19.11.2012 Views

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

268 Skrifter i Samling II

daa den Yvermunen framfyre Dyret, at han kann

reida og mengja sitt Matfang, so det verd langt

betre, en som Emnet var. Tilfanget til si Føda tek

han helst av Voksterriket, so som Korn og andre

Frukter; men dertil nøyter han ogso myket av Dyreriket,

som Fisk og Kjøt og Mjølk; og i denne Vegen

er det (som fyrr sagt) Klauvdyri, som han heve gjort

seg det meste Gagn av. Og attaat den daglege Føda

tarv han ogso Husvære og Klædnad; men i denne

Greini er det stor Skilnad, etter som Bustaden er

liggjande til. I den varmaste Jordbolken kunna Folk

hjelpa seg myket utan Klæde, og ikkje turva dei

nokot stort til Husvære helder, daa dei lett kunna

laga seg eit Tjeld av Huder elder Haarduk elder

Palmelauv og dilike Ting. I dei kaldare Jordbolkom

vil Folket derimot turva baade dugleg Klædnad og

tette Hus til Livd fyre Væta og Vetterkulden. Og

dermed fylgjer daa og, at det verd so myket større

Umsut og Umak fyre Upphaldet.

I si Busetning heve Menneskja sedvanlege skipat

seg so, at det vardt ein Bustad paa kvart Rom, som

var stort nog til aa giva Føda fyre ein Huslyd elder

fyre ei einskild Ætt, og at det ikkje vart større Fraalengd

fraa andre Bustader, en at Grannarne kunde

finnast nokot jamnan. Dermed heve det daa paa

kvar Stad vordet ei Bygd elder Grend med Folk,

som kjenna kvarandre og hava ymist Samkvæme

seg imillom. I eit slikt Samlag verd det jamt ei

Blanding av ungt og gamalt Folk, og Laget vil alltid

faa ymse Umskifte, av di at nokre falla fraa elder

døya, og andre koma til ved Fødsla og Uppvokster,

so at Laget veks paa den eine Sida og minkar paa

den andre. I eit Hundrad Aar kann det verda tvo,

tri elder endaa fleire Busetningar av ungt Folk paa

same Bustaden; og difyre hava kunnuge Folk reknat

tri Ættlekkjer elder Older 1 paa eit Hundrad Aar, so

1 Generationer.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!