19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skrifter i Samling II

som heitte Diocletian (død 305), tok seg difyre ein

Med-keisar til Hjelp, og seinare var det fleire, som

gjorde det same; men so vardt der Strid imillom

desse Hovdingom innbyrdes, til dess at ein av deim,

som heitte Konstantin, vann yver alle dei andre og

vardt Einvaldsherre. (Aar 324). Denne Keisaren er

namnkunnug av di, at han samtyktest med det kristne

Folket og sidstpaa sjølv tok ved Kristendomen. (død 337).

Detta var eit stort Umskifte fyre det kristne Folket,

som so lenge fyrr hadde lidet Skjemd og Elting med

Draap og Pinslor fyre si Tru, men som no so braadlege

kom til Magt og Vyrdnad i Riket.

Konstantin hadde flutt sitt Kongssæte fraa Italia

til Grækarland; og ein av hans Ettermenner, som

heitte Theodosius (død 395) skifte det store Rike millom

sine tvo Søner, so at den eine fekk det vestlege

Riket med Rom til Hovudstad, og den andre fekk

det øystre (elder grækiske) Riket med Hovudstaden

Byzantium, som no vardt kallad Konstantinopel. Men

endaa vardt kvart Rike so vidlendt, at det vardt

vandslegt aa møta dei store Folkeskararne, som søkte

inn paa Landet. Alt fyrr hadde ymse germanske og

mest gothiske Folkeslag trengt seg inn i Landet

nordantil; men no var det ogso eit nytt og ukunnugt

Folkeslag, kallat Hunnar (elder Hunar), som

kom innstrøymande fraa Asia, og som sette slik Uro

i dei andre Folkehoparne, at det vardt ei ideleg

Strøyming og Flutning mot Vest og mot Sud, so at

denne Æva er kallad den store Folkeflutningi. Med

Hunnarne vardt det daa ikkje nokon lang Strid; dei

komo rynjande vest yver Landet lika til Gallia; men

der tapte dei eit stort Slag (Aar 451), og sidan drogo

dei seg tilbaka, og daa deira Konung Attila var

daaen, slitnade Riket deira i sunder. Men dei andre

Folkehoparne trengde seg alltid fram paa Sudsida.

Det grækiske Keisardømet stod seg nokorleid imot

denne Trengsla; men det romerske Riket vardt reint

289

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!