19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

270 Skrifter i Samling II

Naar altsaman gjeng sin skaplege Gang, vil den

nyfødde Menneskja veksa upp hjaa sine Foreldre i

eit litet Samlag av Skyldfolk og Grannar; og det

fyrste, som Menneskja lærer, er daa det Tungemaal,

som Grendi talar, og den Sed og Tru, som Ætti er

uppfostrad med. Menneskja heve ein medfødd Hug

til aa taka etter og gjera som andre hava gjort; og

i den lange Uppvokstren lagar ho seg meir etter

Sed og Vis en etter sitt eiget Vit; for Vitet kjem

lika so seint som Vokstren og stundom helder seinare.

I den Vegen er der stor Skilnad imillom Folk og

annat Livende. Det frie Dyret treng ikkje til annan

Lærdom en aa fylgja sin eigen Medgivnad; dermed

verd det unge Kvikinde lika fullkomet som det gamle;

men so verd det helder ikkje nokot meir. Menneskja

derimot vil turva lang Upplæring baade til ymis Embætting

og Vinneskap og lika eins til aa temja seg

til eit skaplegt Samliv med annat Folk. Etter sin

eigen Medgivnad er Menneskja upplagd til baade

godt og vondt, og i ymse Ungmenne kann den vonde

Hugen vera sterkare en den gode, so der jamnan vil

vera Torv til Tugt og Age. Difyre er det ei stor

Heppa aa vera uppfostrad i ei Grend, som elskar

gode Seder og alltid vaktar seg, at der ikkje skal

verda nokot Atterfall til Villskap og Vyrdløysa.

Den største Fyremun, som Menneskja heve i Skapningen,

er soleides den, at ho med Hjelp av Tungemaalet

kann erva den Kunnskap og Røynsla, som Forfederne

hava havt, og at ho med sin eigen Tilgaaning

kann vinna seg eit Skyn paa den heile synlege Skapningen

og endaa ein Tanke um dei usynlege Ting.

Med sin medfødde Givnad til aa gledjast av alt, som

er fagert, kann ho alt finna rikleg Fagnad berre av

si Umsyn i sjølve Skaparverket; og med den Lærdom,

som ho erver etter sine Fyremenner, kann ho

ogso hava ei Vitring um Skaparen og dermed og ei

Rettleiding til aa styra sin eigen Hug og vakta seg

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!