19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

Vyrdnad, og sume av deim, som Gregor den store

(død 604), verkade ogso myket godt til Framhjelp fyre

Kunnskapen og til Utbreiding av Kristendom imillom

Heidningom. Men medan Kristendomen soleides gjekk

jamt fram i Vesterrikjom, fekk han derimot ein stor

Atterstøyt paa Austersida. I Mekka i Arabia var ein

Mann med Namnet Mahomed, som tok seg til aa læra

Folket ei ny Tru, og daa han hadde fenget eit Fylgje

med seg, tok han Landet under seg med Vald og

Vaapenmagt og nøydde Folket til aa taka ved den

nye Lærdomen. (død 632). Hans Ettermenner i Herredømet

vaaro djerve og stridsame, so dei foro med

Hermagt yver Landet i Aust og Vest og trugade

Folket til aa taka Mahomeds Tru. I Asia grunnade

dei eit stort Rike med Hovudstaden Bagdad, som

vardt Sæte fyre deira Konung elder «Kalif». I Afrika

toko dei heile Nordsida langs med Midelhavet; derifraa

trengde dei seg inn i Spania og stomnade der

det mauriske Riket, som sidan stod lenge uppe.

Sidstpaa vilde dei og leggja Frankrike under seg;

men den frankiske Hovdingen Karl Martell samnade

ein sterk Stridsher imot deim og slog deim i eit

stort Slag (Aar 732), so dei sidan ikkje torde vaaga

nokot meir paa den Sida.

Ein Son til Karl Martell vardt sidan Konung i

Frankrike, og hans Son var den vidkunnuge Karl

den store (død 814). Han hadde myken Strid, men var

jamnan heppen, so han sidstpaa lagde under seg

heile Saksland og Sud-Tydskland med Halvparten av

Italia og eit Stykke av Spania. Dertil er han og

myket namnfræg fyre si Umsut fyre Log og Rett

og lika eins fyre Kristendom og Kunnskap. Etter

hans Daude losnade det store Riket i sunder, og

hans Sonarsøner skifte det i try Rike, som var Frankrike

og Tydskland og Italia. (843). Tittelen av «romersk

Keisar», som Karl den store hadde fenget,

gjekk sidan i Arv til Kongarne i Tydskland.

291

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!