11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

46mangla verkemidlar til å fungera som sentral utviklingsaktør på regionalt nivå. Ein annanhovudgrunn til at ikkje fylkeskommunen har fungert tilfredsstillande som regionalutviklingsaktør, var lite føremålsteneleg oppgåvefordeling mellom regional statsforvaltningog fylkeskommunen. Det vart særleg lagt vekt på at den regionale statsforvaltningaivaretok oppgåver med tydeleg utviklingspreg, noko som klart medverka til ei uklaransvars- og rollefordeling på regionalt nivå.I etterkant av denne meldinga (og NOU 2000:22) dreia debatten om fylkeskommunen segom avvikling kontra oppbygging. 16 Fleire ulike modellar 17 blei diskuterte, og Oppgåvefordelingsutvaletgjekk inn for utviklingsmodellen, dei skiftande regjeringane har hattsine meiningar og Stortinget sine. Resultatet blei at utviklingsmodellen blei lagt til grunn,men berre i prinsippet (Heløe 2004). Fylkeskommunen fekk ikkje tilført nye oppgåversom resultat av utgreiingsarbeidet, og då ansvaret for sjukehusa blei overført til statenstod fylkeskommunen att nokså ribba. Fylkeskommunen fekk heller ikkje ansvaret fornye utviklingsoppgåver, som miljø og landbruk, slik det ei tid såg ut som. I debatten somfølgde kunne det sjå ut til at resultatet kom til å bli nedlegging av fylkeskommunen. Slikblei det ikkje, men fylkeskommunen opplevde endringar og fekk tilført auka ansvar forandre politikkområde. I dag er såleis fylkeskommunen hovudansvarleg for regionalutvikling, og i statsbudsjettet for 2003 er det gjennomført ei omfattande delegering av deiregionalpolitiske verkemidlane frå staten til fylkeskommunane. Fylkeskommunane får fråog med 2003 eit samla statstilskot (”Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling”).Denne posten erstattar tidlegare budsjettpostar som gjekk mellom anna til næringsutvikling,omstilling og bedriftsretta distriktsstøtte. 18 Desse midlane kunne tidlegare gådirekte frå departementet til kommunane, som øyremerka midlar til fylkeskommunaneeller kanalisert gjennom fylkeskommunen til det regionale SND-kontoret. Staten sitframleis igjen med 23 prosent av midlane til regional utvikling, 19 fylkeskommunanedisponerer resten (Johnstad, Klausen og Mønnesland 2003). Også for SND førte dette tilstore endringar, i og med at fylkeskommunane no har reell disposisjonsrett over SND sineregionale midlar.Konklusjonen me kan trekkja av dei endringane som har skjedd innanfor regional- ogdistriktspolitikken dei seinare åra kan slik oppsummerast som ei regionalisering avregionalpolitikken, der fylkeskommunen no er det sentrale elementet for å utforma oggjennomføra den regionale utviklingspolitikken. Utviklinga kan likevel ikkje karakteriserastsom ei rettlinja utvikling. I sin analyse av regionaliseringa av norsk regionalpolitikk,og då særleg distriktspolitikken, konkluderer Johnstad, Klausen og Mønnesland(2003) med at det er nærliggjande å konkludera med at ”regionaliseringa av regionalpolitikkenhar vært påvirket av ad hoc-pregede politiske beslutninger som snart har gått iden ene retning, og snart i den annen retning. Det er vanskelig å se noen utslagsgivendestrømninger fra internasjonal debatt eller fra internasjonaliseringen i seg selv når en16 Jfr mellom anna kommunal- og regionalministeren si utgreiing ”Vekst – i hele landet” Stortinget30. april 200217 Fire: landsdelsmodellen, utviklingsmodellen, samarbeidsmodellen og tonivå-modellen.18 Posten erstattar følgjande tidlegare postar: Tilskot til kommunale næringsfond, kompensasjonfor auka arbeidsgjevaravgift, tilrettelegging for næringsutvikling, etablerarstipend, tilskot tilIntereg IIIa, regionale samordningstiltak, program for vassforsyning, omstilling og nyskaping ogbedriftsretta distriktsstøtte.19 I all hovudsak til Interreg IIIb og c, nasjonale programmidlar til SND sentralt, program forkompetanseutvikling etc.NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!