11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arbeidet med RUP i perioden 1995-99 medverka til å få i gang og vidareutviklasamordning i mange fylke, bygd på dei norske erfaringane, og dette utvikla seg positivt iperioden (Mariussen m.fl 2000). Men RUP resulterte berre i liten grad i nye strategiar ogtiltak, reelle forhandlingar mellom regionale aktørar, betre samsvar mellom planar ogiverksetjing eller strategisk styring av SND med utgangspunkt i planen. RUP blei slikikkje noko gjennombrot for handlingsretta regional planlegging. Erfaringane viste også atdet er vanskeleg å læra av andre europeiske land sine røynsler så lenge Noreg står utanforEU sin strukturfondspolitikk, men at Noreg med fordel kan trekkja inn andre erfaringarfrå strukturfondspolitikken til EU.Dei regionale utviklingsprogramma blei vidareførte i neste periode. St. meld. nr 34 (2000-2001) understrekar som forrige melding partnarskapsprinsippet:Fylkeskommunene vil ha et hovedansvar for å etablere og utviklesamarbeid i regionale partnerskap mellom fylkeskommunene, regionalestatlige aktører, kommunene, næringsliv, kompetanseinstitusjoner ogprivate organisasjoner. Slike partnerskap må evne å mobilisere til fellesinnsats for regional utvikling. Uten kontinuerlig kompetanseutvikling,nyskaping og bevisst satsning på ulike regioners fortrinn, kan enkeltedistrikt eller næringer bli tapende i den voksende konkurransen.Fylkeskommunen blir med andre ord ein sentral aktør i denne regionalpolitikken, ikkjeminst gjennom oppgåva som knutepunkt og formidlar mellom viktige utviklingsaktørar iregionen. Fleire og nye krav blir stilte til fylkeskommunen. Eit viktig spørsmål er omfylkeskommunen verkeleg vil makta slike oppgåver. Her er synspunkta mange og ulike. 15I Stortingsmelding nr. 19 (2001 – 2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet – regionaltog lokalt nivå blir fylkeskommunens rolle diskutert nærmare. I følgje denne meldinga harikkje fylkeskommunen makta å leva opp til alle forventningane som blei stilte tilforvaltningsnivået heilt frå fylkeskommunen blei oppretta i 1976. Sidan 1970-talet har detgått føre seg ein debatt om dette fovaltingsnivået si rolle i forvaltninga, og om oppgåvefordelingamellom kommune, fylke og stat. Dei prinsipielle spørsmåla debatten har dreiaseg om går for det første på kva forvaltningsnivå offentlege oppgåver bør plasserast på,og for det andre om det bør vera statlege forvaltningsorgan eller folkevalde organ påregionalt nivå med avgjerdsmakt. Bør det vera to eller tre forvaltningsnivå? Debattenomkring oppgåvefordelinga var bakgrunnen for at Oppgåvefordelingsutvalet blei nemntopp for å utføra ein heilskapleg gjennomgang og evaluering av nettopp fordelinga avoppgåver mellom forvaltningsnivåa, med spesiell vekt på organiseringa på regionalt nivå.I evalueringa av fylkeskommunen som forvaltningsnivå la Oppgåvefordelingsutvalet vektpå at det fylkeskommunale demokratiet er under press. Valdeltakinga er lågare enn vedkommunevalet, og folk opplever fylkeskommunen som ein mindre viktig del av demokratietenn kommunane. Etter utvalet si vurdering var det behov for å gjera endringar somkan auka oppslutninga om det folkevalde organet på regionalt nivå. Som tenesteprodusenthar fylkeskommunen i hovudsak vore eit eigna instrument for å gjennomføra storereformer både innan utdannings- og helseområdet, men må ta medansvar for eit svekkautdanningstilbod for vaksne, og for kritikkverdige sider ved drifta av sjukehusa.Det er likevel som regional utviklingsaktør fylkeskommunane har lykkast minst å levaopp til dei forventningane som var i 1976. Oppgåvefordelingsutvalet meinte at skulda fordette kan liggja i at fylkeskommunen ikkje har evna å utnytta det handlingsrommet somhar funnest. Men samstundes meinte utvalet også at det skuldast at fylkeskommunen har4515 Sjå til dømes Selstad 2003.NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!