19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skrifter i Samling II

og soleides kunde daa ymse Ættarmerke festa seg

paa deira Ættingar og gjera deim audkjende i Samkoma

med andre Ætter. Dermed kunde ein daa

ogso tyda seg den store Skilnaden i Tungemaalom.

Det fyrste Maalet heve ventelege voret nokot armodslegt

og havt berre eit litet Tilfang av Ord, so

at det liksom kom reint burt imillom den store

Mengdi, som sidan kom upp, daa Folkehopen vardt

større. Og daa Folket i det eine Landet ikkje

visste nokot stort um Folk i andre Land, so kann

ein ikkje undrast paa, at der maatte verda myken

Skilnad i Tru og Seder, i Bunad og Livemaate,

og tilmed nokot i sjølve Hugstemna elder Tankelaget.

Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume

fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet

vinnande. Um nokre Ætter heiter det, at dei veikna

og minka av; og um sume av deim heve det og

voret sagt, at dei hava so litet Vit, at dei ikkje era

fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me

faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting;

for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa, at

dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk,

som ferdast imillom deim, og som alltid vilja tru, at

deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og

at alt annat er berre Vyrdløysa og Villmannskap.

Vistnog er der vel ymse Folkeslag, som liva i myken

Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me

ogso Merke paa, at dei sokallade Villmenner paa

ymse Stader kunna hava mange store Dygder og

derimillom ein stor Vyrdnad fyre Rett og Sanning

etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget.

Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk,

so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um

dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei

skulde vera.

273

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!