19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

290 Skrifter i Samling II

yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker,

tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade seg

sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein

gothisk Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var

ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans Ættingar

miste si Magt, og sidan var Italia i lange Tider som

ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist

slogost um Landet og toko snart det eine Stykket

og snart det andre.

Enden paa det romerske Riket er reknad som eit

stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad

Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre, som er reknad

til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no

aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar

av dei germanske elder tydske Ætter (Gothar, Frankar,

Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom

hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit

nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia

vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter

deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. I Britania

vardt ei stor Innflutning av Saksar elder Anglar

(Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kallat

Engelland (elder Anglia). Sjølve Tydskland var endaa

skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet

hekk saman med det nye frankiske (elder franske)

Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste

Rike paa Vesterleidi.

I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang

nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor

Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom

til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg

til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne

fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad

etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom,

og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre

heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e.

Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!