19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

her høyra gjetet. Der skal vera Tre og Urter og

Blomar, som ero vænare en alt som her vil trivast.

Der skal vera Folk, som ero undarlege aa sjaa til,

sume so brune som ein Koparkjetel, og sume so

svarte som ei Gryta; men endaa skal det vera ærlege

og vituge Folk hjaa deim so vel som hjaa andre.

Slikt er nokot, som er verdt aa tenkja paa. Det

gjeld um aa berre hava eit godt Mod og aldri siga

ned i berre Syting og Tykkjeløysa. Ja, lat meg

freista aa friska Modet daa. Eg fær godt Fylgje, og

so er det ikkje verre fyre meg en fyre andre. Det

maa daa vera godt aa koma ut i Verdi og sjaa nokot

meir en berre den litle Avkroken, der ein er uppalen.

Naar ein høyrer um alt det store og fagre,

som Folk hava seet paa andre Stader, so kunde ein

helder faa Hug til aa fara baade i Aust og Vest, so

ein fekk sjaa nokot av alle Slag. Det var best aa

sjaa so myket som moglegt av den store Verdi; det

var best aa gjesta alle Land, som det heiter i ei

Ferdavisa.

(Bergensk Folketone: «Friere ønsker alle Piger»).

Kvi skal ein sitja som ein Fange

stødt med det gamle Sorp og Sot?

Verdi er vid og Vegarne mange;

den, som vil fara, fær eingong Skjot.

Det gjenger Skutor med Segl og Eim

fossande fort ifraa Heim til Heim.

Staalhestar stynja, Kjerre-sloder dynja,

og Folkehopar rynja.

fraa Heim til Heim.

Alle, som vidt um Land faa fara,

rosa dei Syner, som der dei sjaa;

leikande Minne, som lenge vara,

føra dei heim derutanifraa.

Ja, rik og væn er vaar vide Jord,

71

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!