Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

286 Skrifter i Samling II Dei gamle Riki i Asia hadde tidt og ofta Strid med sine Grannar og stundom ogso med stridsame Hovdingar i sjølve Riket. Det babyloniske Riket og ymse fleire kom sidstpaa inn under det store persiske Riket, som byrjade med Kong Cyrus (560 f.Kr.) og som sidan i tvau hundrad Aar var det megtugaste av alle. Det persiske Herredømet tøygde seg lika til Midelhavet; men dei græske Nybygderna i Litle-Asia gjorde Motstand og fingo Hjelp fraa Grækarland. Dermed kveiktest det daa ein stor Strid imillom Grækarland og Persia; men Grækarne varde seg traatt og herdugt imot den store Yvermagti. Den persiske Kongen Xerxes (Ahasverus) skal hava ført ein Stridsher paa tvo Millionar imot Grækarland, men endaa laut han venda heimatter med Skam og Skade. (480 f. Kr.). Og Utgangen paa Striden vardt den, at Persarne laut bjoda Fred og lata Grækarne i Litle-Asia vera frie. Etter den Tid stodo dei græske Smaariki trygt; men dei skadde seg sjølv med innbyrdes Strid, med di at sume av deim, som Athenæ og Sparta, jamnan traadde etter Herredømet yver dei andre. Ein av deira Granne-Kongar, Filippos av Makedonia, vardt ogso inndregen i denne Striden, og den Mannen visste aa styra det so, at han sjølv vardt Herre yver heile Grækarland. (338 f. Kr.). Hans Son var den namnkunnuge Alexander den store, som tok Riket etter honom. Han tok upp atter den gamle Striden med Persia og førde Stridsheren sin inn i Asia; der vann han try store Slag imot Kong Darius, og dermed gjorde han Ende paa det persiske Riket og tok under seg alle dei Land, som dertil høyrde. Sidan vann han endaa fleire Land; men just som han var i sin beste Uppgang, døydde han braadlege i Babylon (323 f. Kr.), daa han var berre 32 Aar gamall. Daa vardt der Strid, um kven som skulde erva det store Riket, og sidstpaa skilde det seg i try Rike: Grækarland og Syria og Ægypten.

Skrifter i Samling II Vestanfyre Grækarland var ikkje endaa nokot stort Rike; men so var der daa eit, som lagade seg til nokot stort. I Midbolken av Italia var ein By, som heitte Rom og hadde eit litet Rike kringum seg. Detta Riket hadde fyrst havt Kongar, men sidan var det umskipat til eit Valmannsrike med eit Riksraad (Senat) og med tvo Borgmeisterar (Konsuler), som vordo valde til kvart Aar. Romarne komo ofta i Strid med sine Grannar, men dei hadde jamnan Vinningen, so at dei smaatt um Senn vordo Herrar yver heile Italia, og sidan toko dei til aa tøygja seg vidare. Ein av deira sterkaste Motstandarar var den rike Staden Karthago, som laag sunnanfyre Sjoen, men som hadde vunnet myket Land paa Øyom under Italia. Det kom til Strid imillom Rom og Karthago, og Romarne vunno. (241 f. Kr.). Det vardt ein ny Strid, og daa hadde Karthagarne ein Herførar Hannibal, som gjekk inn i Italia med sin Stridsher og lagde under seg Landet baade i Nord og Sud; men endaa vende Striden seg so, at Romarne vunno. (201). Karthago-Folket leid sidan slik Trykk og Tyngsla, at det endaa tridje Gongen reiste seg til Motstand; men daa vardt Karthago lagt reint i Øyde. (146). I desse Bilom hadde Romarne ogso Strid paa andre Sidor, som i Spania og Grækarland og Litle-Asia; og det er snøggaste aa segja, at dei jamnan gingo av med Vinningen, so dei nokot um Senn fingo Herredømet yver dei fleste Land kringum Midelhavet. Og attaat all denne Striden med framande Folkeslag hadde dei ogso myken innbyrdes Strid, so at det stundom hende, at den eine Halvparten av Riket laut strida mot den andre. I slike Tilfelle kunde det og henda, at den eine Herføraren vardt Herre yver heile Riket. So var det med Sulla (elder Sylla), som eingong var Einvaldsherre i tvau Aar (død 78). Nokot likt var det med Julius 287

Skrifter i Samling II

Vestanfyre Grækarland var ikkje endaa nokot stort

Rike; men so var der daa eit, som lagade seg til

nokot stort. I Midbolken av Italia var ein By, som

heitte Rom og hadde eit litet Rike kringum seg.

Detta Riket hadde fyrst havt Kongar, men sidan var

det umskipat til eit Valmannsrike med eit Riksraad

(Senat) og med tvo Borgmeisterar (Konsuler), som

vordo valde til kvart Aar. Romarne komo ofta i

Strid med sine Grannar, men dei hadde jamnan Vinningen,

so at dei smaatt um Senn vordo Herrar

yver heile Italia, og sidan toko dei til aa tøygja seg

vidare. Ein av deira sterkaste Motstandarar var den

rike Staden Karthago, som laag sunnanfyre Sjoen,

men som hadde vunnet myket Land paa Øyom

under Italia. Det kom til Strid imillom Rom og

Karthago, og Romarne vunno. (241 f. Kr.). Det vardt

ein ny Strid, og daa hadde Karthagarne ein Herførar

Hannibal, som gjekk inn i Italia med sin Stridsher

og lagde under seg Landet baade i Nord og Sud;

men endaa vende Striden seg so, at Romarne vunno.

(201). Karthago-Folket leid sidan slik Trykk og

Tyngsla, at det endaa tridje Gongen reiste seg til

Motstand; men daa vardt Karthago lagt reint i Øyde.

(146).

I desse Bilom hadde Romarne ogso Strid paa

andre Sidor, som i Spania og Grækarland og Litle-Asia;

og det er snøggaste aa segja, at dei jamnan

gingo av med Vinningen, so dei nokot um Senn

fingo Herredømet yver dei fleste Land kringum

Midelhavet. Og attaat all denne Striden med framande

Folkeslag hadde dei ogso myken innbyrdes

Strid, so at det stundom hende, at den eine Halvparten

av Riket laut strida mot den andre. I slike

Tilfelle kunde det og henda, at den eine Herføraren

vardt Herre yver heile Riket. So var det med

Sulla (elder Sylla), som eingong var Einvaldsherre

i tvau Aar (død 78). Nokot likt var det med Julius

287

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!