Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet Skrifter i Samling Band 2 - Aasentunet

aasentunet.no
from aasentunet.no More from this publisher
19.11.2012 Views

266 Skrifter i Samling II um me endaa ikkje skyna det; og det er ein Ting, som me alltid kunna røyna, at di større Kunnskap me faa um Skapningen, di større Samhøve finna me i det heile, og di fleire Merke sjaa me paa den uransakelege Visdomen, som heve sett heile det store Verket i Gang. Dermed kunna me daa lata oss nøgja, og so skulde me elles vera glade ved, at Skaparen heve gjevet oss Vit og Skyn til aa hugnast ved all den Rikdom og Storleike og Vænleike, som viser seg fyre oss i det store Skaparverket. VI. UM MENNESKJA. I Samanheng med ei Umsyn i den livande Skapningen paa Jordi koma me sidstpaa til aa hugsa paa vaar eigi Ætt: Mannen elder Menneskja. (Etter gamalt Bruk taka me stundom baade desse Ordi i same Tyding). I Likams Skapnad er Mannen innreidd som eit Dyr; og difyre er det ogso ymse Kunnskapsmenner, som rekna honom saman med Spendyrom og setja honom næst ved Aporna, av di at det er det Slaget, som svipar mest paa Mannskapnaden. Ved fyrste Augsyni er det no ein Eigenskap ved Mannen, at han gjeng med Bulen beint uppreist, elder «stend paa den eine Enden», som me segja, og i det Laget er han mest lik Fuglom; men i andre Maatar heve han den same Innreiden som Spendyri, og difyre er det og so, at det er desse Dyri, som me skyna best, og det er ogso dei, som skyna oss best, so at endaa sume av deim kunna venja seg til aa lyda oss og halda seg til vaar Heimstad. I ymse Høve kunna Dyri berga seg lettare en Mannen; dei hava sterkare Hud med full Haarvokster; dei hava gløgg Syn og Høyrsla, og mange av deim era riklege utreidde med Styrke og med gode Verjor, medan Mannen berre heve Henderna til aa hjelpa seg med. Men so heve han daa den Fyremunen, at Henderna hans era so vel lagade, at han dermed kann gjera

Skrifter i Samling II seg Verjor etter si eigi Torv og laga deim so, som han best likar. Og dertil heve han daa og fenget mange større Gaavor, som visa seg best i Uppvokstren og i Samlivet med annat Folk, som me sidan skulo nemna. Med sjølve Livet og den likamlege Framvokstren er det nokot lika eins i Mann-ætti som i den andre Livskapningen, at det einskilde Livende kjem til Verdi med ei Fødsla og veks og sterknar i fyrste Bilet, men derimot veiknar og dovnar av imot Enden. Mann-ætti skil seg i tvau Kyn, som er Mann og Kvinna, og jamnaste er det so tilskipat, at der i den store Hopen er mest lika mange av kvart Slag. I beste Aldren heve baade Mann og Kvinna ein medskapad Hug til aa liva saman med ein Make, og den rette Samlivnaden er daa, at kvar skal hava sin Make fyre Livstid; for der vil spyrjast um eit godt Samhelde og Tolmøde til aa fostra det tilveksande Avkjømet. Det nyfødde Fostret er alltid so veikt og hjelpelaust, at det aldri kunde liva utan Røkt og Varetekt; og sidan gjeng det og so seint med Uppvokstren, at det verd mange Aar, fyrr en Ungmennet kjem til sin fulle Førleike. Ein fullkomen Mannsalder kann vera reknad umkring som til 80 Aar; men det er ein stor Hop, som ikkje naar so langt fram, av di der er so mange Tilfelle med Sjukdomar og Uheppor, som gjera Livet stuttare. Og um Mannen endaa naar fram til ein skapleg Alder, so er det daa ikkje so mange Aar, at han er i sitt fullkomne Stand; for den fyrste Fjordeparten av Alderen er jamnaste berre ein Uppvokster og ei Tilbuning til det fullkomne Livet. Men naar me hugsa paa alt det, som Mannen kann læra, so maa me segja, at det er godt, at han heve so mange Læredagar. Til Upphald fyre Livet heve Mannen den same Torvi som andre Livskapningar, at han alltid maa hava nokot til Føda elder Mat; og dermed heve han 267

Skrifter i Samling II

seg Verjor etter si eigi Torv og laga deim so, som

han best likar. Og dertil heve han daa og fenget

mange større Gaavor, som visa seg best i Uppvokstren

og i Samlivet med annat Folk, som me sidan

skulo nemna.

Med sjølve Livet og den likamlege Framvokstren

er det nokot lika eins i Mann-ætti som i den andre

Livskapningen, at det einskilde Livende kjem til

Verdi med ei Fødsla og veks og sterknar i fyrste

Bilet, men derimot veiknar og dovnar av imot Enden.

Mann-ætti skil seg i tvau Kyn, som er Mann og

Kvinna, og jamnaste er det so tilskipat, at der i den

store Hopen er mest lika mange av kvart Slag. I

beste Aldren heve baade Mann og Kvinna ein medskapad

Hug til aa liva saman med ein Make, og

den rette Samlivnaden er daa, at kvar skal hava sin

Make fyre Livstid; for der vil spyrjast um eit godt

Samhelde og Tolmøde til aa fostra det tilveksande

Avkjømet. Det nyfødde Fostret er alltid so veikt og

hjelpelaust, at det aldri kunde liva utan Røkt og

Varetekt; og sidan gjeng det og so seint med Uppvokstren,

at det verd mange Aar, fyrr en Ungmennet

kjem til sin fulle Førleike. Ein fullkomen Mannsalder

kann vera reknad umkring som til 80 Aar; men det

er ein stor Hop, som ikkje naar so langt fram, av

di der er so mange Tilfelle med Sjukdomar og Uheppor,

som gjera Livet stuttare. Og um Mannen endaa

naar fram til ein skapleg Alder, so er det daa ikkje

so mange Aar, at han er i sitt fullkomne Stand; for

den fyrste Fjordeparten av Alderen er jamnaste berre

ein Uppvokster og ei Tilbuning til det fullkomne

Livet. Men naar me hugsa paa alt det, som Mannen

kann læra, so maa me segja, at det er godt, at han

heve so mange Læredagar.

Til Upphald fyre Livet heve Mannen den same

Torvi som andre Livskapningar, at han alltid maa

hava nokot til Føda elder Mat; og dermed heve han

267

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!