Europa. Ikkjeminst ser me dette i Danmark, der det har vokse fram ein sterk amtskommune som harutvikla seg til ein tung regional politisk og administrativ eining som kombinerer ansvaretfor regionale utviklingsoppgåver med tenesteyting. Skal den norske fylkeskommunen fåein tilsvarande status krev det tilføring av fleire verkemidlar, og meir omfattande politiskog juridisk status. I dag er det ikkje innlysande at det er ei styrking av fylkeskommunenme ser, i alle fall ikkje på sikt, trass i overføring av midlane til regional utvikling. Forsamstundes så er utviklinga av den regionale forvaltninga prega av tre trekk: (1) Statenstyrkar stillinga si på kostnad av regionale folkevalde organ, (2) sektororganisering mednye forvaltningsledd blir vanlegare, medan (3) betydningen av kommune- og fylkesgrenserminkar og blir erstatta av ulike forvaltningsmessige inndelingsmåtar (Heløe2003). Og medan fylkeskommunen skal utprøva rolla som utviklingsaktør, så skjer detvesentlege endringar i den ”breie” eller store regionalpolitikken, som vil ha storpåverknad på fylkeskommunane sitt handlingsrom. Dette gjeld ikkje minst endringarinnanfor landbruk – der det nye Mattilsynet er inndelt i regionar, transport – med Statensvegvesen organisert gjennom fem regionar, i tillegg til andre endringar som alle synes åsvekka det fylkeskommunale nivået. Dette er endringar som skjer parallelt med utgreiinganeog forsøka med fylkeskommunen sine roller, men utan dei same utgreiingane ogoffentlege diskusjonane (Heløe 2004). Den rolla som fylkeskommunane no utprøver ersåleis i beste fall avgrensa, og knappast eit dristig prosjekt, om det enn krevnyorientering.51NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!