19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

288 Skrifter i Samling II

Cæsar 1 , som elles var ein av dei mildaste og manntydaste

Hovdingar, som Minneskrifti nemner; han

var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han

drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa

var det ein Erving etter Cæsar med Namnet

Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan

var Herre yver Riket i 44 Aar. (død 14 e. Kr.). Han

vardt kallad Augustus og er reknad som den fyrste

Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike

i Staden fyre eit Valmannsvelde. Det romerske

Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver

Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland,

Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det

ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver

«heile Verdi». (Luc. 2, 1).

Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius

(død 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde

si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde

dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag.

Den nye Lærdomen vardt hædd og hatad baade av

Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var

mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru;

men lika fullt breidde Lærdomen seg alt vidare ut

med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor

hadde dei kristne Samningarne vordet so mange,

at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim

vera i Fred.

Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest

namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero (død 68),

Domitianus (død 96) og Commodus (død 192); andre

hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus

(død 117), Antoninus Pius (død 161), Alexander Severus

(død 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra

det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred

av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Keisar,

1 Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen

«Keisar» uppkomen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!