11.08.2015 Views

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

BÆREKRAFTIG LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING - Norsk institutt ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

415 Fylkeskommunen som regionalutviklingsaktør5.1 InnleiingNorsk regionalpolitikk er i endring, ei endring som har gått føre seg dei siste åra, og somstadig føregår. Den nasjonale regionalpolitikken med vekt på fordeling har vorte nedtonabåde i omfang og styring. Ikkje minst gjeld dette den distriktsretta regionalpolitikken. Iden grad denne politikken blir vidareført, er det først og fremst gjennom ein fordelingsprofilinnan eit regionalisert system der dei einskilde fylka sjølve står for dei viktigeregionalpolitiske prioriteringane. I denne regionaliseringa av regionalpolitikken(Johnstad, Klausen og Mønnesland 2003) har fylkeskommunane fått ei viktig oppgåvesom hovudansvarleg for utvikling og implementering av ein regional utviklingspolitikk.Det er fylkeskommunanes rolle som regional utviklingsaktør som vil bli fokusert i dettekapitlet.Det er rimeleg å sjå utviklinga av regional- og distriktspolitikken i samanheng medinternasjonale avtalar som også vedkjem Noreg, internasjonal konkurranse eller reineideologiske straumdrag på internasjonalt nivå. Endringa kan sjåast som ein del av ei meirgenerell utvikling der Noreg som andre nasjonalstatar får ei stadig meir svekka rolle, pågrunn av utvikling mot ei liberalisering av økonomien og avregulering av marknaden.Dette opnar for større grad av internasjonal konkurranse, samtidig som internasjonalehandelsavtalar (som WTO og EØS-avtalen 10 ) innverkar på den nasjonale politikken, ogmulighetar for å utforma denne. Denne utviklinga har medført ei innskrenking avnasjonalstaten si evne til å forma politikk som påverkar marknaden, og mulighetane forproteksjonistisk politikk er på hell (Berg 2001). Den globaliserte økonomien krev eiendring i politikken, ikkje minst politikken retta mot næringsliv og utvikling, og denneomlegginga av politikken er ikkje noko Noreg er åleine om, men noko me også foreksempel i grannelanda våre (NUTEK 2002).Ein regionalpolitikk som skal motverka, forsterka eller tilpassast dagens utviklingstrendarkan framstå i mange former, og ein av desse er overføring av ansvar for regionalpolitikkentil fylkeskommunane, og vektlegging av det regionale utviklingsansvaret, dersærleg partnarskapsmodellen blir framheva.10 Gjennom EØS er Noreg mellom anna knytt til EU sin lovgjevingsprosess, og nasjonale reglar erpå fleire område erstatta av felles EU-reglar. Eksempel her er reglar på forureiningsområdet,bedriftsstøtte og innkjøp. Fordi internasjonalt regelverk kan påleggja nasjonalstaten nye oppgåverså vel som reglar for korleis oppgåvene skal utførast, får det følgjer for det nasjonale, men også forfylkeskommunens og kommunanes oppgåver og handlingsrom. Dette kan igjen ha konsekvensarfor ressursbruk og fordeling av oppgåver mellom forvaltningsnivåa.NIBR-notat 2004:106

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!