19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

284 Skrifter i Samling II

Det var fyrst i dei seinaste Tider, at der vardt nokor

aalmenneleg Minneskrift (Historia), og di lenger ein

kjem attertil i Tiderna, di mindre og myrkare er

Minneskrifti. Det var lenge, fyrr en Skrivekunsten

kom upp, og det var faae Folk, som funno paa aa

skriva upp sine Minne, og so vita me og, at naar

Minnesegnerna ganga lenge i Arv og ikkje verda

uppskrivne, so kunna dei lett verda samanvasade

med Misminne elder og so forvende med Dikt og

Skrøyting, at ein aldri kann vita kvat Sanningi er.

Men med alt detta er daa den skrivne Minnesegni

so stor og rik, at det berre gjeld um aa velja ut

dei største og vigtugaste Merkestykke. Naar ein skal

taka alt paa snøggaste Maaten, so verd det berre

nokre faae Ord um dei største Rike og dei frægaste

Folkeslag; men endaa kann det vel alltid vera til

Hjelp fyre deim, som ikkje hava Tilleiding til større

Kunnskap.

Det er gamall Trunad, at dei fyrste Menneskjor

hava livt umkring som 4000 Aar fyre Kristendomen;

men daa der ikkje kann vera nokot visst Aarstal til

aa byrja med, so er det no sedvanlegt hjaa dei

kristne Folk aa rekna Aari baade framtil og attertil

fraa Kristi Fødeaar; det var umkring som tretti Aar

etter at Keisar Augustus hadde vordet Herre yver

det romerske Riket. Den fyregangande Tidi verd

dermed reknad bakleides fraa detta Aaret, so at

Aarstalet verd mindre etter som Tidi skrid fram: til

Exempel: Alexander vardt Konung 336 og døydde

323 f. Kr. (dvs. fyre Krist). Desse fyrste Aartusundi

verda kallade Forn-alderen elder den gamle Æva, og

hertil vilja mange ogso rekna dei næstfylgjande 500

Aar. Dei næste tusund Aar (fraa 500 til 1500) era

kallade Midalderen, og den seinare Tidi er kallad den

nye Aldren (elder Ny-Æva).

Som fyrr er sagt, er det Asia, som skal vera fyrste

Heimstaden fyre Mannætti, og i sydre Bolken av Asia

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!