19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

302 Skrifter i Samling II

nøgt med si Landsstyring og sitt Herrestand; og i

Aaret 1789 kom det umsider til ei stor Umstøyting 1 .

Kong Ludvig XVI laut kalla saman eit Riksting, og

detta Tinget kravde store Avtak i Kongemagti og sette

upp ei ny Grunnlog, som Kongen laut samtykkja.

(1791). Eit nytt Ting var endaa stridare mot Kongen

og Herrestandet. Mange Stormenner hadde rømt

ut or Landet og eggjat dei andre Kongarne til aa

hjelpa Kong Ludvig; og daa det sidan spurdest, at

ein tydsk Stridsher var paa Vegen til Frankrike, so

vardt Kong Ludvig skuldad fyre Samraad med Fienden,

og difyre vardt han fangad og dømd og drepen.

(1793). Riket vardt kallat Fristat, og Kongsmennerne

vordo fangade og drepne i Tusundtal. Desse Tidenderna

vakte Illhug og Fælske baade i Tydskland og

fleire Rike, og store Stridsherar vordo avsende mot

Frankrike til aa hjelpa Kongsmennerne, men dei tapte

i Striden og fingo Ufreden inn i sitt eiget Land. Dei

franske Hermennerne gingo so fast fram, at dei snart

vordo Herrar yver ymse store Landstykke, som fyrr

hadde leget under Tydskland og Austerrike, men som

no vordo umskipade til Fristatar i fast Samband med

Frankrike.

Det vardt elles ikkje rett lenge, fyrr en det franske

Folkeriket vardt som eit Einvaldsrike paa nytt Lag.

Av dei mange gilde Herførarar, som tamde seg upp

i denne Striden, var der ein, som hadde merkt seg

ut framfyre dei andre og vunnet mange store Sigrar;

det var Napoleon Bonaparte. Han hadde sidstpaa

fenget so stor Magt og Vyrdnad, at han vardt Formann

fyre Riket (1799), og nokot seinare vardt han

endaa utropad til Keisar (1804). Det nye Keisarriket

fekk Ufred paa alle Sidor; men Napoleon hadde si

gamle Lukka endaa eit Bil, so han vann alt større

og større Yvermagt. Men sidstpaa var han daa uheppen

og leid store Tap paa ei Herferd til Russland

1 Revolution.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!